torsdag, oktober 26, 2006

Bolla, Bossi og haustaleg ver

Bolla er ein av sauene våre, men me kjenner henne ikkje så godt.Eigentleg skulle ho ha hatt lam i vår for fyrste gong. Det laga seg ikkje og ho vart send til fjells dvs. til "Kulene" i lag med ei anna gjeld gimmer som Torstein hadde. I juli/august tok Torstein lamma i frå og sende alle sauene til Kulene. Sist helg var det tid for å sanka dei heim att. Men Bolla og venninna hennar var ikkje å sjå. Då kom det beskjed frå Skårland at dei hadde funne eitt beist som gjekk åleine i utmarka deira. No hadde dei fått det heim og det viste seg å vera Bolla. I ein skral forfatning, men det kunne vore verre for venninna har ingen sett så ho har nok krepert. Bolla hadde fullt av skurv på øyrene og det er symptom på ein eller annan mangel, kobolt? I alle fall hadde Torstein henta henne heim til seg og mandag vart ho køyrd heim her bakpå traktortilhengaren. Den køyreturen lika ho ikkje, men eg fann litt mjøl i ei bytta og det var godt, sa ho. Godt å koma heim. 0g det skal det vera! Så henta me Synnøve og Tilla heim frå den langa kjelvo, dei snuste litt på henne og så var det i orden for deira del. Men Bolla gjekk eit langt stykkje bak dei, snudde og kom heim nokre gonger. Ho var nok ikkje heilt sikker på at ho fekk vera med. Men no går det tre kvite dottar oppi Bakken, og det er koseleg.
Sist me skreiv blogg hadde Bossi vore ute på "rakkodeis", men vart dårleg og gjekk på pencillin ei vekes tid. Såg ikkje godt ut. Likevel, no viser det sg at magen veks og vert sidare og sidare og det lagar seg jur! Så er det gjort kjent! Ho ser ikkje svart på dette, seier ho. Det gjeld å ta livet som det kjem!
I dag har liksom hausten slått skikkeleg til, det blæs og regnar store dråpar. Lauvet fer med vinden berre så det flagrar og trea snøyest meir og meir. Småkalvane som går på Surpehagen hutrar seg i hop i det store stive graset på reinane. To av dei tok me inn i dag, det var Mina og Marit, dei to minste. Dei fekk koma inn i stallen i den gamle ombygde grisbingen. Der er Magna, Mirabella og Marie frå før. Dei fekk koma inn i går. Eg var og såg om dei no før eg gjekk inn og då var det berre velstand. Marit og Mina hadde lagt seg. Turt og godt hadde dei det. Sutalaust å få maten på forbrettet.
Men enno går mange ungdyr ute. Dei klarer ei vekes tid til. Mat finn dei og med ti varmegrader og bygever så klarer dei det. Så vert det så kjekt når me skal få alle i hus, finna bås til kvar og klyppa pelsen slik at ikkje dei skitnar seg så fælt.Det luktar så godt i floren når utedyra kjem inn. Ei slags ulllukt.(Til dess, etter nokre dagar ei anna lukt overtek). Så får dei mjøl og siloballe og når dei er mette får dei leggja seg turt og godt og liggja og gomla på hjortedotten si og tenkja på alt og ingenting. Kanskje helst ingenting. Nydeleg..........og fred på jorda!