måndag, oktober 31, 2005

Drusa får leva

No er det bestemt. Me kan ikkje slakta Drusa no når det berre er 4 mnd att til ho skal kalva. Nei, no får ho berre leva. Ho produserer rundt 9 liter mjølk til dagen. Legg på seg litt og held pelsen ganske bustete. Hovudet til Drusa er ikkje særleg fint. Slikt er ikkje fint å seia om andre, men sidan Drusa ikkje kan lesa og aldri får vita dette, har ho ikkje vondt av det. Haka (håko) til Drusa er framleis stor. Kåre trur at det er ein svodlabolle der, men meiner at alle har det best med at me ikkje rører han. Og Drusa har det godt. Ho tenkjer ikkje på svodl eller herråda. Ho ligg mykje og kviler og hjortar. Og når dei fleste andre går til forbrettet og et silo, ligg ho litt til før ho ris opp og ruslar i forautomaten og deretter i roboten. Viss ho er heldig så er der ledig då. Etterpå går ho til forbrettet.
Veren er eit kapittel for seg. No er han komen til gards. Eg hadde sagt det til sauene før i dag, men dei vart veldig forskrekka likevel då han kom. Bakpå traktortilhengaren i fanget til Torstein. Jau, dei vart forstyrra. Han var åleiden, det tykte alle unntatt Synnøve. No går dei oppi Bakken og leskar seg på gras. 6 kvite dottar.
Elles er det vårlege tilstandar i hagen. Eg renska fleire bed (for ugras) i dag etter eg hadde teke opp skaugumknollane. Kaprifolane måtte berre klyppast ned og dragast vekk, på bålet. Dei hadde stormen rive ned og knekt. Bossi og Nuskitusk var med. Nuskitusk ville sitja oppi buskene når eg drog dei vekk, men det vart for skræmande. Ho flykta.
Ingvil kom heim med ein del gode, norrøne ordtak frå Tryggheim. Me hadde dei som programpost sist måndag då me feira onkel Yngve sin 70 årsdag. Og så gamle (og norrøne) som me er, klarde me omsetja alle til brukande norsk. Dagens ordtak: Ilt er at fljuga fjadarlauss.

Spørsmålet vert då: Kva tyder dagens ordtak?
Viss du har svar på det får du eitt til.
Sárt bitr soltin lús. (à vert lese ao)

laurdag, oktober 29, 2005

Turre tal

Skaparen av tunheimsbloggen spør etter turre tal. Dei kan nok verta knuskturre for mange, og av liten interesse. Her kjem nokre:

Kolossøsa, alias 856 Bromma, kalva for 11 mnd. sidan. Sidan det har ho mjølka 13.018 liter med EKM ca. 14.300. Tala for 2005 vert noko annleis. Men ut frå ytelsen i dag og kva tid ho skal sinast, ser det ut til å verta 12.300 med EKM 13.600.

Boggskaparen vil og ha andre tal. Dei kan verta vel skrøytande og lite interessante. Men her kjem nokre; antal liter og EKM siste 7 dagars gjennomsnitt:

340 Hanna 26,7 - 46,3
299 Evy 30,0 - 38,1
364 Idun 24,7 - 34,3
315 Frøydis 22,7 - 34,2
383 Juliane 22,0 - 34,2
374 Janna 22,1 - 33,3
388 Jelena 28,9 - 33,2
--- og så vidare. Dei tre siste er kviger. Jelena er så nykalva at me ikkje har tørrstoffmålingar på den, og dermed vert og EKM berre stipulering, og sikkert ikkje rett. Men dei to siste kvigene som kalv: 387 Jannicke og 388 Jelena mjølkar mykje. Helst litt for mykje etter størrelsen på kroppen deira. Mange kilo fett er allrede brent av for å produsera dråpane. Dei er snart tynne nok. 13 kyr har over 30 kg EKM, og alle utanon 283 Drusa har over 20 kg EKM.

Drusa skal snart få ferie, og ho slit jo med ettervirkningane av huggormangrepet i sommar. Men det går vel mot at ho får leva og får kalva ein kalv til. Det er jo ikkje så gildt å kvitta seg med den som bloggen er oppkalla etter.

