onsdag, februar 24, 2010

Kjøtdrallo

Kjøtdrallo

Dette er kalven til Trine. Ho er kyrkalv, men faren er av kjøtrase så ho kjem utanom namnesystemet vårt og difor vart ho heitande Kjøtdrallo. Ho er sikkert 3 gonger så tung som Pamfylia, men dei er gode vener og namnet skjemmer ingen, ser det ut til. Kanskje du legg merke til at ho har eit heilt anna nummer òg, ho har stutanummer. Ho skal i alle fall ha det godt så lenge ho er her. Og om ho er stor, så er ho lita inni seg og set pris på litt omsorg, som når budeia set seg ned på strøbytto og kalvane kjem for å verta klødde, då vert ho heilt bedøvd når eg klør frå bringkodl og oppover under halsen......! Og Trine mjølkar som aldri før. Det er litt løye, men det ser ut for at når dei føder ein kalv, halv kjøtrase då mjølkar dei meir. Men Kjøtdrallo får sin del i lag med dei andre på mjølkebaren. Den fyrste månaden fekk ho 3 liter og dein andre 2. No får dei likt. Kraftforet gjer susen...

Fleire namn


Pentago


Potentilla



Ikkje lett å finna bortimot 20 kyranamn på Q. Då måtte alternativet vera at me tok talorda til hjelp, Q1, Q2, osv... Eller andre gode forslag? Me har hoppa over qen.
Både Litago og Tilde fekk kyrkalvar i fjor, i nov/des og då vart dei heitande Pentago og Potentilla.
Det går bra. Me har vore litt i tvil om me heller skulle bruka Plentago, i motsetning til Litago, men no held me fast på det fyrste.

tysdag, februar 23, 2010

Fine namn

Pamfylia er dotter til Marte. Litt lita, men frisk og fin.

Priskilla
Som ein del av blogglesarane våre veit, finn me namn på kvigekalvane våre alfabetisk, ny bokstav for kvart år. No er me komne til R, og har fenge Ronja og Rosalinn. Me har fenge to oksekalvar òg, og sidan det ser ut til at dei får leva, har dei òg fenge namn, Rudolf og Reidar. I fjor fekk me så pass mange kvigekalvar at me sleit med å finna namn på P. Me var inne og fekk litt hjelp på nettet, på namneleksikon, men det var mange namn som me totte var litt inkjevetta. Men me klarde finna namn som me er godt nøgde med, og dei som ber dei er ikkje vanskelege. Priskilla er dotter til Keyline Queen med nr 400.
Rosalinn har nr 499, så no ventar me nr. 500 i månadsskiftet, Natalia og Hege skal kalva då. Då må me ha eit fint namn, gjerne med queen i tillegg. Har du eit forslag? Namnet skal referera litt til mora sitt namn, med minst ein bokstav, då er det lettare å hugsa kven ho er dotter til.

