søndag, mars 18, 2007

"Dæ swive"

Fyndord kan vera gode å ha i periodar. Me har hatt mange og ulike opp gjennom tidene. Spesielt hugsar eg det me hadde i den tida me flytte hit til Tunheim. Det var: " Du må`kke komme her og komme her!" Det flotte med slike fyndord er at dei passar til alle situasjonar. Og av og til passar dei ekstra godt. Då er det berre til å gapeskratta av. Sidan har me hatt t.d.: "Har du en hobby som du er blitt glad i.... og har du først en får du sikkert fler!" Den passa godt då arbeidsmengda verka uoverkommeleg. Me såg ikkje ende på alt som skulle ha vore gjort. Eit anna:" Med hode under armen og armen i bind". Her gjeld det å stå på uansett kva livet har å by på! I vinter har me hatt: " Det svive". Det kan tyda på at me er komne inn i rolegare farvatn og har ei kjensle av å ha hovudet over vatnet. Dei store prosjekta er unnagjort og det vert tid til å kvila middag på benken fleire dagar i veka. Har me skrudd ned både på tempo og forventningar, skal tru? Eigentleg er det flott når det sviv. Då går alt sin gang og hjula vert haldne i gang. Er ikkje det bra? Jau, det er bra! Medan influensa herja høyrde me ikkje noko om at noko aveiv her i på garden. Det var ikkje bra. Men no, no swiv det igjen. V`en skal ha godt trykk. Høyrde forresten eitt i radioen denne vekasom eg kunne ha tenkt meg: Don`t worry, be happy! Det var bra, men enno held me på at det sviv.
Sauene vart klypte denne veka. No er dei inne i garasjen, men ruslar ut og opp i Bakken når ikkje veret er for gale. I dag er dei inne. Dei gjekk og snuste på kvarandre då dei var klypte. Syns visst dei andre var løygne utan pels. Kom ikkje på å sjå på seg sjølve. No lyt me oppi og drøsa og klø så ofte me kan. Det er tre av dei som kjem og skal verta klødde. Synnøve, dottera Svanhild og Tilla. Eg har sagt til dei at det er vanskeleg å klø tre med to hender. Svanhild grev på meg med eine foten når ho må venta. Så er spørsmålet om alle har lam. I alle fall Synnøve, Bolla og Tulla. Truleg dei andre òg, men dei skal me "lytta på". Det vert spennande.
Synnøve ligg der med lyden sin. No har ho spedd på med vibrato på høg sopran! Dei andre lest ikkje høyra det. Eller kanskje dei tykkjer som eg at det er koseleg. Me har våre særtrekk og er individualistar alle saman!
God sundag!

Har du eit godt fyndord du vil dela med oss?

torsdag, mars 08, 2007

Kattar, fuglar og sauer

Det kan vera godt å byta stol av og til. Kanskje du har det som ein del av oss andre etablerte at det vert faste plassar etterkvart. Det er liksom så trygt og godt å sjå verda frå den vinkelen ein er vane med å sjå henne. Men her ein dag for litt sidan, dvs. då influensa var på retur og me angrepne var å betrakta som rekonvalesentar, sette eg meg rett og slett i den gamle farmorstolen som kattane no brukar til familieseng. Der vart fort ledig då pelletsane prikka og datt ned i matfatet. Eg sette meg og kjende ein god lunk i puta som gjorde godt.
Korleis ser så verda ut frå farmorstolen i det gamle brunnhuset? Vil tru at kattane sitt syn på livet ikkje er av det mest vidfemnande og svevande. Det er begrensa til å halda auga med matfatet og elles sova og kvila. No har eg ei kjensle av det skjer ting med kattane som eg ikkje har kontroll over, spesielt om nettene. Eg la merke til at Olivia var litt ukonsentrert i matfatet. Ho skulle stadig bort å kika i holet. Dei har slikt eit rundt fint hol i døra der dei kjem ut og inn og nyt fridomen på den måten. Olivia slit litt med å koma seg gjennom holet om vårane rett før ho skal fø, men det er naturleg.
Neste dag då eg kom inn og skulle gje kattane, vart eg heilt forskrekka. Det såg ikkje ut! Idyllen og freden frå dagen før var totalt borte. Her var det fjører og dottar over alt som vitna om ein kamp på liv og død. Og den uheldige gjesten som hadde kome inn holet var i alle fall død og oppeten. Midt oppi alt det tragiske rotet låg Olivia med alle sine i farmorstolen, førnøgde, glade og mette. Jærbladet hadde nett fortalt om at alle stormane frå søraust hadde ført ei keisarørn frå Aust- Europa til Brusand. Men kva fugl var dette? Han kunne godt vera stor etter fjørpryden å døma, men holet begrensar. Eg samla opp litt dun og fjører i ein pose som eg vil få ein fuglekjennar til å sjå på.
Sauene skal snart inn. Synnøve er dagalaus den 4. april. No gjeld det at ulla får turka slik at me kan klyppa dei og ta dei inn i garasjen. Men det er ikkje lett å få dei turre mellom regnbygene. I går kveld var dei turre, og i dag tidleg. Då snakka me om at kanskje idag kunne det laga seg, men då me kom inn or floren hadde det kome litt yr og ulla var fuktig. Etter vermeldinga å døma, må dei sikkert gå ei lita veka til. Det er så koseleg å få dei inn i garasjen. Då et dei kollosalt. Treng nok mykje energi for å dekka varmetapet. Eg syns litt synd i dei som misser pelsen så plutseleg og må gå og kulsa. Men i garasjen vert det koseleg. Ein god, lun lunk som luktar lanolin og sau. Og så vert det mykje kløing og drøsing.

Eit spørsmål:
Kva betyr det å vera dagalaus?