onsdag, desember 06, 2006

Desemberdag

Me skriv 6. desember. Det er beint fram opphaldsver og lett skydekke. Men ringen rundt den elles så flotte fullmånen i dag tidleg lova meir regn. Ja, ringen skein i alle regnbogefargane! Kanskje det snart tek til å hjelpa på vasslagra rundt omkring? Me må berre ikkje gløyma den lange og flotte sommaren me hadde. Den ville me ikkje ha bytt med haustsol, tenkjer eg.
Som ein del av blogglesarane veit, er Bossi borte. Ho hangla og kom seg ikkje skikkeleg etter det kullet ho fekk fyrst i november der alle var daude. Ho var stor i buken, men operasjonen viste at det ikkje var foster att, men at ein stor kreftsvulst infiltrerte magen. Ho ville nok hatt det vondt resten av tida difor vart operasjonen avbroten og livet avslutta. Ho fekk ei grav i hagen. Der sette eg ei lita rose hin dagen. Me saknar henne. Ho var alltid glad og blid og godt selskap. Og den beste velkomstkomiteen ein kan ynskja seg. Når ho hadde sprunge i frå seg gjekk ho og fann labbarpar til den som kom. Det går nok endå ei tid før me ven oss til at ho ikkje er der framfor døra på vaskerommet.
Kattane er i beste velgåande. Bøgvald tek rollen som far og ligg ofte og passar på vesle Pistrpys oppi farmorstolen. Olivia er litt ute på jakt. Ja, ein dag fakka ho ei mus som kom opp under vasken på kjøkkenet. Då var ho rask i snuen. Villmannen er framleis like vanskeleg å koma inn på, men han kjem i matfatet. Pistrpys er i rivande utvikling. Frå dei fyrste skjelvande og vaklande skritt der magen delvis tok i golvet, prøver ho seg no med hopp og sprett og fangar rova til Bøgvald! Han er ein veldig tolmodig mann som finn seg i det meste!
Ha ei fin adventstid! Og hugs på og kveikja ljos og summa deg litt!