laurdag, oktober 23, 2004

Nedtur

To knallharde dagar, før me i dag kunne slappa av litt. Men nå er me nesten i land. Alt er klart for å få sviv på roboten. Og alt såg godt ut, heilt til torsdag. Då hadde montøren frå DeLaval ikkje så mykje meir å gjera, og fann ut at han burde senda bestillinga på delene han manglar. "Det tar vel en uke eller to", sa han då han reiste. Me tykte det heile var relativt fantastisk. Fyrste gong han var her, såg han at fleire delar mangla. Men dei delene vart altså ikkje bestillte før no. Dette fører til at DeLaval berre kan gløyma den beklagelsen eg kom med på onsdag; dei er nokre knehøner. I tillegg fekk austlendingen flytta tanken vår på utsida, slik at han kunne montera røyra på den nye tanken. Men den kan me ikkje ta i bruk før han kjem att. Litt tungt for oss, som føler me har nok slit. Og for Knut som har teke fri neste helg for å sjå på roboten i svevet. Det virkar som om me alltid har to veker igjen til me er i gang. Slik har det iallefall vore siste månaden.

Nok om det, me er trøtte av heile DeLaval. Eg lovar at det namnet ikkje skal nemnast meir i denne blog. Der var det slutt.

Me har ikkje fått svar på siste dagens spørsmål, så her kjem det eit nytt og kanskje enklare.

Dagens spørsmål: Frå kva landsdel kjem den montøren som ikkje arbeider her neste veke?

Svar sendast på sms til 91108775. Riktig svar premierast med rosande omtale, 1 liter mjølk og kanskje nokre nasehår frå ein viss montør.

Dagens ku: 328 Gabrielle
Fordi: Skal slaktast på tirsdag

onsdag, oktober 20, 2004

Respons

Endeleg har me opplevd å få respons. Me har fått dugande svar, som fortener premiering. Men meir om dette seinare.

Dagen starta litt spesielt. Kyrne hadde vore inne heile natta, og hadde lagt ned ein heil del avføring. Fyrste halvtimen av stedla vart difor brukt til å skrapa drit. Det vart fort bestemt at me måtte få i gang måkeanlegget på nordsida i løpet av dagen. Så det gjorde me. Med mykje drit på spener og organ, gjekk mjølkinga sin gang. 340 Hanna tykte visst ikkje skautet mitt var særleg fint, for då ho fekk skikkeleg sveiv på halen, slo ho plagget av ,og ned. Det vart ikkje sett på igjen då lukta av det ikkje lenger var særleg godt, og litt fukt og farge hadde trengt inn mellom trådane.

Dagen gjekk, me oppdaga at me igjen hadde fått feil innreiing av Reime. Det førte til bruk av ein del kraftuttrykk, som arrhh, aiiiii og fillen. Men me fekk sett opp halvparten. Resten må me få seinare, om eit par veker. Men alt er ikkje gale. Montøren frå DeLaval har vist seg frå ei betre side denne gongen, og eg vil nytta høvet til å be om forlatelse for dei krasse tonane i ein tidlegare post. Eg var ung og dum, beklager.

Så over til spørsmålsbolken. Me har fått eit svar på kvar av dei to spørsmåla. Det vert hevda at me mjølkar MANGE kyr om morgonen og at kua går drektig i 9 månadar. Desse er begge, med litt slingringsmon, riktige svar. Same person ser ut til å vera kjelda, men me har ingen namn. Me ser oss difor nødde til å takka Oddvind Myrkhesja frå Bykle i Setesdal, for at han er ein så snill og omtenksom kar. Full av pågangsmot er han òg. Han vil få tilsent 1 liter mjølk i ein norgespakke.

Dagens spørsmål: Kva er ein hase?

Send riktig/feil svar på sms til 91108775. Namn kan vera godt å ta med om rosande omtale vil mottas. Utan namn går takken som vanleg til ein oppdikta mannleg person. Andre del av premien, som er 1 liter mjølk, er bestemt at kan hentast her på garden. Det er nok enklare for alle partar.

Dagens ku: 260 Bjørg
Fordi: Ho byrjar å verta gamal, og treng litt oppbakking.

tysdag, oktober 19, 2004

Goe gang

Det var tirsdag i dag, og me byrjar å sjå lyst på ting. Montøren frå DeLaval er på plass igjen, og lovar oss gull og mange tre innan ei veka. Han gav oss ein prøve på herlegdomen då me for fyrste gong fekk oppleva straumen fara gjennom roboten. Gysla fint.

Me er tilbake til å mjølka på berre ei side, men reknar med at det går fort over. Sørsida er truleg klar før helga, håpar eg. Kyrne står ofte litt tett, difor vert mjølkinga prega av mykje "mellom beina tørk" og ikkje "sidetørk" som er vanleg. Påsetjinga av mjølkeorgan har òg ein hang til å verta litt keitete. I dag tidleg var eg så keitete at eg fekk ei ku til å sparka meg i underleppa med hasen. Det var kunstnerisk.

Me har enno ikkje motteke noko svar frå dykk lesarar på Dagens spørsmål frå sist veke. Kanskje var det for vanskeleg. Kva som var svaret må eg spørja Knut om, så det kjem me tilbake til. Men me gjev oss ikkje.

Dagens spørsmål: Kor mange kyr mjølkar me kvar morgon?

De må ikkje la dykk lura av den snedige spørjeforma, men send svar inn på sms til tlf:91108775
Me er svært takksame for svar, og den som er nærast rett antal, vil få rosande omtale og 1 liter mjølk sendt i posten. For ordens skuld kan leggjast til ho er ikkje pasteurisert eller homogenisert, og difor flyt fettet på toppen. No for tida er det 7 % fett. Gul og god. Kjem det ingen svar, vil me leggja ut ein oppdikta mannleg person som vinnar. Lukke til.

