tysdag, november 14, 2006

Nokon kjem og nokon går.

Meir og meir haust, men ennå lite frost.
Det er ikkje berre enkelt å vera glad i dyr. Det er heller ikkje berre enkelt å vera glad i nokon. Saknet når dei er borte er tilnærma proporsjonalt med tilknytninga ein hadde. Tilknytninga ein har til dyr skal likevel ikkje samanliknast med banda som knytest menneske i mellom.
Likevel er det slik at når me på laurdag sende 8 kviger ut på langferd, så merkar ein at det vert tomt. Saman med nokre andre kviger vart dei frakta til Vestnes i Romsdal.
Har mange gonger gjort opp rekneskap etter salg av livdyr. Ein må velja ut feilfrie dyr: Gode føter. Jur utan skavankar. Gode å mjølka og ikkje skeivmjølka. Og rimeleg godt lynne. Altså dyr frå den beste enden. Det seier seg sjølv at ein må ikkje driva altfor mykje med livdyrsalg. Ein treng gode dyr å avla på sjølv også. Trøysta er at det er nye kviger som veks til, og som skal ta plassen etter dei gamle som skal byttast ut.
Bloggen vår er oppkalla etter Drusa. Som tidlegare omtala, er ho ikkje her lenger. Men me har to unge kyr etter henne. Det er 366 Isabella og 408 Krusill. Dei er snille. Berre snille. 406 Knøtt er dotter til Isabella. Ho reiste til Vestnes. På den måten er nokre av genene til Drusa i Romsdal.
Elles går livet med litt ulikt. På laurdag ver me to vaksne til Forsand i 60-årslag. Triveleg. I dag står Marta på farten på veg til England. Vert vekke til fredag. Så då får bonden prøva å stella også dei minste i fjoset. Måtte veka gå fort!

fredag, november 03, 2006

Basarkveld og meir

Det var basar for kapellet i gårkveld. Nesten fullt hus, song av Ekko, barnekoret og ein gjeng med karar frå frikyrkja m.fl. som kallar seg Freemen. Karane song ikkje som eit mannskor, dei berre gav på , full fres eller bånn gass av pur songarglede. Kan tru det var flott! Gamle gode songar frå tida 50 -til 70- åringane var ungdommar. Og det likar me å høyra. Det går innom og rører. Så der sat me og kosa oss.
På vaskerommet heime låg Bossi og sukka. Ho var ikkje i form. Kåre såg det då han kom inn or floren; då vann ho seg ikkje opp troppa til vaskerommet. Kald var ho og skalv. Stakkars Bossi, sa eg då eg kom heim, og fann eit varmt teppe og stappa rundt henne og heldt `ne godt i fanget mitt. Det var nett så ho kom seg litt. -Det hjelpte at du kom heim, sa ho. - Det var så fælt og liggja her åleine når alle gjekk på basar. Det forstår me. Då Kåre kom rigga han seg til med sprøyyta og dose for mjølkefeber. Og Bossi var tolmodig. Ho låg med hovudet godt inni fanget mitt og såg ikkje på kor han rota etter blodåra, berre rykta litt då han fann henne. I dag er ho oppe og ruslar og ventar på at naturen går sin gang. Om nokre dagar, kanskje, vert det ei løysing.
Olivia overraskar nok ein gong. No har ho halde ting heilt hemmeleg. Me har vel alle lese i vekeblad at det går an å få born utan å vita at ein er gravid. Olivia har nok visst det sjølv, men halde det hemmeleg for oss andre. Tenk, i går då me skulle ut og stedla på ettermiddagen låg der eit lite nysta i hundaputo i farmorstolen. Svart med kvite flekkjer, hokatt med skipsføter og eitt ope auga. Villmannen er forvist til høyet som ligg på forbrettet i gamlafjoset. Der sit han og kruksar. Og det er nok nødvendig elles er eg redd dråpane fer i han. Spenninga er no om det kan liggja fleire ungar ein stad. Som du forstår: Bondleivet er variert og spennande! God helg!

Har du forslag til namn på kattungen?