fredag, mars 05, 2010

Bøgvald

Bøgvald

Eg gler meg til å presentera Bøgvald. Han er stor og grå med kvit nase og snipp, og i desse dagar rundar han sine 5.5 kilo! Han har med andre ord hatt ein god vinter.
Når eg kjem ut i floren i 6tida om morgonen(og godt kunne tenkt meg å ha sove lenger), og eg så møter Bøgvald der han sit på skrivehylla, og han reiser seg opp, buktar seg litt og mel mot meg, ja, då er dagen redda.
Trur ikkje det er anna enn godt å seia om han, så omgjengeleg som han er. Når eg må studera og fylgja med på kalendaren som er klistra opp på brunnhusdøra, når Bøgvald akkurat bort på aksla mi med eine labben sin. Hallo, du, seier han, og vil eg skal snu meg til han, og så gnurer han det runde, koselege kattahåve sitt mot anorakken min.
Bøgvald har ikkje skipsføter og er son til Malaria, (med trykk på fyrste stavinga) som var dotter til Olivia. Han vert berre onkel og slepp desse vekesutfluktene og er veldig godt nøgd med tingenes tilstand. Er positiv til nye individ i katteslekta, i motsetning til Skogakatten som freser og doblar pelsen når Olivia kjem i brunnhuset med nye kull. Me trudde ei stund at Bøgvald var så fredsæl at han ikkje ein gong ville ta mus, men det stemmer ikkje. Ikkje lenge sidan han sat med ei mus til frukost uti tunet, og sleikte seg godt om truten etterpå utan dårleg samvit. Det er naturen som er slik, orsaka han seg med, då eg spurde om han gjorde slikt, han som er så snill. Jau, han er nok kjapp med labben. Men Bøgvald lika heller ikkje å verta fotografert. Han klarde ikkje sitja stilt og berre sjå naturleg ut. Så fekk me vetle-Jonas med, då gjekk det..
God helg!

3 Comments:

At 06 mars, 2010 02:02, Anonymous ingvald said...

Eg saknar Bøggvald! Og gler meg til å treffa jonas'en :)

 
At 07 mars, 2010 10:53, Blogger Gagn said...

Så jillt med dyr som kjeme og "melde seg" med poten/labben. Eg he akkorat blitt kontakta med labben av to kvide med svarte aue og ballnasa :)

 
At 08 mars, 2010 19:16, Anonymous Knut said...

Bøggen er ein stødig ein. Og det vert kjekt å helsa på ein ny Jonas - eller Jåser som er ein litt annleis uttale.
Helsing Hardanger

 

Legg inn en kommentar

<< Home