18 kviger og gjeldkyr går framleis oppi bakkane på beite. Det er mykje friskt gras ennå. Men det er så fuktig på marka nå, at ein må vurdera dag for dag kor lenge dei skal få vera ute. I stormen natt til tysdag hadde grinda til naboen blese opp. Dette fann sjølvagt ungbølingen ut. Her var nytt land å innta. Det er gildt. Bonden visste ikkje noko om det før det kom telefon frå naboen: "Hagen er full av kviger", var meldinga. Då kan de tru dei hypsa seg. Kjekt å få slike spor i plenen!!!! I slike situasjonar gjeld det om å sjå det komiske. Tenkjer på "han innante" som beskriv lyden av kyss som "når ei ku dreg foten or eit sorpehål".

Elles sviv det godt. Alle kyrne passar på at jura vert tømde. Siloen er opna, og dei får ei blanding av siloballar og silo frå kummen. Me tek ein ny offensiv med tanke på å få kalv i kyrne att. Inseminerte to i går, og ei i dag. Tre av dei seks kvigene som står inne er nå inseminerte. Dei har roa seg, og finn seg vel til rette.

Spørsmåla i dag er:

Kva tydet ordet LAKTASJON?
- og ein repitisjon: Kva tydet EKM?

Ei god helg til alle, helsing frå bonden på Tunei.

onsdag, oktober 26, 2005

Bossi, Nuskitusk og dei andre

Bossi har hatt ei spesiell tid, travel og hektisk. For å seia det på vossamaol, så har ho vore på rakkodeis. Det er hormona som har styrt Bossi no ei stund. Eg trudde me her i huset hadde ein avtale om at Bossi skulle ha ei sprøyta med eit eller anna to gonger i året. Men slikt er ikkje så lett å hugsa på før tida er der og me ser at det hadde me gløymt. Kavaleren har vore her sidan fredag, natt og dag, i all slags ver. Storm, endå til. Sjølv om Bossi gjev tydelege signal på at ho bryr seg ikkje om han lenger. Men i dag vart han henta, heim til Helland. Så får me sjå etter kvart.
Det var Bossi. Men kven er Nuskitusk? Jau, ho er ein katt, ei bitte lita kjetta. Dotter til Olivia, men med skogakattpels og smale, pikante pusselankar. Tok ho med inn på bakevekta ein dag. Fekk akkurat plass oppi. Jau, ho er over 500 g! Så veit me det. Nuskitusk er lite redd. Ho likar å vera med meg å sjodna. Då tuslar ho rundt og mellom føtene mine og plutseleg set ho seg ned utan å tenkja på at eg kunne trakka på henne og kva det kunne føra til. Men det går godt. Når ho vert lei av å tusla rundt, hoppar ho opp på skrivehydla. Der sit ho og gjer seg nusseleg til me må stryka henne litt over pelsen.
Dei andre er mange. Seks av dei har no kome i hus. Etter stormen. No må dei inn, sa me. Og alle vart så glade. Dei et og et på silo. Og legg seg fint inn til kvarandre på liggjepallen og ligg og hjortar og blurrar med augo. Du så godt å få dei i hus. Og sleppa å vakna om nettene og tenkja på at dei er ute i all slags ver og vind.
Men Tilde og gjengen er ute. Igår hadde dei funne ei opa grind og rusla over til naboen. Men der kunne dei ikkje vera. Tilde skulle ha vore inne, ho har så lite pels, i motsetning til venninna Trine som ser ut til å slekta på moskus. Jau, dei skal inn snart. Me har laga "kart" og funne plass til alle. God plass til og med. Men me er no løygne òg. Det kjekkaste me veit om våren er å få opna dørene og sleppa dyra ut. Når hausten kjem er det sååå kjekt å få dyra i hus att. Då luktar det så godt og så er det så koseleg. Kjekt å få gje dei godt med mat. Heilt til me begynnar å gle oss til våren att og det vert godt å få ungdyra ut. Ja, slik er det visst berre. Forandring fryder, heiter det visst.
Når det gjeld produksjonen i tal over let eg det til andre. Ein av realistane hjå oss. Veit berre at Jelena no nærmar seg 30 l. Ho er omgjengeleg og grei, men mjølka tek me til kalvane. Har mistanke om at innhaldet ikkje er så "sterkt".
No er det leggjetid for budeier og andre. God natt!

