måndag, januar 30, 2006

Friminutt



Juniorane til Bossi må ut å lufta seg litt. Her ser me Mads i friskt trav!
Ein godsleg og harmonisk kar.






















Mixa klar til innsats! Her har ho nett bite på dei siste skota på den vesle kjeglegrana. Men det var ikkje godt!
















Munni er ei tenkjande dame ser det ut til! Men aktiv, og snill!



































Mixa og Mads i fint samspel, ikkje slåstkamp her, men det kunne det godt ha vore.

tysdag, januar 24, 2006

Kryss og hasar

REGN

Så kom Gumman tø på besøk igjen. Det minkar på snøen, men det var såpass med snøfenne at det skal meir enn to dagar til å ta knekken på dei.

I fjoset kalvar det. Først 324 Greta. Ein dralle på lordag. Men Greta har hatt litt for lang pause. Det er stridt å starta opp etter ein lang tur på benkjen. Ga på Calsiumsuplement. Likevel vart det paresis puerperalis. På sundagskvelden var ho heilt i ørska. Fekk ein delvis lammelse av høgre bakfoten og. Me flytte na inn i sjukegarde, så ho skulle få ta livet i sitt tempo. I dag ser det mykje betre ut. Nå står ho tåleg bra på foten, og matlysten er for fullt på veg oppover.

Sundag kalva 319 Frøken. Ein liten, fin kosse. Og sidan me skal ha namn på M dette året, må jo dotter til Frøken heita Miss. Den første kossen me fekk i år er oppkalla etter ei dame på Filippinene: Marlén. Frøken har helde seg frisk. Ho er godt i rytme; et og går inn i roboten og vert mjølka, slik som me ynskjer.

Helsa inne i huset her er sånn delvis. Marta begynte med litt i halsen for nokre dagar sida, og det har vorte berre verre etterkvart. Men det pleie vera slik at når det er på det verste, så snur det og vert betre att. Me satsar på besning i morgon. Sjølv er eg litt opp og ned. I går var det ned. Det er tungt å leva med 40 kg for mykje, anten det er 40 kg eller det berre kjennest sånn. I dag er det mykje betre.

Hundongane er nysselege nå. Og dei set pris på besøk. Fodla fanget med det same ein set seg ned, og det gjeld om å koma seg opp i fjeset. Det kitlar. Helsebot.

Elles går livet nokonlunde sin vante gang. Me nærmar oss rett døgnrytme. Merkeleg kor lang tid det tok. Det har vel kanskje noko å gjera med den virusinfeksjonen me fekk med oss.

Takk for praten, helsing bonden

måndag, januar 23, 2006

Fira små

På biletet nedanfor ser me Bossi sine 4 små. I midten er dei to "komande " damene, ei brun og ei som me trudde var heilt svart, men som det viser seg har brune flekker over augene og litt brunt framme på labbane. Sjarmerande det, men det er nok dama med gemytt, ho går ikkje av vegen for ein slåstkamp med brørne. Kanskje den brune er litt mildare" i tyå" ( godt jærsk uttrykk), men ho kan det ho og, går og nappar og bit litt i dei andre når dei har lagt seg til å sova! Hannhundane er svarte. Den til venstre har berre litt kvitt heilt framme på tærne, og litt på bringa(?), trur eg. Den til høgre har mykje kvitt over nasen og på bringa og flotte sokkar på føtene, reine skisokkane til nikkersen!
Bossi er nok glad i dei, men ho vil berre vera hjå dei ei kort stund om gongen. Heile natta vil ho vera inne på vaskerommet, men då er ho voldsomt i farten etter å koma seg inn til dei når me skal ut og stedla. I dag er dei fem veker gamle så det nærmar seg at dei er store nok til å reisa frå mor. Skal dei ikkje helst vera 8 veker då? Trur det.
Ha ein fin dag med eller utan kvite sokkar!

søndag, januar 22, 2006

BJEFF; KNORR KNORR


Her er eit lite fint bilete som ein annan forfattar kanskje har lyst til å skriva meir om seinare? Det kjem i alle fall meir stoff om dess 4 raringane på fire bein =) =)

