torsdag, juni 01, 2006

Endå fleire kalvar

I går hadde me eit lite statusoppgjer. Åtta kalvar i april/mai. Ikkje noko å akryta av sånn, men det som var litt flott er at me har fått like mange av kvart kjønn. Har vel som regel vore ein tendens til at hankjønna har kome i fleirtal her hjå oss!
Kossi (kviga etter Borgny) var dagalaus igår. Ho har laga seg til med eit stort jur og igårkveld då eg var ute på beitet og sa godnatt, kjende eg at ho hadde slept senane på eine sida. Men me let det stå til. Ho fekk vera ute og styra seg sjølv. Naturens gang er ofte den beste. Og veit du kva Kåre fann i dag tidleg: To små! Mons og Marit! Nusseleg som dådyr låg dei der i mellom tuene. Ein trillebår tur inn og opp i ein binge med dei. Dei må få vera i lag ei stund i alle fall, når dei er tvillingar. Så mjølka me Kossi, mykje, fin istemjelk og kalvane drakk så berre det. No søv dei så godt. Men Kossi går og leitar. Det er det triste. Snufs, snufs, men me skal passa godt på dei. Så no har me ti små kalvar og 50/50 enno!!
Må fortelja at no veit me kvar Olivia er. Eg spionerte på henne og då såg eg ho gjekk opp på nyelåven. Der hoppa ho opp i holromet mellom det gamle lågbygget og det nye. Eg lyste inn for å sjå om eg kunne skimta lysande prikkar, men nei. Må nok alliera meg med yngre krfter for å få ungane ut derifrå.
Ha ein fin dag!