onsdag, oktober 19, 2005

Ein liten ven

Eg skulle berre bort i floren og sjå etter at alt fungerte. Det gjorde det. Morgonane er kalde no. Det er hela og rimet heng i til langt utpå føremiddagen der sola ikkje kjem til. Men du så fint det er og så godt at alle ungdyra kan vera ute ei stund til. Men kaldt som sagt. Kanskje det var difor vesle kjøtmeisen hadde kome inn i sluså. Kanskje hadde han sete og vippa på glaskarmen og så vorte var den gode lune trekkjen oppunder stjerten. Ikkje veit eg, inn var han i alle fall komen. Å koma seg ut att var verre. Vel er det godt med varme, men må ein vera i fengsel for å ha det varmt, då - . Betre med fridom enn varme, tenkte vesle Konrad for det var det namnet han fekk. Og gut var han. Det trudde både han og eg. Etter ein del fortvila forsøk på å koma seg ut den stengde døra, gjekk han med på å setja seg i handa mi. Du så fin han var. hjarta pikka som berre det. Klørne ville berre krølla seg. Eg trudde han kunne vera skada, men kanskje klør kan krølla seg av berre skrekk? Ikkje veit eg, men Konrad festa grepet rundt veslefingen min, og der ville han vera. Me gjekk ut, men han ville ikkje reisa. Då gjekk me inn i vasken og fann vatn. Det var godt. Ville ha meir. Ut igjen, men nei. Då gjekk me inn og såg på kyrne og prøvde om kraftfor var bra. Det var det ikkje. Eg var redd Konrad ikje kunne fyka, men det kunne han. Tredje gongen me let opp døra, vips, der for Konrad. Opp og sette seg på oppkøyringa. Takk for praten, sa eg og lukka på reisa. Same til deg, nikka Konrad. Han måtte summa seg litt før han bestemte seg for kva han no skulle finna på. Og det var lurt, tenkte budeia. Ha ein fin dag du og!

2 Comments:

At 20 oktober, 2005 22:37, Blogger Drusa og dei said...

Ikkje ver redd! Her var det berre snakk om å hjelpa ein medvandrar eller - fykar (fjogar, på jærsk)!

 
At 25 oktober, 2005 20:04, Anonymous Anonym said...

Lenge si Tednan he satt skriftlige spor på Tunheimsiå, men nå e hu her igjen :) Koseli å lesa koss Konrad blei tatt hånd om, i skulen ville di nok kalt det spesialpedagogikk. Ellers så går d sikkert au an å trekka parallella mellom et lausdriftfjos og enkelte klasserom i ongdomsskulen på fredagane,siste timen. Trur faktisk dar e meir struktur og orden hos jerseyane. D går i praksis her ja...
Håbe alt står bra t nere hos dåkke, både m folk og dyr :) Ein spesiell hilsen t Bossi. (Tednan he honne-abstinensa for tiå)

 

Legg inn en kommentar

<< Home