Dagens ku: 321 Gerny
Fordi: Ville/klart ikkje rygga då eg baud henne det. Ho hadde kjørt seg inn i ein trong korridor, og eg ville ikkje sleppa henne fram. Prøvde med alt frå koseleg drøs til lett tortur, men eg gav opp etter 10 minutter. Eg kjende på litt lett irritasjon, og frykta eg kunne koma til å behandla Gerny med mindre respekt enn ho fortener.

laurdag, oktober 16, 2004

Plopp

Mjølkinga går fort for tida. Enn så lenge er det god plass til alle kyrne rundt matfatet. Men alle endringane gjer kyrne litt skvetne. Alle båsskilja vart fjerna i dag, og slikt kan gjera sterkt inntrykk. 315 Frøydis og 339 Hulda bruker begge eit par minutt før dei tek steget heilt inn i fjoset, og då kjem det som oftast som eit byks. Godt å få spenninga ut. Ellers har det vore litt dramatikk i dag. 283 Drusa fekk eit kutt rett over klauva på venstre framlem. Ein del blod vart utaust og Knut måtte finna fram sysaker. Pasienten har det godt no, med sveitteband rundt handleddet.

Dagens ku: 362 Imba
Fordi: Ho er ein dagdrøymar. Stod etter kveldsstedla attmed brua med attlatne auge og tenkte på varmare stader, då ho tok eit lite steg for langt bak. Det vart for bratt for bakføtene og baken vart uhorveleg tung. Ho forsvant nedover med panikk i blikket og utstrekte armar. Dyret landa så breitt det var og det vart ein skikkeleg jurvask. Heldigvis er det ingen fiskar i bekken. Dei hadde vel vorte flate, og flyndrer trivst ikkje i ferskvatn. Men kua kom seg opp og fram. Alt vel.

fredag, oktober 15, 2004

Ved Rondane

Då er me her. Lynet slo ned og routeren rauk. Uansett - kyrne drit i det, og det er framleis ting på gang. Ikkje minst hjå gardshunden Bossi, som nok ein gong er på han igjen. Ho har hatt 27 før. Ein del av kyrne kan òg kanskje sjå fram til å verta foreldre. Fem som snart får svar på testen er 321 Gerny, 322 Gunda, 374 Janna, 378 Jenny, 379 Juni. Dei tre siste er kviger og kjenner det kanskje litt ekstra i kroppen. Inseminøren var innom i byrjinga av september, så me håpar kalvane kan pressast ut til sommaren. Dette er viktig å forstå: utan kalvar, inga mjølk!

For å få endå meir blest rundt sida, vil det koma i gang ei spørsmålsgreie her. Me kallar det "Dagens spørsmål".

Dagens spørsmål: Kor lenge går ei ku gravid?
Svaret går på SMS til 91108775. Vinnaren får skryt i ein annan blogg.

Dagens ku: 333 Gry
Fordi: Blødde i rompen. Det betyr at ho finta ut inseminøren. "For sein igjen", seier mor snurt.

tysdag, oktober 05, 2004

OIOIOI!

Endeleg i gang igjen. Etter ei veke med mykje rot og lite overskot til skriving, er me no komne over dei fleste sjokka rundt DeLaval sitt arbeide. Eg skal igjen gje eit innblikk i tralten her heima.

Sidan det manglar ein del kåringar av dagens ku, får me ta det i ein fei her. Ingen fødslar, dumme påfunn eller intellegente vriar. Sånn kumessig går det igrunnen godt. Einaste måtte vera at melkemengda går kraftig ned, men slikt er oftast bonden sin feil. Fokuset vårt gjekk sist veke i retning av eit stykk austlandsk arbeidskraft, difor har eg bestemt:

Sist vekes ku: Montør frå DeLaval
Fordi: Klarte terga opp Lars og Marta, irritera Kåre og snakka i mobiltelefon 70% av arbeidstida. Klarte ikkje å montera ferdig noko av det han kom for å montera. Og stakk av utan å fortelja kvifor ting ikkje vart ferdig, og heller ikkje korleis me skulle få i gang eit måkeanlegg som hasta å få i drift. I tillegg til alt dette lova han å koma igjen 2 veker seinare enn det me hadde rekna med/var lova. Difor tek det nok ein månad til før roboten sviv.

I dag kom første gladsak på ei stund. Me fekk skrapa som mangla i førre leveranse frå DeLaval. Difor håpar me at måkeanlegget er i drift i morgon, ei veke etter planen. Men det er ikkje berre DeLaval som har problemer med leveringa. Då me skulle skifta ut fronten på innreiinga såg far at ikkje alt var som det skulle vera. Reime, som er produsenten, opplyste om at på grunn av ein tastefeil hadde me fått feil type hekk og 1 meter røyr i staden for 18. Jaja, 1 meter er iallefall nok til ein bås, nesten.

Det går greit med kyrne. Enkelte er litt skitne sidan ikkje måka er i gang, dei legg seg i renna. Masse møkk på spenar og kropp.

Dagens ku: 357 Ingelin
Fordi: Mor fann ut at ho ville kalla henne ei "horpa". Dette utfallet kom då eg etter mjølking stod og klødde Ingelin bak øyret. Det vart forklart med at Ingelin av og til under mjølking: "Høpp te og sparkar." Ingelin har kvasse klauver, men ikkje så mykje kraft i sparka.