fredag, januar 26, 2007

Snjo

Endeleg kom snjoen. Alltid like fin, alltid like fredfullt med det kvite teppet som legg seg overalt når berre vinden held seg vekke! Og det gjorde han to heile dagar. Måndags morgon låg snøen som eit heildekkingsteppe over tunet. Nesten så ein ikkje torer trø i det, då er det liksom med ein gong litt øydelagt. Spesielt domt er det når me kjem ut att frå stallen etter å ha moka der. Då vert det brune far eit stykkje ut på tunet. Men før me stig avgarde er det interessant å sjå om det er andre som har vore ute i nattens mulm og mørke og rusla over tunet. Jau, då. Der er små puselabbar på den gamle brunnhustrappa. Bøgvald og Olivia, tenkjer eg. Rett og slett litt trafikk frå holet i døra og bort i bedet, utan å sei meir om det. Mellom stalldøra og garasjen der traktoren står er det og spor. Det var Villmannen, eg såg han. Han bur i den gamle traktoren og så har han nok gjerne tenkt at det kan henda var varmare i stallen viss han kom seg inn der. Det gjorde han ikkje.
Kyrne likar å stå ute og lata snøen dryssa nedover seg. Berre stå og vera til. Lurt, tenkjer eg. Og så var det nokon av dei som hadde skjenekonkurranse heilt bort til grinda og heimatt. Ruene låg frosne som sjokoladetoppar ute på plattingen, til dess nokon trakka i dei. Kyrne har lite sans for kva som kan vera fint og ikkje. Eg tenkjer at ruer ikje nødvendigviis er fint, men dei er i alle fall finare når dei er urørde!
Bortom grinda møtte eg sauene. Der låg dei i sine "bol". Snøen hadde tint under dei så det var helst is i botnen på bolet. Og parler, mykje parler. Utruleg, dei må no visst finna mat, tenkjer eg. Litt blod i eitt spor. Det var høgre framklauva til Tilla. Det er nok skaren som har vore litt kvass. Dei må grava vekk snøen for å finn grastustane. Lett å sjå kvar sauene hadde rekkjet sitt. Koseleg, dei held fylgje og går ikkje inn på naboen sjølv om grinda sår open. Eg let ho att.
Oppe med Stemmen kjem det eit spor nedover og kryssar sauarekkjet. Reven! Der har han gjengje og luska. Eller kanskje han raskar som det står i songen? Oppe på vegen til Botnamarka gjekk revesporet føre meg. Og der hadde ein hare kome hoppande frå Mossige! Dette vart spennande. Heldigvis såg eg ikkje blod nokon stad. Då hadde turen vore øydelagd for meg òg, ikkje berre haren. Han hadde sikkert kome seg heim att før reven var ute på tur. Såg haren hadde stoppa ein stad og drive og pussa og klødd seg litt, viste merke etter knokane på bakføtene.
Og så var det mange myser som hadde vore ute. Nokon kom opp frå bekken, nokon frå ei tua med gamalt, vise gras og nokon frå gardhol. Ein plass var det to slike spor som møttest og så hoppa dei saman vidare, attmed kvarandre dei to mysene. Så koseleg, tenkte eg! Lukka på reisa!

Elles er å opplysa at budeia har meldt seg på spanskkurs! Startar onsdag 31.01.07! Lurer på korleis det er å læra språk når ein held på å verta eldre? Det vil visa seg!

onsdag, januar 17, 2007

Ei feststund

Så var det festen. Den gløymde me. Det vart så gripande med dei venninnene.
Dette var i går. Bonden låg på benken, litt samankrølla og drog lett. Budeia svinsa rundt med forskjelligt, litt rydding av joladukar og på med nye, flytte på kle osv. Eit ærende på vaskerommet og ein merkeleg lyd, fekk meg til å sjå ut. Og der ser eg Gina, Janna, Trine, Hege og Kvitsokk i fullt firsprang rundt kummen, bak garasjen. Ja, her var det fest, å du og du! Den vesle grinda låg flat, fritt fram. Eg formidla det eg såg til bonden, og før me kom ut var det ca. 30 kyr som hypsa seg rundt på kalvabeite. Og det var skikkeleg hypsing. Dei fryda seg over livet, endå til Tonje som akkurat hadde fenge kvesst klauvene og halta litt, gløymde alle problem og heiv seg til og hypsa seg i firsprang ho og. Me måtte lirka med mjøl i ei bytta for å samla dei inn til silo på forbrettet. Kalvabeitet som stod irrgrønt ser meir spettete ut i dag. Ja, dei nappa faktisk i grøne strå i går. Det er tydeleg at grøn bakke gjev stor grunn til gleda og fridomskjensla. Så flott! Med tydeleg kroppsspråk og lite hemningar vert det fort ei feststund av slikt..

Ei feststund

Det er nytt år. Livet ruslar som i fjor og godt er det. Me er friske og stort sett ved godt mot. Det same gjeld kyrne. Dei et godt og produserer godt. No fekk me akkurat tala frå husdyrkontrollen og det er interessant lesnad. Her er dei som har over 9 i feitt % og nærare 5 % i protein. Kjekt med høge tal. No skal alle data inn på lista på dataen i robotkontoret så me kan sjå kven som er best! Konkurranse der òg! Den som kjem høgast på energikorrigert mjølk kjem øvst. No er det Tilde. Ho mjølkar rundt 34 l og kjem opp i over 42 når litrane vert korrigert etter feitt over 4% og protein over 3.2 %. Vart dette forstålege for uinnvigde blogglesarar utan røynsle frå mjølkeproduksjon? Vonar det. Ikkje så farleg forresten.
Tilde er god venninne med Trine. Dei er jamgamle, var kalvar i lag, gjekk på same beitet då dei var kviger og no går dei saman i lausdrifta. Dei har kalva med 14 dagars mellomrom kvart år, no for tredje gong. Ser me Tilde så er det stor sjanse at Trine er i nærleiken. Trine kan vera sur med andre, men me ser aldri at ho er sur med Tilde. Tilde er alltid snill. No for tida klør ho så voldsomt. Ho stiller seg opp når eg går forbi på gangen, men då er det jo berre hovudet eg når og det er helst bakover det klør mest. Det forstår ikkje Tilde. Ho vil at eg skal koma oppi og ta med skrapa, det er det ho vil. Det gjer eg og av og til. Trine og Tilde er gode med kvarandre. Trine sleikjer Tilde, oppover halsen, på kjakane og oppi kruno og rundt auga. Alt er godt, ser det ut til. Men lenger bakover går ho ikkje, naturleg nok. Det er som ho seier: Godt du er her Tilde, du betyr mykje for meg, eg er glad i deg! Er det ikkje fint? Kanskje me kunne gje nokon ein "sleik" i dag, i overført tyding. Ein sleik kan vera så mangt. Det er tanken bak som er så fin, veit me! Og så er me folk heldige med det at me kan bruka ord, viss me finn dei, då. Det kan ikkje kyrne. Dei må bruka tunga på sin måte.


Ha ein fin dag der du er.