torsdag, februar 10, 2011

Sauene

Sauene kom heim til husa måndag. Heilt sidan desember har dei vore nøgde med å prøva klara seg på fjorgamalt gras, i periodar under snjoen som me hadde ein del av fram til nyttår. Sidan den tid har me hatt meir vanleg jærsk vinter med regn og slaps og grader rundt null. Greitt nok, men tungt og mørkt til tider. Om sauene òg syns det skal vera usagt, men no kom dei altså heim til husa og gav beskjed på sitt vis om at dei var her. Då ville dei ha mjøl i gjøto og det får dei, lite grann. Dei får ei lita ause mjøl på deling, om morgonane, ikkje om kvelden. Då er det berre silo. Som fortalt i ein tidlegare blogg har me auka frå 6 til 7 sauer. Det er nok eit maksimum på fleire måtar. No når dei skal få mjøl er det så vidt det er plass til alle nasane oppi gjøto. Kroppane er nokså omfangsrike med full ullpels. Det vert betre plass når den kjem av. Det skal skje om ca. ein månad. Me har 5 vaksne sauer og to "lambalembó". Dei heiter Solvor og Signy, og er milde og koselege.
Kva er ei lambalemba?

9 Comments:

At 11 februar, 2011 01:39, Blogger Islandur said...

Eg veit at Lumbalumba er eit feriemål i Indonesia..

Lambalimbo er kan hende ei fritidssyssel for dei halvvaksne, men framleis leikne lamma?

 
At 11 februar, 2011 10:10, Blogger Drusa og dei said...

Så kjekt å få respons frå Island! Faktisk det beste eg kunne få! Då har eg eit ynskje. Kan du finna ein sauabonde og spørja han om han veit kva ei lambalemba er? Og eitt ord til, kva er ei gjøta? Men kanskje det er langt til næraste sauabonde.....................?

 
At 11 februar, 2011 17:50, Blogger Islandur said...

2 1/2-menningen min er geitebonde/sauebonde, kan hende ho veit, eg skal finne ut om ho veit kva det er!

Men "gjøte" kjenner eg godt til frå islandsk, "jata". Men det er nok den bøygde forma som liknar mest:

Lúkasarguðspjall 2:7
"Fæddi hún þá son sinn frumgetinn, vafði hann reifum og lagði hann í jötu af því að eigi var rúm fyrir þau í gistihúsi."

Altså, krybbe. :)

 
At 12 februar, 2011 14:19, Blogger Gagn said...

Grammatikken står sterkt her :) Eg vett kå lambalemba e for någe, men trur eg ska sleppa andre (meir urbane) te...

 
At 12 februar, 2011 18:29, Blogger Gagn said...

Eg har faktisk nytestamentet på islandsk og bladde meg der fram til jolaevangeliet, og las så auga vart vått, om ho som la son sin i ei jøta! So flått. Difor visste eg at det er same på vossamaol som på islandsk, og det trur eg lambalemba er òg....!

 
At 12 februar, 2011 18:31, Blogger Gagn said...

Det siste var det budeia somm sa....

 
At 15 februar, 2011 12:24, Blogger Islandur said...

Eg har snakka med ho geite/saue-bonden, ho kjende ikkje til "lambalemba". Men ein annan islending trudde det kunne ha noko med foreldrelause lam å gjera, men det var nokså laus gissing. Så eg finn rett og slett ikkje svaret her på Island (enno). Kan hende det er eit gløymt ord her òg.. Men eg er svært forveten på kva det tyder! :)

(og eg vonar det står godt til med både to- og firbeinte på Tunheim)

 
At 16 februar, 2011 09:20, Anonymous Drusa og dei said...

Han Nils, bror min, var på Island for ein del år sidan og treivst veldig godt. Det var som å koma til slektningar, forstod eg, med delt historie. Og kyrkjebesøk med mykje song, det var visst storveges. Dei besøkte òg ein sauabonde, og for å kommunisera best mogeleg la han vinn på finna dei eldste orda han kunne i vossamaolet. Då gjekk det best, mellom anna forstod dei kvarandre når det var snakk om lambalemba. Eg vil ikkje gje fasiten enno, fleire kan få sjanasen. Men viss me deler opp ordet i to, lamb,seier dei sikkert på Island, og lemba seier dei det skal tru?

 
At 14 desember, 2020 18:39, Anonymous Roald Frette said...

lammelam= lam fødd av årsgammal søye

på dialekt: lambalamb, bunden form fleirtal: lambalambo/lembo

 

Legg inn en kommentar

<< Home