onsdag, mars 05, 2008

Stygge fuglar.

Livet går vidare på Tunheim. Me har kome litt utav det med blogging. Men ei oppleving i går var av ein slik karakter at det kan ha interesse.
Sauene går på beite på "Bakken". Dei er lette å fylgja med, og eg tel dei mange gonger kvar dag for å sjå at dei er i beste velgåande.
Så i går kunne eg ikkje sjå at alle var samla, og tok turen opp til dei. Svanhild mangla. Det var litt sporsnø, så eg gjekk etter spora, og fann Svanhild. Ho låg på rygg. Det hender sauene vert liggjande på rygg, og då kjem dei seg ikkje opp på beina.
Då eg kom fram til henne, såg eg at det hadde vore fuglar og pikka hol i skinnet i svangane. Heldigvis var det ikkje hol inn til bukhola. Eg hjelpte Svanhild på beina. Ho var litt omtåka, men etterkvart klarna det for henne. Seinare tok me henne heim, og sydde igjen opningen i skinnet, og gav antibiotika.
Slikt kallar eg stygge fuglar. Tenk, dei går til angrep på levande, hjelpelause vesen, som ligg nede. Slik er det med folk óg av og til. Endå godt at augene ikkje vart pikka ut. Ofte er det dei som vert tekne først.

Elles har me teke farvel med 5 kyr og ei kvige. -Gamle kyr som måtte ut or produksjonen nå. Det er harde tak når ein må senda dei som ein har eit forhold til. Men alt kan ikkje leva alltid. Nye, koselege kviger har kalva i det siste; 426 Linnros, 427 Marlén, 428 Miss og 429 Maren. Alle er snille og tillitsfulle. Dei mjølkar godt òg. Dei hadde me lært opp til å gå inn i roboten og få mjøl før dei kalva, og då går alt så lett når dei skal mjølkast inni der.
Neste hovudpost i gardsdrifta er å klyppa sauene. Det har me planar om neste veke. Elles er det noko som minnar om vår nokre få timar om gongen. Elles er det haust og vinter om einannan. Men det lysnar for kvar dag, og det gir litt optimisme.

Helsing bonden.