onsdag, oktober 19, 2005

Ein liten ven

Eg skulle berre bort i floren og sjå etter at alt fungerte. Det gjorde det. Morgonane er kalde no. Det er hela og rimet heng i til langt utpå føremiddagen der sola ikkje kjem til. Men du så fint det er og så godt at alle ungdyra kan vera ute ei stund til. Men kaldt som sagt. Kanskje det var difor vesle kjøtmeisen hadde kome inn i sluså. Kanskje hadde han sete og vippa på glaskarmen og så vorte var den gode lune trekkjen oppunder stjerten. Ikkje veit eg, inn var han i alle fall komen. Å koma seg ut att var verre. Vel er det godt med varme, men må ein vera i fengsel for å ha det varmt, då - . Betre med fridom enn varme, tenkte vesle Konrad for det var det namnet han fekk. Og gut var han. Det trudde både han og eg. Etter ein del fortvila forsøk på å koma seg ut den stengde døra, gjekk han med på å setja seg i handa mi. Du så fin han var. hjarta pikka som berre det. Klørne ville berre krølla seg. Eg trudde han kunne vera skada, men kanskje klør kan krølla seg av berre skrekk? Ikkje veit eg, men Konrad festa grepet rundt veslefingen min, og der ville han vera. Me gjekk ut, men han ville ikkje reisa. Då gjekk me inn i vasken og fann vatn. Det var godt. Ville ha meir. Ut igjen, men nei. Då gjekk me inn og såg på kyrne og prøvde om kraftfor var bra. Det var det ikkje. Eg var redd Konrad ikje kunne fyka, men det kunne han. Tredje gongen me let opp døra, vips, der for Konrad. Opp og sette seg på oppkøyringa. Takk for praten, sa eg og lukka på reisa. Same til deg, nikka Konrad. Han måtte summa seg litt før han bestemte seg for kva han no skulle finna på. Og det var lurt, tenkte budeia. Ha ein fin dag du og!

søndag, oktober 16, 2005

Kryss og hasar

Vanskelege valg.

Av og til kan livet vera fullt av valg, og valga kan ha store eller små konsekvensar. Ikkje alltid er det gildt å innrømma at dei valg ein tek, kan vera årsak til situasjonar ein gjerne skulle vore utan.
Dei valga eg her skal skriva om, får sikkert ikkje nokon store uheldige konsekvensar, håpar eg.
I går selde me tre kyr til Hjelmelandskanten. Det var 335 Helga, 363 Ingrid og 386 Jutta.
Helga er så fin, men ho gjer litt lite av seg. Stikk seg aldri fram og seier: Sjå opp, for her kjem eg! Nei, ho passar på å vera usynleg, for då er det ikkje nokon som plent skal mobba. Me tenkte på å ta Helga med til Seljord på Dyrsku´n i haust. Det vart ikkje. Men nå kan dei kanskje ta ho med på utstilling, dei nye eigarane.
Ingrid er ei sopande mjølkeku. Ho er grei, mjølkar godt og har ei god mjølkekurve. Men bakspenane står litt nær kvarandre, slik at roboten har av og til vanskeleg for å skilja dei to, og set på feil spene først. Då vert det vanskeleg å finna den andre. Nå er Ingrid reist over Boknafjorden, og det var trist. Ho var så tillitsfull og lika så godt når eg heldt hovudet i armane og klødde ho. Og ein ting til,- ho har mørkeraud farge på pelsen sin. Det er nokså uvanleg på jersey, og derfor kjekt å ha.
Jutta er ei kvige som kalva for 1 mnd. sidan. Ho var litt sparkete av seg like etter kalving. Men som så ofte: Det har gått seg til. Ho er grå, og har eit sånt fint ansikt. Ho såg så tillitfull på meg når eg var i fjoset. Ei ku å verta glad i. Ja, eg er nå glad i alle, eg. Alle har sitt særpreg, og ingen vil eg mista. Det er likevel litt lettare å senda dei avgårde når ein veit at dei skal ha eit godt liv der dei kjem.
Mens bilen som skulle henta desse tre var her, og me leia dei ombord, heldt 299 Evy på å kalva. Og Eva vil helst kalva i ved ein bekk. For tre år sidan datt den nyfødde kalven hennar ned i bekken. Kalven lår og strekkte hals for å unngå å drukna då me fann han, eller skal me seia ho. For det var ein kossekalv, og den fekk navnet Ivonn sidan ho vart funnen i vann. Og nå- etter dei tre var sende av gårde, hadde Evy kalva. Ein svær oksekalv. Men eit eller anna uheldig gjorde at kalven var livlaus. Og eg såg at det var liv i han berre 15 - 20 minutt tidlegare, før han var komen ut. Valget denne gongen falt på opplessinga av kyrne i staden for å passa på den som kalva.
Men i dag kalva 366 Isabella. Det gjekk godt. Ho ordna seg sjølv ute på "kjelvå". Ein svær oksekalv dette og. Frisk som ein fisk.
388 Jelena har me skrive om før. Ho er litt slem. Vil ikkje inn i roboten. Så me har ein val: Skal me slakta henne? Skal me prøva å selja til ein med båsfjos? Eller skal me rekna med at dette også går seg til. Me får sjå.

