laurdag, november 26, 2005

Bossi igjen

Bossi er gravid. No er me nokså sikre på det. Magen utviklar seg med noko tjukt og tungt. Andre ord for den situasjonen er å vera " om hender" (gamalt frå Voss) eller å vera i "lykkelige omstendingheter". Kanskje det siste passar best på Bossi? Ho verkar ganske lukkeleg, men det gjeld ikkje berre no, ho er nokså stabilt lukkeleg. Like blid kvar morgon når me kjem ned på vaskerommet for å ta på florskleda. Imponerande! Rundt joletider skal dei små koma. Sjølv tenkjer ho lite på det. Slikt er naturleg, seier ho berre. Ho og Nuskitusk er ofte med meg og sjodnar. Og medan eg svinsar att og fram mellom gamlefloren og nyefloren, set dei seg ofte ned attmed strøstryta i strørommet. Der sit dei så dirige attmed kvarandre og fyl meg med augo. Ganske forskjellige dei to og eit koseleg syn. Nuskitusk på under eitt kilo og Bossi med sine 40(snart)! Og halen til Nuskitusk full av sagamo!
Ein nydeleg dag, forresten. Sol og stilt. Me ventar på folk frå Hjelmeland som skal henta Jento og tre små "drallar", Likken, Lukas og Loke. Litt trist å senda Jento. Ho er så fin og så snill. Tilde kalva i går, nokre dagar før tida. Ho fekk Ludvik, men hadde laga seg så lite at ho hadde nesten ikkje mjølk til han. Eg måtte spe på med mjølk (frå Evy )som stod i frysaren. Det er viktig med god råmjølk og ein liten dash med E - vitamin oppi. Det skal gjera underverk, seier dei lærde. Ludvik er arg og livsfrisk.
Me har avløysar i helga og prøver få litt orden på saker og ting innomhus. Dessutan er det tid for å pynta med lilla dukar og lilla ljos. Det er kjekt og koseleg. God helg alle blogglesarar!



ÅJ! Her dukka det opp eitt bilete utav inkje! Dagens spørsmål: KVA ER DET?




HIHI =)

onsdag, november 23, 2005

Bøgvald, kvigene og hypseleiken

Bøgvald sit ofte på skrivehylla i strørommet. Der kruksar han seg godt i hop og nyt livet og freden. Framlabbane bøyer han fint inn under pelsen. Eg prøvde å setja ein kulepenn oppi den høgre, kvite "hansken" hans, men det såg domt ut, sa han. Eg sa han likna på ein kjøkkenskrivar. Kva det er? Då kom eg i stuss.
Bøgvald er son til Malaria( med trykk på I-en) og dotterson til Olivia. Men sidan det har lett for å verta mykje kattungar vart det ordna slik at Bøgvald berre kan verta onkel. Og det er han nøgd med. Kattungar vert det visst nok av og han plar nærma seg dei med ein viss skepsis. Men ingen har enno sett at Bøgvald har klabba te nokon slik Storepus gjorde. Bøgvald er for snill til det.
Kvigene har vore inne i snart to veker. No har dei fenge opp matlysta. Silo og ballefor går ned på høgkant. Forbrettet er heilt reinska morgon og ettermiddag. Me er samde om at kvigene har aldri vore så rolege og "jille" som i år, og fine. Passeleg i hold. Eg syns dei er finast i fjeset. Dei fleste ser ut som ein mossapeias. Ein mossapeias er slik at du får lyst å kosa med han. Og slik er kvigene. Dei har godt med pels i fjeset og ein rufsen pannelugg. Og så klør dei så fælt på halsen. Slik var det med Kossagomma i dag. Ho måtte eg berre klø rundt heila hove og halsen med.
Hypseleiken ved gjødselkummen vart ikkje avlyst, men utsett. Lars var puskjen då han kom heim og Knut vart litt puskjen medan han var heime. Veret var heller ikkje godt. Men budeia og bonden fekk sjå ekta hypseleik inne. Utøvarane var Litle Biggen og Svartamarta Oktobra. Ho har forresten fenge nytt namn. Eitt fint på L. Det kom rekande på ei fjøl frå Bergen! No skal ho heita Ludora, på grunn av fargen. Me måtte ommøblera litt i gamlefloren då kvigene skulle inn og då fekk Litle Biggen og Ludora koma ut or dei småe bingane dei var i og ut i ein stor binge som er fira meter lang. Dei vart så -- begeistra, at dei sette i høge vræl, ikkje fine, men løygne. Bøæiiiiii, bøæiiiii. (med høg lyd på). Berre prøv. Og dei hypste seg, og pilte att og fram i stekken under magane på kvigene så dei vart heilt klumsa og stod berre rett opp og ned og såg på. Og me lo. Ja, me brølte litt me òg. Så kjekt kan det vera å ha dyr!
Ha ein fin dag der du er!

