onsdag, september 19, 2007

Kattar og kalvar

Kalvane fyrst. På dei siste 16 timane har me fenge 4 kalvar. Kossagomma fekk ein stor oksekalv i går ettermiddag. Ho heldt til i Tuene med kalvinga og derifrå fekk kalven trillebåreskyss heim. Då kvelden kom og mørkret seig på, kom me på at me ikkje hadde sett Fjoma om ho var inne. Ho var dagalaus den 15. Budeia skulle ut og gje den nyfødde og såg etter Fjoma med det same. Men ho var ikkje å sjå inne. Ute var det stummande mørkt og bonden hadde endå til lagt seg. Det lyt våga seg, tenkte budeia. Me kan ikkje risikera at noko ligg flatt i mjølkefeber når morgonen kjem. Med sykkellykt i handa, vandra bonden og budeia ut på beitet for å leita etter Fjoma og i ei lita deld nedanfor drikkeplassen, der stod ho med ein fin liten kyrkalv. Ho skal heita anten Natalia eller Nortrud.
I dag var det Gerny sin tur. Ho skulle ikkje kalva før neste helg, men me såg i går at ho rigga seg til utover ettermiddagen. Eg skulle ut å sjå etter henne etter middag i dag og forstod fort at ho hadde kalva, for Kossagomma for omkring og spankulerte med ein svart kalv i føtene. Gerny var inseminert med Angus. Ho såg ikkje ut til å ta opp kampen om nokon morsrett og det forstod eg godt kvifor då eg nærma meg. Der låg ein fin liten kalv til, mørkebrun kyrkalv. Den andre var svart og oksekalv. Eg gjekk heim for å få assistanse til å få heim alt dette. Då kom heile bølingen etter meg. Kossagomma òg, med kalven, heilt inn kom dei, så eg klarde få han opp i ein stekkje. Seinare fekk me heim Gerny med den andre kalven i trillebåra. No har alle fenge mjølk og godt stell og alt er vel.
Kattane. Me har 5 kattar i skrivande stund. Det kan fort endra seg, då må det vel helst verta i i minus. Olivia er still going strong. Likeeins Bøgvald. Han såg litt skral ut i vår, men han har nok hatt ein god sommar for no er han ein velbygd og flott kar og med blank pels. Villmannen held seg heime hjå mor si enno. Han er ikkje kastrert så han fer nok avgarde ein vakker dag. Av dei fem ungane Olivia fekk i vår er det 2 att. Dei andre har kome vekk på ulikt vis. Den siste var sjuk ei stund og låg daud her ein dag. Dei andre to har me ikkje namn på. Trur kanskje Ingvil har, men i så fall har ho teke dei namna med seg til Tromsø! Den eine er hokatt, spraglete lik faren, men med skipsføter som mora. Den andre er hannkatt med små pusselankar som faren, men liknar Olivia i fargane. Han høyrer me aldri mel, men hokatten mel med ein gong me drøser med henne.
I så måte er kattar ulike, akkurat som folk.

Eit spørsmål: Av dei to kalvane me fekk i går, er den eine tantunge til den andre, samstundes som dei er sysken. Korleis kan det ha seg?

