tysdag, mai 15, 2007

Olivia...o.a............

Me har venta lenge på at Olivia skulle fø. Det er alt fleire veker sidan ho var og romsterte i kleskapet på leit etter "seng". Men i går bar det til. I sjølve farmorstolen. Der hadde ho ordna seg ferdig då me kom i floren i 4 -tida. Der låg det 5 stk i ulike variantar når det gjeld kombinasjonar av kjønn, skipsføter og vanlege føter, svart og kvit og spraglete. Her var nemleg to farande fantar innom. Den spraglete kjem no og av og til. Det var overraskande at ho valde farmorstolen for sine små for der pleier både Bøgvald og Villmannen å liggja og. Villmannen låg oppå varmtvannstanken i går. Om han var forvist eller om han berre litt forsiktig trekte seg frå det som førgjekk i stolen er det ingen som veit. Men Bøgvald var på jakt. Truleg kom han att i natt, for i dagtidleg då me var ferdige i floren og på veg inn, jumpa Olivia ut av holet i døra med ein unge i munnen. Eg spurde om ho ville inn med dei og det var tydelegvis det ho ville - med fast peiling på vaskeromsdøra, vidare inn, opp troppa og der, i 2. etasjen i kleskåpet til Knut, der la ho ungen. Etter å ha roa den med ein liten sup, var ho klar for neste tur. Heldigvis fekk ho hjelp av ei hand som tok dei resterande fira i ein gong. No ligg Olivia og nyt freden i kleskåpet, så kan karane ha brunnhuset for seg sjølve.
Elles er kalvinga i gang, litt seigt går det, men me har i alle fall 6 små, 5 oksakalvar og 1 kyrkalv. Dei får reine, fine bingar med teppe til å liggja på og nymåla vegger. Så lenge det reine varer, då.
Sauene var inne for siste gong i dag. Lamma skulle merkast. Då sette eg meg på ei kassa og tok dei på fanget etter tur og heldt hovudet medan Kåre sette merke i øyra. Tudor, Selma og Vigdis koste seg i fanget og brydde seg lite om det som skjedde i øyra. Åsa og Viggo lika det mindre. Dei er litt reddare av seg. Bolla har ikkje enno adoptert Åsa skikkeleg, men ho kjem seg, beint fram. No treng eg ikkje halda henne i klaven for å få henne til å stå. Ho står stilt berre ho får mjøl. Men det må ho ha. Så får me sjå kor lenge me "didlar" med det.
Våren går det seint med. Lauvet står litt i stampe, men me finn nok litt til å pynta til 17. mai med. Men er det ikkje slikt ver som gjer "bondens lader fulde"? Då har me noko å sjå fram til der! Til lukka med 17. mai alle blogglesarar!