måndag, januar 28, 2008

Vinter ennå?

Hei igjen. Til alle som har lese sist blogg med kommentaren frå "dei innante": Me har vore heldige. Det bles friskt her og. Men einaste skaden, var ei -1- panna som fauk av taket. Det er høgt opp, og taket er bratt, så ny panna kjem ikkje på plass utan lift. Eg har prøvd meg på ekstremsport før, med dårleg erfaring.

Bonden - som skriv dette - har vore slapp i det nye året. Influensaen som slo meg ut nyttår, har sett formen langt tilbake. Det er ikkje å undrast at toppidrettsutøvarane treng nokre veker etter ein sjukdomsperiode før dei er i topp "shape". Av og til lurer eg på om det er alderen - at eg aldri vert den same igjen. Men det lettnar, nokre dagar iallefall. Restitusjonen tek lenger tid når ein dag for dag nærmar seg Metusalem sin alder. (1. Mosebok 5,27).

Kyrne kalvar. Først 348 Hege i starten av det nye året. Så 425 Litagod. Ho er forresten ikkje heilt rein jersey. Og det er utruleg kos den radaskapen viser seg. Øyeblikkeleg den første spenen er tom, sparkar ho av resten av spenekoppane. (Ja, slik kan ein sjå det når ein er fanatikkar: jfr. "Han innante"). For ei veke sidan kalv 428 Miss. Mor til Miss heiter Frøken. Ho har og ei dotter som flytta til "dei innante", og bur altså på Skiftun. Denne dottera heiter "Jento". For nye lesarar må nemnast at kyren her på garden får namn på ein bestemt førebokstav som gjeld for eitt år om gongen. Eks. i 1995 hadde alle førebokstaven B, i år 2000 bokstaven G. Me fylgjer altså alfabetet. I 2007 var bokstaven N, og dette året O. Frøken var altså fødd i 1999. Jento i 2003, Miss i 2006. (Adle galne har det riktignok ikkje likt, men det er ei råd når det er system i galskapen). I går kalva 878 Trine. Ho er mor til 425 Litagod. Ho er altså ikkje rein jersey, og er innflyttar. Derfor har ho nummer på 800-talet, og førebokstav som ikkje går inn i systemet vårt. Ho er oppkalla etter tidlegare eigar. Mora var 1/2 Holstein, 1/4 Jersey og 1/4 NRF. Så me kan kalla det blanding av skrubb og ågerhøna. Men Trine er grei nok ho. Ho er kraftigare enn dei fleste, og har derfor utnemnt seg sjølv til sjef saman med ei anna som er innflyttar og jamngamal. Dei har vore veninner sidan dei var nyfødte, og held saman gjennem tjukt og tynnt. Veninna heiter 877 Tilde. Tilde kalva i desember og er på topp i ytelse når det gjeld antal liter pr. dag.
Dagens spørsmål: Kor mykje trur de 877 Tilde mjølkar ?

7203 Selma heiter den yngste sauen me har. Ho vert eitt år til våren. Selma har vore uheldige. Bonden køyrde ut noko skjemt silofôr frå toppen av ein nyopna silkumme. Bonden trudde ikke dette kunne vera attraktivt for sauene ute på beite. Graset står jo grønt, og må vera mykje betre enn skjemt silofôr. Selma såg annleis på det. Ho forsynte seg, og fekk vondt i magen, - og føtene (forfangen). Ho har vore pusjen nokre dagar. I dag kasta ho (aborterte). Ho er nå litt lettare i hamsen, og at ho ikkje skal lemma til våren, er ikkje så farleg. Det er jo ein diskusjon kor vidt ein skal para lamma om hausten. Det er nok best for dei å venta med første lemming til dei er to år gamle. Men en lærer jo av slike hendingar. Får nok finna ei anna løysing eit anna år.

Takk for praten!

Helsing bonden