torsdag, oktober 21, 2010

Snjoen kom so fort!

Me skriv 21. oktober og ute er det kvitt! Eg likar det ikkje. Og det gjer nok ikkje kvigene heller. Dei grev med føtene så dei finn litt å bita i. Sauene kom heim og klaga på for lite mat. Men då sa eg at når kvigene må klara seg, då må i alle fall de som plar vera ute heile vinteren klara dekan! Trur dei var einige med meg for dei sa i alle fall ikkje meir! Men det var nok kalde bét, og kanskje det isa i sauatennene?!
Apropos sauene. Me skal faktisk auka bestanden frå 6 til 7 vinterfora sauer, og det er ein rimeleg høg prosentauke. No har me Signe, det er gamlemor, og dotter hennar Signy. Så har me Seri og dottera Solvor og systera Serina. Tone er nest eldst og dottera Tonje hadde Tønnes. Han og Torvald er i avl innover i Ryfylke slik Sivert er. Han reiste dit i fjor og får berre lovord for store lam i haust.
I går då bonden og budeia åt føremiddagsmat kom spørsmålet frå den sistnemnde om kor godt bonden likar sauer og kyr (og andre dyr for den del) gradert på ein skala frå 1 til 10!? Me tykte det var eit interssant spørsmål og kosa oss litt med å finna ut av det. Begge kom me ganske høgt opp mot 10 med begge dyreslaga. Kåre ligg rett under 10 på kyr (les: jerseykyr, sjølvsagt!) med sauene hakk i hel. Eg bytte om, slik at sauene kjem høgast. Sjelsorgbiten tel nok endå litt høgare for meg. Sauene er gode på det! Tenk så heldige me er som kvar dag får arbeida med nokon som me likar så godt! Då kan me seia at bøndene har det godt.
Me tok inn 3 småkviger i går. Det var nr. 500 Rosalinn, 499 Ronja og 497 Priskilla. Dei vart bundne på bås og godtok det. Så vart dei klypte og fekk mjøl og silo. Trur både dei og me tykte det var gildt!
Straks det turkar opp ute, skal dei 3 neste av dei yngste inn. Dei store må gå litt til viss berre veret kjem seg. Kan tru Kjøtdrallo er stor og fin! Trur det er bilete av henne på ein tidlegare blogg. No minner ho om kvitebjørnen Kong Valemon når me ser henne ooppi Bakken. Difor har ho fenge nytt namn og heiter Valdemor! Var ikkje det fint?
Ha ein fin dag, kvit ute, men varm inne!

Oppgåve: Kor stor er auken i sauebestanden vår, i prosent?

måndag, oktober 18, 2010

Haust igjen

Ser av tidlegare blogg at den brakkliggjinga den vert berre verre og verre.. No er det faktisk 4 månader sidan sist! Så viss nokon blogglesarar no kikkar innom då er dei verkeleg trufaste og står fram som eit lysande døme på å aldri gje opp! Men sommar er sommar, kan skulda på det.. Mykje som skjer og litt att og fram med både folk og fe...
Ser av sist blogg at oversikta over kattebestanden treng ei oppdatering. Ser òg at me hadde planar om å ta vekk nokre av siste kullet til Olivia, men det har ikkje vorte gjort. Eller kanskje tok me ein? Litt usikker no. Me har i alle fall 3 ungar som no er store og eigentleg for gamle til å gje vekk. Dei vil nok få problem med å slå seg til ro på ein ny stad. Dei har diverre heller ikkje fenge namn. Ei er hokatt, svart med skipsføter (ho skulle leva i tilfelle Olivia strauk med.), ein hankatt, svart og kvit med små puselankar og ein hankatt med, kvit og svart, òg med små pselankar. Dei er så fine og så forsiktige og koselege. Alle er no aldeles reine og velstelte etter ein heilt spesiell "skiten" barndom. No steller dei seg sjølve, og Olivia er òg rimeleg velstelt etter kvart, men den flotte, blanke pelsen er ikkje heilt på plass. Heile kattebestanden måtte gjennom ein eller to lusekurar, og då var det mykje som retta seg.
Så var det Bøgvald. Han er framleis eit stabilt innslag i katteverda her. Men han var temmeleg skranten og redusert og angripen av dei små gråe han òg. NO derimot er Bøgvald i si velmakt. Ein utruleg god sommar sett med hans augo, med massevis med myser, som han titt og ofte persenterte som fanga ved å marsjera gjennom tunet med bratt nakke og musa i munnen. Med sine minst 7 kg, stokk Kåre i dag då han lyfte han opp for å ta han med seg inn i forrommet. Der pilte det nemleg rundt ei lita grå mus i dag. Og då eg skulle henta mjøl til kalvane frå stryta i mjølrommet spratt det opp ei mus der òg. Men Bøgvald gadd rett og slett ikkje. Det var då me såg kor godt han er i stand. Kjem nok vel med no når lauvet fell, frosten bit i graset og vinteren nærmar seg....
Så var det Jonas. Der har det vorte endringar. Han måtte gjennom ein operasjon. Og det gjekk godt. Eigentleg plar hankattar som går gjennom ein slik operasjon verta rolegare og meir medgjerlege etter operasjonen, men det har vorte helst motsett med Jonas. Kosemotoren hans var i gang stort sett heile tida før. No er det meir av og på, og han har mindre tid til drøsa og verta klødd. Ja, den naturen...Ikkje godt å forstå seg på alt...
Olivia er som sagt snart attende til god, gamal form, men ho har mista ei tann, og pelsen er som nemnt ikkje så blank og fin som før.. Med 10 år på nakken, kan det vera alderen som krev sitt.. og at Olivia har sett sine beste dagar? Kanskje det, men ho er veldig godt nøgd med livet og tilveret, ser det ut til.
Skogakatten er her ikkje lenger. No er det fleire månader sidan han for, og eg er litt usikker kva argument som felte han, men eg veit han var veldig trøyttande med dei andre for han hadde ikkje vore gjennom same operasjonen som Jonas. Så Skogakatten dreiv og beit dei andre slik at dei fekk sår som det gjekk betennelse i. Det gjekk ikkje an å ha det slik. Slik er det berre.
Sist veke tok budeia ei oppskeining i det gamle brunnhuset hjå kattane. Med kost og klut. Og puter og teppe vart vaska, og den gamle farmorstolen måtte vekk. I staden kom ein gamal skinnstol. Så no er det så ryddig og fint, og plass til alle i i fruktkassa med stor puta og skinnstolen med ei lita puta. Men når Bøgvald legg seg fyrst i fruktkassa, endå han legg seg heilt på ein sida, vert det ikkje så mange andre det er plass til attmed han. Sjølv kjem ikkje på at han er så stor, for han er liten og fin inni seg....!
Ha ein findag!