Spørsmål 1: Kva er ein kjøkkenskrivar?
Spørsmål 2: Kva er ditt ord for ein mossapeias?

onsdag, november 16, 2005

Snjo

Så kom snøen. Ligg som et teppe øvealt. I dag-mårå va au fullmåen å sjå.
Adle storkretturå æ inne nå. Sauene går ude. Dei he så goe pels. I jår vart dei øveraska av at det va verabyde. "Tore" sko flyddja til fjellbygdå. I plassen fekk me en riktige sjørøvar. Han he en store, svarte flekk på eine kjægjen. Deffor vil æg bara kadla han for sjørøvaren. Æg veit ikkje kæ an heide. Dæ æ Torstein så ordna mæ vere te okke. Veldigt grett.
Han onjen som æ i Bergen he vore heima nogen dae. Ingvil kadla han for doktrinæren. I dag reiste an tebage te der dæ rigna så fælt. Og så vart budeia på tunai mæ på turen. Hu hadde lyst å besødja storasysterå i Eksingedalen. Og dæ passa jo godt for mæg. Den andre av "drallane" verte heima nogen dae te, før an reise tebage te Tromsø. Så då æ dæ ikkje vanskele mæ stedlå. Dæ va forresten han så starta mæ heila bloggingjå. I fjor-haust skreiv an om skitne spena, om nasahårå te ein viss austlending, om klatring ut or roboten, og om kor mange gongje me måtte opp om nettene når robotalarmen gjekk. Dæ va nå litt øvedreve. Men korså; møgje he forandra seg. Det æ av og te mest flaut å broga så lide tid på å molka 40 kjye. Me he det godt. Men ikkje alltid liga godt. Verst æ dæ kver gong me ska selja nogen av dei koselege på fira føde. På fredag ska 378 Jenny og 388 Jelena te Voss. Dei ska rett og slett flydja for å verta buande på Voss resten av livet. Må dæ vera lengje! -- lengje!!!! --Og ennå ei ska flydja. Dæ æ 381 Jento. Hu ska te Hjelmeland - derte så 335 Helga, 363 Ingrid og 386 Jutta flytte til for ein måne sidan. Får håba hu kjenne di igjen slik at det ikkje verte alfor mødje hallur. Jentå æ dotter te 319 Frøken. Dæ æ nå litt trist å senda henne, for desse to æ dei me he som stamma itte hu gamla 210 Svinta. Men jedna så får Frøken ei nye jenta som me kan kosa med. Frøken ska kalva i januar, så dæ æ ikkje så lengje å venta.
Te Sildesotten: Hald dæg litt på avstand te han som kjeme frå Jæren. Han æ ikkje heilt friske akkurat nå. Å du he dæ travelt med eksamen å undervising å kæ dæ æ. Men han kjeme seg nok litt itte kvert, å då kan du nærma dæg litt meir.
Dæ æ løye mæ den snøen. Han gjøyme mødje som ikkje æ så fint å sjå på. Å så verte dæ så lyst og fint i fullmånaskine. "Ha en aften i måneskinn".

Helsing frå bonden på tunai.

torsdag, november 10, 2005

Merkedag: Robotsmesse

Til minne om at ein trufast svein vart kopla til for nett eit år sidan, har me ved Tunheim markert dagen slik: Fly og bil frå ulike utkantar av landet vårt. Stedl av dyra her med alt det det inneber (..ikkje mjølking). Eplepai og is :)
Adle er samde om at dagen har vore fin, og me gler oss til å feira same messa neste år.
Hipp, hipp, må han sviva!

(..roboten og me andre tek gjerne imot gratulasjonar og evt. andre refleksjonar..)

Dagens ku-kamerat: Roboten
Dagens spørsmål: Kva er eigentleg bakgrunnen for ordet "robot"?