fredag, februar 19, 2010

Småpusane


Småpusane vart fødde seint på året i fjor og fekk ein vanskeleg start. Dei var fira, no er dei berre to. Den eine strauk med nokså fort. Trur Olivia hadde for lite mjølk til dei, og for lite ansvar for dei. Ho kan nok skulda på dårleg hormonproduksjon så seint på hausten, i tillegg til at det var for kaldt for dei i kjellaren. Den andre fôr for ein månad sidan. Ho hadde vorte att i strørommet då eg gjekk inn. Eg prøvde å få henne ut då eg henta mjølk, men det stod ikkje til. Om morgonen då eg skulle finna surmjølk til kalvane, såg eg noko som låg og flaut oppi tønna og trudde fyrst det var ei huva som hadde dotte oppi. Då såg eg kva det var og vart ganske dårleg. Loket var ikkje på tunna, og så hadde vesle katten kome seg opp på den andra tunno og sete og strekt seg for å smaka på kalvamjølka. -Så kan me tenkja oss resten. Eg orkar ikkje tenkja på det meir. ..
No har me att to, altså , to hankattar, ein heilt grå og ein som er lik mora, begge med skipsføter. Dei har ikkje fenge namn enno, så me treng tips!
I går var dei med meg på låven. Dei kom då eg var ferdig med kappsaga, dei er litt lure slik. Dei kom fira, Sopus og Bøgvald var òg med. Det er kjekt å ha kattungar med seg når ein arbeider. Dei finn alltid noko løye og noko å leika med. Eg lødde ved og dei dreiv med sitt. Etterpå tok eg fatt på halmen, den skulle i sekkje og der var det mykje for dei å gjera. Det levde alle stader og dei for som vindar hit og dit, berre så det skraoma i halmen. Sopus var delvis med på leiken. Eg såg han koste sg. Bøgvald hadde lyst, det viste, og han gjorde nokre byks før han fann seg ein plasss der han sat og hadde kontrollen.
Olivia var ikkje heime i går. Eg gjekk og såg etter henne fleire gonger. Då me kom ut i floren i firetida, var ho komen. Eg såg straks at det var noko gale, ho var skamfaren i munnen. Soglet rann, og ho skalv og smatta heile tida. Viste ingen ting elles på kroppen. I dag såg det betre ut. Ho hadde reinska seg opp og var i matfatet. Kjende eg vart redd for henne. Ho har vore lite på vegen, men det var nok der ho hadde vore i går.
Då eg gjekk inn or floren i dag tidleg var dei mange i farmorstolen. Bøgvald er stor og svær no og varmar godt for dei som ligg attmed han. Trur eg såg fem håve som kikka på meg. Og småpusane hadde på "motoren", med flott høg koselyd. Då ligg det godt an!
Ha det godt der du er, og god helg!
Og kom med nameforslag!

tysdag, februar 16, 2010















Rundt og oppi matfatet. Slik gjekk det.

Fotografering

Dette skulle eg eigentleg ha skrive før eg skreiv om Olivia, for dette er som ei innleiing til presentasjonen. No kjem det altså. Eg rusta meg ut med fotografiapparatet mitt, eit lite, nusseleg eitt som ikkje skulle vekkja så mykje åtgaum, tenkte eg. Det var kattane eg ville "ta av". Eg ser dei i så mange koselege "modus" når eg går der og sjodnar, og tenkjer ofte at no skulle eg ha hatt apparatet med! Sist onsdag hadde eg det altså med meg. Dei fyrste eg møtte var juniorane (utan namn). Dei sat rett utforbi dørholet og var berre heilt "perfekte". Men før eg fekk klikka dei av, var gråpusen på beina. Så var det Bøgvald. Han sat så stor og rund på gamle kjøkkenbenken og såg reint herskapeleg ut. No, tenkte eg. Men trur du`kje der var han på beina og steig avgarde. Olivia sat i troppa til låven så fredeleg og flott og såg på meg, men då dette auga såg på henne, der smalna augo til og ho berre såvidt glirde litt mot meg.. Og der sa eg det. Auga. Akkurat. Då kom eg på det. At kattar og andre dyr opplever det ubehageleg når nokon ser eller stirer på dei, og vil helst koma seg vekk. Var det difor det var så vanskelg? Eg trur det. Men me fekk no fleire fine bilete og. Eg prøvde med eit familiebilete. Tenkte det var lurt å samla dei rundt matfatet. Men det var ikkje lett det heller. Då enda minst eitt medlem oppi matfatet.
Eg tenkte ho skulle fått ein jobb ho på fame-fotografane om ho skulle ha "teke av" denne firbeinte familien som likar så lite å verta beglodde. Kanskje ho hadde kome på noko lurt slik ho gjer med tobeinte? Enn om å setja fram ein liten monitor og surra film om myser som pilte att og fram? Skulle ha vore løye og prøvt .....

