tysdag, september 09, 2008

Utstillingar

Ein fin sommar er over og me er på veg mot haust. Akkurat det kan vera ein overgang med litt smak av nedtur, men treng ikkje vera det. Enno er det nesten ljost om morgonen når bonden kjem seg over tunet og inn florsdøra, (budeia kjem litt etter),og mørkret kjem ikkje sigande før bortimot ni om kvelden. No er me straks i det belet då eg må innsjå at me går mot ei mørkare årstid, og måten eg, og sikkert mange med meg, taklar det på er å kveikja ljos, stearin altså, om kveldane når me er i stova. Då er kosen der, og me ser med ein gong meir positivt på alt.
Kyrne ser òg ut til å sjå det positiva i ei ny årstid. Godt å kunna vera meir inne når det regnar og bles og det er vått og surpe ute. Og rundballe gras er godt når graset ute tapar seg og misser den gode smaken. Men enno er mange dyr berre ute, småkviger på Nubbatoppen og dei større kvigene i marka.
Hausten er tida for utstilling, eller fesjå som det heiter. For nesten 2 veker sidan var me til Varhaug med 3 kyr. Det må me seia gjekk godt. Mayso, Marie og Liselotte fekk alle 1. premie og dei oppførte seg bra. Sist helg var det utstilling i Lyngdal for dei mest ivrige. Der var ikkje me. No til helga er det Seljord som står for tur. Marie skal vera med, og Tilde. Gamle ,gode Tilde som held seg så godt.
Så var det sauene. Dei minkar det på. LitleSven og fleire med han er vekke. Tenk den vetle kroppen på 1,6 kg då han var fødd, no var han 20kg og klassifisert til E-. Men den delen av drifta er i grunnen ikkje noko eg likar å snakka om. Tulla, Svanhild og Signe går åleine på Nubbatoppen og skal ha ferie. Så satsar me på ein fin haust, alle saman, kvar me enn er, om me går på fira eller to!