onsdag, november 09, 2005

Kraoko

Ein tung, våt og mørk novemberdag. Du verden så tungt og trist det kan vera! Viss veret skulle bestemma vårt indre, vart det mange tunge sinn i Rogaland i dag.
Dyra har det annleis på det feltet, trur eg. Lite depresjonar. Kvigene ser eg går og et oppi Bakken. No skal dei rett nok inn om fredag. Då kjem "drallane" heim og hjelper til. Men det veit ikkje kvigene noko om. Ikkje så urimeleg at dei held motet oppe viss dei veit at det er berre to/tre dagar att så vert livet lettare. Men det veit dei altså ikkje. Nei, vert veret for gale, krummar dei ryggen, står tett saman og set bakenden mot veret. Også ein måte å takla livet på!
Kva gjer så folket i slikt ver? Me finn i alle fall på noko å gjera. Ta mjøkeprøvar, til dømes. Vaska tak og vegger med grønsåpevatn, trekkja kaffi, kveikja ljos og summa seg litt. Det gjer godt.
I floren går livet sin gang. Alle er friske, unntatt Greta. Ho haltar på venstre bakfot. Ja, så vondt er det at ho vert helst berre liggjande på ein bås. No skal ho snart på avgjelding likevel, så i dag kjem ho til å verta avstengd saman med to andre. Då vert det nok òg ei nærare undersøking av foten. Det lagar seg nok.
Og så var det kråka. I dette veret som eg klagar så over, set ho seg i høgast toppen på eit av lønnetrea attmed bekken og sit og sveiar i vinden. Skal tru kva ho tenkjer på? Ho har i alle fall god oversikt over alt som rører seg. Me likar òg å ha oversyn over situsjonar me er oppe i. Har liksom kontrollen då.
Dagens ordtak: Betri er ein kráka í hendi en tvær í skogí!
Ha ein fin novemberdag og finn din måte å takla veret på! Kom med tips!
Dagens spørsmål: Kva er ein dralle?

måndag, november 07, 2005

Kalvastedl

Kalvastedl må vera ein vitenskap. No har eg drive med det i snart 11 år og skulle ha røynsle nok til å seia akkurat kva som må til for å halda kalvane friske og trivslege. Men, nei. Stundom går det bra med 2 liter surmjølk kveld og morgon, men rett som det er får ein av dei diaré. Slik var det sist veke. Då gjekk alt så bra. Alle 8 var friske og dreiv og nuska med både mjøl og silo i tillegg til mjølka. Ein kveld var me på besøk hjå vener og det kom til snakks om kalvastedl. Då tyktest eg vita godt kva som skal til for å ha friske kalvar. 2 liter varm, god surmjølk og litt mjøl og silo i reine bytter og turre lune bingar. Men neste morgon stod minstemann med bleik diaré! Så typisk. Det utvikla seg til sprut. Med rein diakurblanding og diakur i mjølka, overgang til Sprayfo (også med diakur) og nokre dosar av eit eller anna i sprøyeform, er no vetle Loke i full vigør. Set i gang med ei voldsom hypsing når han ser oss. Det er godt teikn. Hypsa seg gjer berre dei som kjenner seg friske og tykkjer livet er godt å leva! No har me redusert veskemengda til 1 1/2 liter og brukar berre Sprayfo. Trur kalvane går lettare i gang på mjøl og grovfor då enn når dei får kraftig jerseymjølk.
Jomma kom inn før helga. No har ho funne seg til rette i lausdrifta. Ho har funne ut at me kan klø henne på roestarten og der klør ho så åå- - fælt. Og så kan me klø på halsen, heila hove og håko, ja , alt! Dei fyrste dagane ho var inne la ho seg i renno. Det gjekk ikkje. Bonden og budeia greip inn, sette Jomma på bås og batt ho fast. Der stod ho ein ettermiddag. Då fann ho ut at dette var mykje betre enn å liggja i lorten. No har ho funne seg ein bås heilt i enden av fjoset attmed veggen. Der legg ho seg. Problemet er at ho forstår ikkje korleis ein skal koma seg ut frå båsen att. Ho har funne sin måte. Medan ho ligg vrir ho framkroppen bakover under båsskiljet og prøver å koma ned i renna med framføtene medan bakenden enno ligg i båsen. Det er ein skikkeleg vanskeleg manøver. Og ho fekk det ikkje til i dag. Det enda med at ho pressa heile seg så langt bak at ho datt ned i renna så lang som ho var og fekk ein del kav med å koma seg opp for ho glei og mjølautumaten stod i vegen. Men det gjekk. Ho reis seg opp og stod der og let som ingenting. Tenk så herleg. Ingen lo, ingen skjente kor domt ho gjorde det og sjølv var ho ikkje redd for kva "folket" skulle sei!
Jomma skal kalva om ein liten månad og er begynt å laga seg. Ho har òg funne ut kvar mjølet er å finna. Snart må me prøva oss i roboten. Det går nok òg for no har me vorte vener.
Ha ein fin dag!
(Apropos hypsing. No kjem snart Lars heim og då har me annonsert hypsekurs, viser til tidlegare blog. Viss veret held seg er det fint å halda til med hypsekurs rundt gjødselkummen. NB! Småkalvane vert med.)