søndag, februar 14, 2010

Ein liten presentasjonsrunde av dei som held hus i floren vår

Olivia
Olivia er "the grand old lady" og stammor til dei andre kattane her på garden. Ho er faktisk begynt å dra på åra. No til våren er det 10 år sidan ho kom til oss frå det blide sørland. Ho og broren Skipperen vart frakta i personbil i 4 timar hit til Jæren. Fyrste timen var temmeleg traumatisk både for dei og for sjåfør og passasjer.
Skipperen var ein flott kar, men vart sjuk etter berre eitt år og strauk med. Både han og Olivia var skipskattar. Dvs. at dei har minst ei klo meir på kvar fot enn andre kattar. Men det som er det beste med Olivia det er måten ho taklar livet på, for det har slett ikkje gått på skinner for henne heller." Det går seg til", seier ho, når det krælar av eigne og andre sine ungar som skal ha ein sup, - og det har gått seg til, litt etter litt.
Så lenge det var hund her på garden såg me at ho hadde sin måte å takla det på. Ho brukte ikkje "klo og fres- metoden" som mange andre, men bukta seg bortåt hunden og let som alt var vel. Berre eit litt observant auga kunne sjå at heilt trygg var ho ikkje. Her om dagen høyrde eg litt oppstandelse frå brunnhuset der kattane held til. Då eg såg ut, for det ein hund på sjølstyr og snusa rundt i tunet. Alarmen hadde sikkert gått i brunnhuset og alle kattane heldt seg inne. Berre Bøgvald stakk hovudet ut i holet for å sjå korleis situasjonen låg an. Olivia hadde plassert seg i glaskarmen, litt intens i blikket, og var ikkje rygghåra litt stivare enn dei plar vera? Trur det. Heldigvis etter nokre rundar fòr inntrengjaren sin veg, og signalet gjekk: Faren over!
Så senka freden seg atter i gamla brunnhuset og Olivia hoppa ned or glaskarmen, tok einn lett vask og krølla seg ihop på soveputa. Det laga seg no òg, tenkte ho og tok seg ein dupp.

laurdag, februar 13, 2010

Det er ikje fint å hyva mat

TILDE må altså gå med grima med kjettingar på. Ho har nemleg den uvanen at ho slengjer og delvis hyve maten i veret før ho finn seg ei togga som ho tygg og svel. Det fører til at det viser godt kvar Tilde har stende ved forbrettet for der ligg det mykje godt silofor i renno i lag med mýkjæ. Dette foret tvirlar seg så fast i skinnene der skrapene skal gå og alt stoppar opp. Det er veldig trøyttande. Etter at ho fekk kjettingane på som gjev henne ein kraftig smikk på munnen kvar gong ho hyve så har det vorte mindre av det.
Tilde er bestevenninne med Trine. Dei er jamgamle og har vokse opp i lag. Ofte kan dei stå og sleikja kvarandre og kosa seg. Det er kjekt å sjå. Og rett som det er ser me dei har lagt seg på liggjebåsar attmed kavandre og ligg og jortar.
Eg kan seia mykje fint om Tilde. Ho er veldig snill, ho er fin (1. premie på Seljord på 4. kalven), mjølkar godt (litt lite innhald fyrst i laktasjonen, men..), ho har god sjøltillit, men utnyttar det ikkje med å vera ufin med dei som er lenger nede på rangstigen. Eigentleg syns eg litt synd i Tilde som må gå med kjettinggrima. Ho er den einaste. Trøysta er at når våren kjem og med den beitetida då får Tilde sleppa grimo! Ikkje løye me gler oss til våren!
Men det er stygt å hyva mat! Det er det mange folk som gjer òg. Skal tru det hadde hjelpt om dei fekk ein smikk kvar gong? Men det hadde vel ikkje nytta med grima, likavel...
God helg og god fastelavnssundag!

Etiketter:

torsdag, februar 11, 2010

Matglede

Eit oversiktsbilete
Her er mange koselege fjes og refleksen på plass, ser me.
Gleda er stor når silo står på menyen. Då er alle mann på dekk.
Men det var eitkvart i enden av forbrettet som stal merksemd, noko ho i andre enden nytta til å visa seg fram: Eg har LANG hals!
Budeia har altså vore ute og teke bilete av fleire aktører i floren og har planar om ein presentasjon, litt etterkvart.. Hadde eigentleg tenkt å begynna med kattane.., men no får me sjå. Det er dette tekniske òg med å få lagt bileta inn på bloggen...No hadde eg litt assistanse i dag, så det spørst korleis det går når eg skal gjera det åleine. Eg skal i alle fall prøva.
Dagens spørsmål:
1. Kva er det med den fyrste kyra til høgre? Kva og kvifor? Og namn?
2. Kan du sjå kyr som ikkje er heilt typiske jersey?
Ha ein fin dag!

Etiketter: