søndag, desember 25, 2005

God jol!

God jol! Seier me i dag. Ein stille, fredeleg jolamorgon. Trea står heilt stilt endå til her på Jæren, ikkje ein kvist som lear seg. Nokre minusgrader og hæla. Sauene har det godt ute ser det ut til. Dei et frose gras i dag og er nøgde med det. Og inni den tjukke pelsen har dei det varmt og godt. Det ser så deiligt ut med den pelsen, tenk å kunna gøyma seg i noko slikt! Hadde eg vore sau i dag så hadde eg sikkert no gjenge og tenkt på dei sauene som beitte på Betlehemsmarka for lenge sidan og ynskt at eg kunne ha vore med i den flokken. Då engelen kom i skya. Eg trur ikkje sauene vart redde, slik som me veit gjetarane vart. Nei, dei vart ikkje forskrekka, men dei lyfte hovudet og let gras vera gras ei stund og fekk med seg engleskaren og songen og alt og tenkte sikkert at dette var no voldsomt! -- Før dei åt vidare. Og voldsomt var det. Dei skulle berre ha visst----!
Sidan sist har Evy fare. Snill og medgjerleg rusla ho på bilen om torsdag. Det er "medaljens bakside " med å vera bonde. Tenk om alt kunne levt!? Men det kan det altså ikkje. Det var det triste og sorgen. Så var det gleda: Natta til måndag "losna" det for Bossi. I middagstida var alt kome, då kom den niande. Dei to siste var daude og så vart tre til tekne vekk. No ligg ho altså med 4 "dollerottar" på vaskerommet og slankar seg. Ho et glupsk alt ho får. Du ser sikkert for deg korleis ein dollerott ser ut. For akkurat slik er dei: Knødde igler med blank pels! Pinnakjøtbeina frå jolamiddagen fekk bein å gå på. Men Bossi fekk ikkje alle restane på ein gong, siste resten i dag. Jau det var godt kjøt, litt salt kanskje, men godt med smak.
Budeia har avløysar i helga og er difor ikkje heilt oppdatert. Men etter det karane fortel er alt vel i floren med kyrne, og jolestjerna i robotrommet lyser for dei. Kvigene me har inseminert er drekige, kan dei fortelja, så kalvingslista for neste år er lang og lengre enn før og då går vel bondelivet sin gang!
Me ynskjer God jol til alle bloglesarar! Onsdag reiser bonden og budeia til Filipinane i barnedåp! Tenk på det! Kanskje de kan senda ein liten tanke når me fer over skyene i timevis og over framande land! Når me snakkast att er det nytt år så difor kan me lika godt seia godt nytt år med det sama! Godt nytt år!

onsdag, desember 14, 2005

Bossi og Evy

Det nærmar seg no. Bossi er stor, rett og slett. Om måndagskvelden skulle ho få vera med meg til Nærbø etter Ingvil. Då hadde ho problem med å koma seg inn i bilen og opp i baksetet! Men det gjekk. Så let eg opp vindaugo bak (berre litt) og så sat Boss med snuten opp over ruta og luktar. Nasaborna vibrera og gjekk att og fram. Sikkert ei oppleving. Skulle vore gildt å vita kva lukter ho kjenner.?! Forbi Risa t. d. Kanskje luktar det hest? Eller steikt flesk? Eg kjenner ingenting, berre grisalukt. Når sant skal seiast måtte eg ha opp vindaugo av ein annan grunn òg. Bossi dunsta noko forferdelg! Eg trur ho har liggjande nokre daude grisungar nedgravne einkvar stad. Ho er vekke stundevis og då spørs det om ikkje ho er og forsyner seg av lageret for slik luktar det i alle fall. Men no nærmar det seg fødsel. Vaskerommet er fjelga og vaska med grønsåpa. Madrassa er vaska, men det spørs om ikkje ho må bruka noko anna under fødselen. Ja, ja, dette er ein naturleg ting, seier Bossi. Berre slapp av! Ho har født 35 ungar før.
Så var det Evy. Ho er framleis i sjukebingen, men no et ho og mjølkar som berre det. Av og til står ho og tøyer seg under kjettingen og ser ut som ho lengtar inn i lausdrifta til dei andre. Me prøvde ein dag å sleppa henne slik at ho kunne gå i roboten og verta mjølka. Men det gjekk ikkje. Det går så seint for henne å føta seg at når dei andre svinsa rundt henne og fobi og dultar borti, då vart det til at ho berre berga seg opp på fyrste og beste bås og der vart ho ståande. No er for seg sjølv att. Det går best. Det er ein ting Evy set stor pris på og det er at eg kostar henne medan ho vert mjølka. Det ser så godt ut for det klør og det klør... og så har eg høyrt at kroppen skil ut noko godstoff under kløinga. Dei heiter endorfiner og dei verkar så godt på alt, både helsa og psyken, altså gjev det livsmot. Difor trur eg at det er viktig å gå med kosten og kosta og kosta på den kyra som er sjuk, og drøsa og drøsa med henne. Då vert alt så mykje lettare! Ha ein fin dag du òg!

