torsdag, januar 20, 2005

Eksk(l)usivt intervj(k)u


0338 Hedda
Originally uploaded by Drusa og dei.

Nå har det gått ei lang stund sidan sist blogg. Og det vert ofte slik at det går sytten dagar før ein har samla nok tankar som ein kan skriva ned. Roboten har vel eigentleg vorte ein del av fjoset no. Det einaste som vel manglar, er eit namn på roboten. I dei siste tider har vel namn som: Gudrun eller Inga vore innom tanken, men kan nok finna noko som høver meir. I denne anledning fekk me lyst til å intervjua nokre av kyrne, for å høyra, korleis dei har det no i motsetning til korleis dei hadde det i september 04. Og eventuelt om dei kan anbefala andre fjos denne fasilitet;roboten, som kanskje om 100 år er ein etterspurt antikvitet eller snurrepipperi.

Me dreg ut med penn og papir og fotoapparatet klart. Når me kjem inn døra, er det første som slår oss ei luktforandring som blir sterkare og sterkare. Den første me treff på, er den 4 år gamle kua Hedda. Ho står inne i roboten, og er om ein augneblink ferdig. Då me spør om å få intervjua ho, takkar ho nei, sidan ho er travelt oppteken. Noko som me fnys av etterpå.

Etter ein rundtur i fjosen, treff me på 0354 Ivonn. Namnet hennar kjem i frå at ho vart fødd i vatn. Ho ser veldig "klar" ut for intervju. Og sjølvsagt får me lov til å spørja eit par spørsmål. - Kor gammal er du? "Jo, i dette fjoset har me det slik at namna våre går etter alfabetet. Så for kvart år er det neste bokstav i rekkja. Dette året, 2005, har bokstaven L all makt. Sidan eg heiter noko på I, så rundar eg snart 3 år." - Kor mange kalvar har du hatt? "Eg har berre hatt ein kalv, nr 400 Keylin Queen. Men, eg er veldig stolt av ho." Varm damp kjem ut or munnen hennar. - Kva likte du best, den orginale måten å mjølka på, eller den "orginale" måten? "Jo, eg er jo ei av dei unge kyrne her. Og bonden har alltid sagt at "dei onge kydene kjæme nok t å venja sæg t roboten bære enn di eldre." Og det vil eg sei at han jammen har rett i. Eg og min "omgangskrets (kyr som byrjar på I)", tykte dette skulle verta spennande. Og når ein er positivt innstilt, så vert det mykje lettare óg. Så eg kunne ikkje tenka meg å bytta tilbake til mjølkemaskina, seier Ivonn, medan ho tygg voldsomt." - Så dette er altså til å anbefala? Ja, på det varmaste, seier Ivonn, medan tunga fér i frå nasebor til nasebor.

Hadde eigentleg tenkt å intervjua fleire kyr, men aldri har me vell møtt ei slik snakkesalig kyr som Ivonn, og avsluttar derfor nå. Hadde vore interessant å høyrt med ei av dei eldre kyrne...

Svaret på siste spørsmål var sjølvsagt 0340 Hanna, og premien kan hentast på samdrifta. Nå gidd me ikkje ta eit spørsmål, men VISS nokon er oppfinnsame så kunne me hatt behov for forslag til namn på roboten.

Dagen si ku: 0319 Frøken. Ho var ammeku i fjor, men nå mjølkar ho "får felt."

Mange helsingar, skitklattar og mjølkeskvettar frå Tunheim.


tysdag, januar 04, 2005

Hanna


0887
Originally uploaded by Drusa og dei.

Har endeleg fått til det der "å-leggja-til-bilete-systemet" på bloggen. Og slik vart altså det. Den heldige som fyrst vart lagt ut var altså; Hanna. Tenkte også etterkvart å leggja ut bilete av roboten (kan forvekslast med robåt i uttale..).

Dagens spørsmål: Kva er nummeret til kua på bilete?

Svaret skal/kan som aldri før skrivast inn som kommentar. Sant svar vil bli rosa her på bloggen, og få open mjølkekran eller open skravlekran av oss på tunheim samdrift.

Dagens ku: ??? Hanna

Fordi: Ho blei så kry då ho fekk koma ut som bilete på bloggen.