Dagens spørsmål: Kva tyder ordet "mjølkekurve", og kva tyder ordet "kjelvå"?

tysdag, oktober 11, 2005

Borte kan vera bra

Det er fint i Nord Norge! Aller finast når det er fint ver, sjølvsagt. Men eg trur det kan vera fint å vera ein stad sjølv om det er mykje ruskje ver! Det som betyr mest er at det er "fine" folk å vera i lag med. Med "fine", meiner eg då at dei viser interesse for deg og vil ha deg med i laget, og bryr seg. Og slike folk er det i NN og. Me hadde fine dagar i lag med Lars og fekk helsa på gode vener og kjensfolk og mange fine ( nye for oss)ungdommar.
Då flyet sette snuten sørover etter tre/ fire dagar heimefrå, kjende bonden ( spesielt) og budeia at dei lengta litt heim, dei lengta etter kyene! For kyr var det lite av i NN.
Heime her hadde livet gått si vanlege gang. Jelena hadde kalva og Gina var inseminert. Jau, det gjekk visst greitt med Jelena. Med litt bedøving. No kjem ho i roboten og vert mjølka og Veslejelena, dottera (har ikkje fått namn, skal ikkje ha namn på L for ho har kjøttfefar) er stor og svart med kvit haletipp. Ho treng namn, altså!
Tilde og Trine er komne inn i gamle floren på avgjelding. Ikkje begeistra over høy og halm. Men det går over!
I dag skal kvigene heim frå kjelva ved plantene. Dei minste som skal ins. seinare skal opp i Bakken og beita vidare. Dei største må inn og "kjennast i". Viss dei er tome, vert dei ståande inne. Slik er det.
Det bles godt på Jæren i dag, sikkert minst 10 høner på sjøen. Men sola skin og varmegradene fer til værs, så kva er naudå då?! (Einast synd for hønene, viss ikkje dei vert fanga opp!)Ha ein "fin" dag!

Oppgåve: Finn eige namn til Veslejelena. Nok med eit forslag.

tysdag, oktober 04, 2005

Fred på jorda

Irene kalva i dag tidleg. Dei mest ivrige blogglesarane hugsar kanskje at ho vart nemnd i ein tidlegare blog. Med førebokstaven I skulle ho ha kalva fyrste kalven i fjor. Då kasta ho etter beiteslepp. I dag kom altså fyrste drallen. Noko eigentleg dralle var han eigentleg ikkje. Likevel heise nok å få han ut. "Gubben og Gamla" sleit og sleit utan at det "gnatt". Då føreslo Kåre at han skulle slita med begge kjettingane medan eg prøvde å opna litt i "utgangen" og pressa på skolten. Og plupp, der kom han. Men Irene vart ikkje skikkelg glad. Ho var så "yvegåvæ" på alt i hop. Men no har begge det godt. Drallen fekk ein god sup med seig flott råmjølk med litt E- vitamin oppi. Og Irene har greitt seg og ligg og kviler ut.
Den neste som skal til pers er Jelena. Ho er stor. Kryssing med Holstein/ NRF/ og Jersey. Diverre oppdaga eg i går at skinnet på spenane var begynt å flassa. Der kan verta "jet og basuka" for avløysaren! Då er det rimeleg at Gubben og Gamla reiste til NordNorge. Den stor tverrbøylen skal i allle fall på plass før me reiser. Så seier me lukka til og minner om at Agro har ei naudslaktordning! Men det er det ikkje berre kjekt å tenkja på for Jelena er ei koseleg kvige - -.
Ha ein nydeleg haustdag alle blogglesarar. Og gjer som Tilde: Ho låg og hjorta med hovudet fram og opp, øyrna hekk litt ned bakover og augo nesten attlatne. Har du det godt no? spurde eg. Ja, no er det fred på jorda, sa ho. Ikkje løye du har det godt, tenkte eg, som ikkje ser og høyrer nyhende. Men kanskje presenterer Tilde ein liten (stor)løyndom?!. Av og til kan det vera lurt å lukka verden ute for ei stund og kosa seg litt i sin eigen, når den er god.

Helsing budeia!

Spørsmål: Kva tyder det at Irene hadde greitt seg?

Spørsmål to: Kva heiter "yvegåvæ" på din dialekt?