fredag, desember 09, 2005

Sporvehauk

BANG! Den store ruta i kvardagsstova heldt, men det måtte vera berre så vidt. Ute på verandaen låg ein sporvehauk. I svimeslått trudde me og venta på at han skulle kvikna. Men nei, han drog sine siste sukk og trekte opp augo. Der for han. Trist å stå og sjå på. Makteslaus, overfor liv og død. Ein flott fugl. Bortsett frå at han sikkert har ete andre fuglar, var det eit flott stykkje skaparverk. Kva han såg inni stova som likna på ein flokk træster eller sporvar og som fekk han til å tru at der var det mat å finna, veit ikkje eg. På bordet stod berre eit fat med frukt. Han kom stupande ned, sa bonden som "bivåna " dette frå sofaen. Det var forresten ei ho. Slo opp i fugleboka og då sa fargane at dette var ein hofugl. Ja, ja. No ligg ho i frysen til ein medlem i ornitologisk forening.
Elles nærmar det seg jol. I dag skal det gjerast reint i robotrommet. Der er det rett og slett "yveslept". Vaskast og pyntast litt til jol. Har investert i ny jolestjerna som skal hanga i glaset, inn mot floren, trur eg. Så kan kydna og få litt jolastemning.
Evy har vore skral. Føtene svikta. Me laga til sjukebinge der ho får omstenda seg åleine, og me mjølkar i spann. Etter nokre dagar med penc. behandling ser ho litt ljosare på livet. Men noko langt liv heretter, vert det nok ikkje snakk om for henne. Jomma og Trine kalva sist veke og me fekk Luther og Litagod. Endeleg ein kyrkalv. Jomma er så snill og me likar henne så godt at ho har skifta namn og fenge eit litt skikkelegare. No heiter ho Josefine. Eg brukar ofte begge. Roboten har ho vorte ven med og det meste går greitt. Littlebiggen og Ludura skal til Varhaug neste veka. No får dei berre mjølk om morgonane og har lært seg at det går an å drikka av drikkekar. Då kan dei reisa til ein bonde på Varhaug for så å verta gjødde fram til stor størrelse.
Men no skal det vaskast i robotrommet. Ha ein fin dag i adventstida.

Til neste pulje som kalvar i januar treng me namn på M.
5 av kvart kjønn så har me litt å velja i,( etter kva kjønn det er).
Har du tips?

torsdag, desember 01, 2005

Litt trist og litt kjekt og litt alvorleg

No er ho faren. Juice. Me måtte berre gje opp å få kalv i henne. Etter utallige forsøk( kanskje ørten) måtte ho fara på slakthuset. Eg har hatt sug i magen i lengre tid berre ved å tenkja på det. Det var noko som var grott att, sa inseminøren. Juice var dotter til Drusa. Ho hadde sånt "mossapeias-fjes" og stilte seg opp når me var ute i lausdrifta, me skulle drøsa med henne og klø litt. Nei, no må ikkje eg fortelja meir om det for no dryp det snart på tastaturet. . . !
Med Bossi går livet vidare. Magen veks og må snart kunna kallast vom. Den er no berre 16 cm over bakken. Men Bossi er i stabilt godt lag og utruleg svolten. Ein dag hadde ho begynt på nokre gamle kokte gulerøter som eg hadde lagt i komposten. Då må du vera svolten, tenkte eg. Kanskje er det berre to veker til "drallane" hennar kjem.? Eg kunne tenkt meg at ho var ein annan plass enn på vaskerommet med familien sin. Men det er jo ikkje ei varm årstid akkurat så kjellaren er kanskje for kald.
I kveld er det korøving og min tur til kaffi og matbete. Det lagar seg nok. Det lyser i stille grender, Det hev ei rose sprunge osv. gjev jolastemning og det gjer seg. Ha ein god førjolsdag!
Fekk akkurat telefon frå ei av damene i "konegruppa" vår. Ho ville me skulle støtta eit opprop "Nok er nok". Det gjeld Djupedal sitt framlegg om å sløyfa bordbøn, og med det avkristningstendensen som breier om seg. Initiativet kjem frå Linda Austnes frå Godøy. Underskriftene skulle vera inne før jol. På tide å setja foten ned, ikkje sant!? Og så tykkjer eg det er så flott at ein av deltakarane i gruppa kjem med innspelet om vår støtte i den saka. (Berre for å vera litt oppdatert og visa at me ikkje berre tenkjer dyr!)