søndag, september 16, 2007

Tilstandsrapport

Me har akkurat runda midten av september og merkar at mogonane er litt tyngre og kvelden kjem litt tidlegare. Særleg når det er skoddaskyer og regn, og det har det vore mykje av i det siste. Me har alt prøvd oss med å kveikja stearinljos og ein liten lyr i omnen for å varma oss opp og det er hausten på sitt beste! Når det gjeld gardsdrifta er det snart litt om å gjera å få slå tredjeslåtten, men til det er bakkane for blaute. Ungdyra hadde me tenkt skulle gå ute minst ein månad til. Me har endåtil nokre småkalvar som eg hadde planar om skulle få vera ute nokre dagar før innsett. Det er så godt dei får prøva seg ute når dei er små, elles kan det fort gå over stokk og stein til våren når dei då skal takla det. No spørs det om ikkje den treninga går i vasken. Det er ikkje kjekt å ha dei ut i regn og vind og dei berre vert ståande med kryl på ryggen og hutrar og frys. Nei, veret styrer me ikkje med og det er visst det beste, seier dei.
Sauene ser me lite til. Dei går oppi Bakken og er godt nøgde med det dei finn. Eg må berre telja dei kvite prikkane av og til. Åtta prikkar skal det vera. Tenk det! Snakk om å auka opp! Viss alle dei får lam til våren doblar me talet på sauer, berre på eitt år! Synnøve er reist. Det var trist å senda henne, men ho balte fælt med føtene og det er slikt som forverrar seg med åra. i alle fall gjorde det det for henne. Tilla og Svanhild var gjeldsauer og har gjenge på Nubbatoppen med verene i sommar. Sist veke tok me dei heim. Det var litt av ein kamp. Svanhild ville ha mjøl i bytta, men ho let seg ikkje fanga frivillig. Ho tok opp kampen med grunneigaren og det enda med at dei rudla om einannan på graset så ho låg og fikta med føtene i veret. Men bonden slepte ikkje. Og det er viktig. Me fekk både ho og Tilla opp i kassa. Veren ville òg , den eine som var att, men han måtte ut att. Han fekk visst koma heim til Torstein litt seinare på kvelden. Eg var opp i Bakken og snakka med sauene dagen etter. Jau, dei som hadde vore på ferie var aksepterte og tekne inn att i familien og varmen, såg det ut til. I november skal dei opp til Torstein. Der er veren.
Kyrne er friske og har det godt. Eg trur dei ville ha skrive under på det om du tok ein liten intervjurunde, svar på fira spørsmål. 1. Får du nok mat? 2. Er du frisk? 3.Har du nok plass til å områ deg på? 4. Er dei andre greie med deg? Fira viktige kriteriar for eit godt liv for kyr, vil eg tru.
Har slakta Isabella og om ei veke fer Tonje. Ho er stiv i baklemene og har veldig skrale klauver. Ho var mykje betre ei stund i sommar for Kåre hadde henne i klauvboksen. Han slipte ein del og limte på kalosjer på dei to innerklauvene bak. No har den eine dotte av og då haltar ho meir. No får ho ikkje fleire. 434 Marit, ei lita kvige, 1 år, må nok og fara den same vegen snart. Ho var tvilling med ein stut og viser seg å vera steril. Ho er så koseleg, så livet er ganske urettferdig. Me har 8 småkviger inne i lausdrifta no til inseminering. Dei er veldig koselege alle saman. Magna er litt forskrekkeleg, men ho kjem seg. Dei andre ruslar rundt, lette på føtene og vert puffa litt hit og dit av dei vaksne. Det gjer visst ingenting. Dei fer opp i liggjebåsane og der snur dei seg og står med hovudet fram og enden inn. Det viser seg om morgonane, då ligg det ein del ruer framme i ein del båsar og eit stort vått felt. Det vert det nok slutt på av seg sjølv etter som kroppane veks. 333 Mayso skulle ha vore heime no, men er oppe i marka enno med dei drektige kvigene.
Litt kalving er det òg. Laura og Laila er dei siste som har kalva og no har lært seg til å gå i roboten. Dei er så flinke og trivelege. Litt "fyre" dei til roboten når han driv og leitar etter spenane, men det går helst godt. Ofte kjem dei bort og skal drøsa litt når eg er i gang med skraping og strøing. Då må eg klø, det gjer så godt.
Så litt skrøyd (jærsk): Kine og Liselotte var til Seljord på missekonkurranse og gjorde reint bord! Dei vann sine klassar og til slutt vann Liselotte heile Dyrskuprisen som finaste kyri av alle! Fine sølvskeier i premie. Me seier at det å vinna betyr ikkje så mykje. Det er å vera i miljøet og å vera i den koselege jerseygjengen som betyr mest for oss. Og det er sant. Kyrne kom ikkje heim før nærare midnatt fredagskvelden. Då var bonden og budeia på plass og tok i mot dei. For dei var det nok viktigaste å finna fram til Roboten og få tøma seg, og til forbrettet. For ingenting er som maten me har heime!

søndag, september 02, 2007

Ettersommar

September. Mykje har hendt sidan sist - heile sommaren. Det største for familien på Tunheim er nok bryllupet i Spania. 3. august i Sjømannskyrkja i Torrevieja. Silje og Knut.
Den neststørste markeringa var bonden sjølv sin runding av rundt tal, 19.august. Ein gild kveld med mykje program.
Elles er skulane i gang. Silje og Knut er i Bergen. Lars og Ingvil i Tromsø. Asle held dei gamle med selskap.
Men det er i fjoset me helst held oss i denne bloggen. Det meste her går i sin vante gang. Kyr går ut døra for siste gong - og nye kjem til. I går var me på Jærmessa, Varhaug, med to kyr og ei kvige. Alle fekk rosande omtale, og kvit sløyfe (1. premie). 392 Kine fekk topp poengsum med 5,0 for jur, og 10,0 for kropp og bein. Karakteristikken frå den danske dommaren var. "Det er simpelthen slik vi ønsker en jerseyko." Ikkje dårleg. Det er slikt ein opplever ein gong i livet. Men 391 Kari var og med til Varhaug. Og ho var ikkje blid. Gå med grima var ikkje noko for henne. Ho skal sleppa å vera med på fleire utstillingar. Elles må nemnast frå utstillinga at det var ei jersyku til Gry Merete Braadli som vart kåra til "Miss Jæren". Det er bra at jerseykyrne stikk seg fram av og til. Og for Gry Merete var dette ein ny opptur. Og det er så vel fortent.

Dette var eit lite pip frå bonden. Det gjenstår å sjå om eg får det publisert. Om det går bra, kan eg lova nye innslag med det første.