søndag, april 22, 2007

Rapport

Våren går sin gang. Dvs. så vidt. Helst må me vel sei han har stoppa opp. I alle fall denne veka. Men sist sundag var me på tur til Ulvarudlå (u vert lese o) i 20 varmegrader! Nydeleg. Ulvarudlå er eit av dei høgaste fjella i Time med sin 400 m over havet og vel så det. Me gjekk saman med grunneigarar, byfolk, fuglakikkarar og naturvernarar. Det galdt vindmøller . Ulike meiningar og ulike tankegangar. Eg veit ikkje heilt. Likar så utruleg lite dei stygge rovfuglane som tek lam. Men så ser eg for meg at vindmøllene og susen deira heller ikkje er så bra.
Ja, ja, det vert vel andre enn eg som tek avgjerdene i den saka. Straum vil me ha. Og tenk når dei i si tid demde ned heile gardar for å få vasskrsft så folk laut flytta vekk med pikk og pakk. Grusomt, tenkjer eg.
No har me berre tre kattar. Kopien ( Pistrpys) vart overkøyrd fredag den 13. april og fekk ei grav i eit blomebed på nordsida av huset. Men Olivia er tydeleg i gang med nytt kull. Enno kjem ho seg inn holet i døra til brunnhuset, men helst vil ho smetta inn døra til vaskerommet. Trur ho har bestemt seg for å fø inne denne gongen og det ser det ut til at ho kjem til å få lov til. Slike ville kattar som Villmannen vil me ikkje ha. Men det får me sikkert viss Olivia må kjetla ute. Då kryp ho så langt inn under taket på lågbygget som ho kjem og held seg der med ungane til dei er skikkeleg redde og fresne. Så no planlegg ho tydelegvis annleis. Torsdag førmiddag vart eg veldig forundra for eg høyrde ei romstering oppe på soverommet vårt. Bonden var det ikkje for han var ute og køyrde. Eg måtte opp og sjå. Jau, der dreiv Olivia på og skulle laga seg seng i kleskapet vårt. To dører stod på vidt gap og ein pose med gamle klehengarar hadde ho velta fram og ut på golvet. No var ho i gang med undersøkingar i bonden sitt skap. Ho vil tydeleg vis ha alt klart i god tid og det er nok rett. Me får sjå om ikkje det lagar seg.
Sauene går det nesten heilt bra med, men ikkje Bolla og Åsa. Åsa heng på Bolla som ein klegg når dei er ute, men ho får ikkje suga. Då hoppar Bolla og er heilt vill. Eg vert sint på henne når ho fer slik åt og har sagt det mange gonger at viss ho ikkje vert snill, fer ho snart på slaktehuset. Det hjelper ikkje, ikkje enno i alle fall. Me lyt binda henne, då gjev ho seg. Synnøve passar på si Selma som alt er kjempestor. Tulla passar på Teodor og dei har det godt begge. Så var det Signe. Tenk ho hadde lembt to knøttsmå lam ein morgon me kom ut, Vigdis og Viggo. No er dei ei veka gamle og så fine. Svanhild og Tilla er gjeldsauer. Dei har ferie og vert berre feitare og feitare.
Kyrne får lov å beita oppi Bakken somme dagar. Ikkje når det regnar, då vert det så blautt og opptrødt. Frøken fekk ein kyrkalv. Nenne. Høyrt det namnet før? Ikkje me, men det er visst damer som heiter det. Ho var nesten blind fyrste dagane, men no ser ho er godt i form. Tonje og Heidi er dagalause begge to, men har ikje fyllt skikkeleg i juret. Elles alt vel. Vårfrisk helsing frå Tunheim!

søndag, april 01, 2007

Lam

Tenk, i dag fekk me det første lammet. Ein liten veronje. Og så er det Tulla som er mora. Sjølv er ho ikkje eit år gamal ennå. Sjølv er ho ikkje så stor. Men den som skulle ut er nå bitteliten. Det er godt når proporsjonane står i forhold til kvarandre. Ho mangla 10 dagar på 5 mndr. sidan paring. Så her vart det ein aldri så liten rekord, Jofrid. Det er variasjon i naturen. Mora har det bra. Den litle er litt forfjamsa ennå.

Elles er det full vårvinna på Jæren. Naturhevda er ute på jordene. Sola skin, og faktisk så er det turt. Men det plar laga seg med regn. Ennå litt frost dei fleste nettene.