søndag, mai 25, 2008

Forviklingar

Etter 10 mndr. med regn, har me nå hatt ein mnd. utan regn. For oss som er bønder, er veret ein viktig faktor i drifta. Det er godt at jorda får turka og sprekka opp litt, slik at den drenerar nytt regn betre. Og nå nærmar slåtten seg. Neste veke er det nok mange som set i gang. Me har planar om å leggja i silo 2. juni. Men det er avhengig av -- veret.
Nå vil eg fortelja litt om kva ein bonde kan oppleva ein heilt vanleg kvardag:
Me har ei fin, stor kvige som heiter 430 Mette. Ho er syster til 415 Liselotte. Liselotte har vist seg fram på utstilling både på Varhaug og Seljord. Men når det kjem til stykket er ikkje skjønnhet til hjelp.
Mette hadde termin 19. mai. Litt forsinka vart det kalving 23. mai. Ho var kalvsjuk då me kom ut om morgonen. Kjende i henne i 8 tida. Då var ho ikkje heilt open i børhalsen (cervix). Så me venta eit par timar. Kjende ikkje liv i kalven. Tung fødsel. Måtte bruka nokre hjelpemiddel får å få kalven ut. (Hovudet ville ikkje vera med.)
Då me trekkte ut kalven, revna det i slimhinna i sjeden. Det er ikkje heilt uvanleg at det gjer det på kviger. Der er ikkje opning nok til kalven, eller me kan seia at vevet er ikkje elastisk nok.
Som sagt; vanlegvis ikkje noko dramatikk i det. Men her såg me fort at det kom mykje frisk blod (arterielt) som koagulerte då det kom ut. Prøvde å finna kor blødninga kom frå. Men det er å leita i blinde. Og sidan eg aldri i løpet av alle år, og fleire tusen kalvingar ikkje har opplevd at slike rifter har gjort at nokon har blødd seg i hel, gjorde eg ikkje meir med det. Kua reite seg opp, og oppførte seg normalt etter fødsel. Noko seinare fekk ho gå ut på beite i lag med dei andre.
Eg var uroleg for Mette. Då eg eit par timar seinare såg at det var kome nokre liter til med koagulert blod frå henne, tenkte eg det verste. Ho var bleik på slimhinnene, mest kvit. Eg var rett for at ho skulle gå i sjokk. (Stort blodtrykksfall med kollaps av blodsirkulasjonen.) Gjekk heim og henta ein 5 liter med Ringer.(Vandig oppløysing med ulike salter). Den ga eg intravenøst. Slimhinnene hadde då eit svakt rosa skjær. Ein time seinare gjekk eg opp igjen. Då hadde ho flytta på seg. Det var kome ennå meir blod frå henne. Eg puffa på henne, og ho reiste seg og vart med meg heim.
Neste tiltak var å gje henne blodoverføring. Tok eit par liter blod frå 397 Konni. Ho er ikkje i produksjon nå. Eit par liter betyr ikkje noko for den som har normale mengder, men betyr mykje for den som har lite. Så fekk Mette 2 liter med friskt blod.
Matlysten var skral. Men ved hjelp av ljåen, skaffa budeia friskt gras. Og det smakte betre. Ho fekk i seg nokre strå.
På laurdagsmorgonen var Mette på føtene då me kon ut. Stod og åt på silofôr. Ho fekk meir gras. Då forstod me at det var liv laga. Sidan har det gått fort framover. Er slapp ennå, men et ein god det. I dag var det over 10 liter mjølk i ho. (Var ikkje mjølka i går kveld). Så langt ser det godt ut.
Men det er ei nervepåkjenning når det står på.
Ei kvardagsoppleving med helsing frå bonden.