fredag, oktober 17, 2008

Haustale

Tilstanden på Tunheim er positiv. Hausten er komen. Kyrne får ikkje gå på beite lenger. Men dei får gå ut og lufta seg så mykje dei vil. Dørene står opne heile tida.
Om hausten er det ein del som må ordnast. Kvigene må heim frå sommarbeitet. Nå går nokre på kubeitet, og nokre går på kjelvene og et graset som har vokse opp etter 3.slåtten. Dei største kalvane er og ute ennå. Men dei må nok snart inn.
Mange kviger har kalva for fyrste gong sidan i vår. Og det betyr at nokre kyr må ut or produksjonen. Mjølkekvoten set grenser for kor mykje ein kan produsera. For eit par veker sidan selde me to kyr til Bjerkreim. Det er 359 Irma. Ho har vore ei god og stabil ku. Men ho har eit lyte. Ho kastar fôret opp i lufta, og noko av det landar i skrapeområdet. Det kan medføra at skrapa stoppar, og slik er det til irritasjon. Men han som kjøpte ho, skal ha henne på bås, og då er det lettare å hindra "hesjinga". Saman med Irma reiste 420 Laura. Også ho ei god ku, så langt me har sett. Ho kalva andre kalven i september, og var i god produksjon. Men ennå må me nok kvitta oss med nokre. Det vert for mykje mjølk. På tysdag vert det siste reis for 319 Frøken, og ei til. Me har ennå ikkje bestemt kven. Kanskje 321 Gerny. Det er frykteleg å sende avgårde gode vener. Men av og til må ein stengja av for kjenslene.Det høyrer med i yrket at det må vera sirkulasjon på dyra.

Her på Jæren føregår aksjon "Snu sauen" og "Bad klauen". Det har med fotråte å gjera. Mange saueflokkar har fått denne fortærande sjukdommen. Og for oss dyrlegar er oppgaven å klargjera sauene for sanering. D.v.s. undersøkja alle klauvene for å klarera dyr for fotbading, og fjerning av smittestoffet. Nokre dyr har klauver med mykje sprekker og løysning av klauvkapsel. Dei får ikkje vera med vidare - siste reis. Det er for risikabelt å ha dei med vidare, for me har vanskeleg for å få bort bakteriane som sit i sprekkene, og då kan dei smitta ut dei andre dyra etter saneringa. Det er ein omfattande og tidkrevjande jobb som er i gang. Om eit år veit me nokonlunde kor godt me har lukkast med arbeidet som me nå er i gang med.

Bonden har vorte delvis. Fekk ein muskelruptur i høgre leggen då eg skulle snu ein sau på onsdag. Når eg tek fram staven, får Marta seg ein god lått. Eg liknar på far min, seier ho. Akkurat som det skulle vera noko å le av. Det er jo ikkje til å undrast på ein gong.

Takk for praten! Helsing bonden.