fredag, juni 04, 2010

Sommar og juni

Ser at bloggen har lege brakk faktisk i nesten 3 månader. Du verden, kva er det me har gjort på heile tida sidan me ikkje har klart å fylgja opp? Jau, det har sakta vore både det eine og det andre som har vorte gjort og som har hendt. Me hadde påskehelga og lemminga i mars/april. Me fekk 9 lam av 6 sauer, ikkje så mykje å skryta av akkurat, men alt gjekk smertefritt. Ikkje noko bal i det heile og det set me pris på. Då får det heller våga seg at me ikkje kan skryta på oss trillingar og firlingar slik mange andre kan.. Sauene er for lengst sjølvhjelpne og kjem sjeldan heim og masar etter mjøl. Dei vassar og ligg i grøne engjer.. oppi Bakken. Ja, tenkja seg til for eit sutalaust liv. Sist veke måtte me ha dei inn i Stallen, dei skulle vegast. Og dette er nok meir å skriva heim om, trur eg. Solvår hadde passert 30 kg og Torvald låg tett oppunder med sine 29. Dei andre kom rett bak.
Kvigene er på plass i marka. Obama var drektig og fekk vera med. Primula var ikkje, så ho må nok venta litt. Småkvigene kosar seg på Nubbatoppen. Kjøtdrallo skal snart ut til dei, no går ho og trenar seg på grønt gras saman med kyrne.
Olivia har ikkje vore i form i venter. Det er noko i munnen som gjer at ho ikkje får stelt seg. Om det berre er snakk om kattavask så merkast det når det ikkje vert gjort. Sist veke fekk ho 4 ungar, så kor langt er me komne i teljinga der skal tru? Har ikkje undersøkt kjønn, faktisk, men 1 skipskatt og to av dei er det mykje kvitt på. Må nok ta vekk 2 nokså fort sidan ho ikkje er heilt i form. Elles er Bøgvald og Skogakatten i god jaktform. Dei er berre heimom av og til. Jonas, derimot er svært stabil, både når det gjeld å halda seg heime og humøret. Kosemotoren er i gang stort sett heile tid. I dag har han vore med meg å luka i beda. Og det er koseleg for både han og meg. Av og til fer han opp i eit tre og driv med akrobatikk. Skipsføtene er gode til det.
Dei mest ihuga jærbøndene er alt i gang med slåtten. Eg syns landskapet er finaste før graset er slege... Eg vil liksom halda på den tida før jonsok og solsnu, når dagane berre vert lengre og lengre og kveldane så fine at det er for gale å ga å leggja seg... Ha ein fin sommarkveld du òg!