tysdag, januar 17, 2006

Småplukk

Janicke er ikkje bra. Ho kalva fyrste kalven i slutten av september, Litle Biggen, mjølka voldsomt for å vera kviga, rundt 30 l til dagen. Ut i november begynte ho å skranta. Eit eller anna i luftvegane og behandla for det. Batt opp hovudet og gav penc. rett i blodåra på halsen. Det hjelpte, ei stund. Slik har det gjengje opp og ned, men siste veka forverra det seg. Fredag fekk ho noko mot lungeorm. I går kom det skum (fraoa) blanda med blod or munnen hennar. I dag var valet å ringja til mattilsynet og få dei til å ta prøve og så avliva henne eller å gje ny behandling med nytt preparat . Me valde det siste. Ho fekk og smertestillande. No har ho vore ved forbrettet, i roboten og i drikkekaret! Kanskje det lagar seg? Me håpar og trur sterkt på det!.
Elles er budeia i gang med eit stort skippartak i dei ulike romma i floren, no skal det ryddast opp! Spindelvev, lort og skit og rusk og rask får fyken og ting skal få sin eigen plass. Sette i gang hjå kattane i går. Dei likte det eg gjorde, hoppa rundt meg og kjelte oppetter føtene og tykte visst dette stod til. Eg bruka nemleg ikkje høgtrykkspylaren og det var nok det dei lika best. Tvåga og kost er dei ikkje redde. Men sløsing med vatn er ikkje for dei. Nuskitusk har utvikla ein kollosal vetrapels, ho ser nesten litt mektig ut! Og så ho som var så nusseleg?! Ja, ja,så er det altså ein overgang der frå det nusseleg til det mektige, det var interessant?!
Er begynt å gle meg til sauene skal inn i garasjen! Men det er nesten 2 månader til enno. Snakka med dei i går då var dei her i mellom husa. Synnøve må eg fortelja litt om. Ho er eldst no, skal lemba for fjerde gong og det i seg sjølv er nesten utruleg for dei to sister gongene ho har lembt har me sagt at no skal det vera siste gongen! Dette klattet skal me ikkje ha! Men Synnøve lever. Det har seg slik at etter at Synnøve har lembt og slikka lamma sine( får to kvar gong) skjer det noko i hove hennar og ho trur at det eine lammet er naboen sitt for ho fekk berre eitt, trur ho. Så vert Synnøve sint som eit krut og må i band. Der må ho stå i ti dagar. Då har ho nesten gjeve seg. Det lammet ho ikkje vil ha klarar seg i alle fall. Eg trur Synnøve får svangerskapspsykose eller noko slikt. No er det lite litteratur innan psykiatri hjå dyr, så eg kan berre ha mine tankar om dette. Synnøve får så store fine lam og sjølv har ho eit flott særpreg. Ho er så stinn og rund at føtene peikar utover frå kroppen som tunne stikker. Og så vaggar ho lett når ho går. Og skal ho prøva å springa så ser det rett og slett løye ut. Då ler me!
Lisa er ein kalv på ca. tre månader. Eg kom på henne då eg tenkte psykiatri, for Lisa har hatt angst for glatte golv! For to veker sidan vart ho flytt frå bingen sin inn i ein stor garde i lag med to litt større kalvar. Den garden har ein liggjeplass med matter og berre støyt golv der dei står og et. Det er der det kan vera glatt. Lisa fekk problem med i det heile å føta seg. Bakføtene gjekk berre ut i spagat og til slutt vart ho liggjande slik. ( Dette kan Knut fortelja meir om). Det var då eg trur Lisa fekk angst for glatt golv. Berre ho tenkte på å gå ned på det golvet vart føtene hennar heilt stive og bevega seg utover frå kroppen. Då måtte me strø med sand! Det gjorde me, og no har Lisa funne ut at det er ikkje så glatt som ho trudde. Det går beint fram fint å stå der å eta. No er me slutta å strø sand og det går godt det og. Strøinga er vel då ein slags terapi, vil eg tru.
Ventar fire kalvar no i slutten av januar. Greta er dagalaus den 19. Har sagt at eg vil ha kyrkalv for me har ingen etter henne. Det vil eg ha hjå Frøken og , ho skal kalva den 25. Ho er mor til Jento som no er i Ryfylke. Greta og Frøken er drustelege begge to. Så blanke i pelsen at det skin av dei. Så no gjeld det å passa godt på slik at dei held seg friske!
Ha ei fin dag!

Kva er ei tvåga?

tysdag, januar 10, 2006

Heime att

Så er bonden og budeia komne heim. I dag var det me som sjodna. Dyra hadde hatt det godt. Gina berre glytte litt opp då ho såg meg og høyrde meg ( helst det)og sa berre: Ja så, no er de komne heim! Det høyrdest nesten ut som ho ikkje sakna meg, men det meinte ho ikkje. Eg forstod ho tykte det var godt at eg kom att! Og det er ei god kjensle å starta dagen med! Den unner eg alle å kjenna!
Me har hatt ein fin tur. Sett utruleg mykje me aldri har sett før. At den veksande månesigden der sør ligg som ei skål på hinmmelen! Visste du det? Og at vatnet i doskåla kvervlar motsett veg av her? Eg visste det ikkje. Men Kåre visste det siste. Me har fenge 2 fried eggs med ham og bread til frukost , på senga! Og køyrt drosje som aldri før, meir enn alt til saman så langt i livet! Billigt! Me har sett fattige folk, nesten snubla i tiggarar som sit på gata, og sett inn i brune barneaugo som kikar bedande på deg gjennom bilvindauga: Hey, mum! Money! Hey, mum, hey, mum -- Eg høyrer og ser dei enno. Og me har sett glade syngjande born som fekk beskjed av læraren å syngja med action! Og det skal eg sei dei gjorde! Born som vert glade for å få høyra om korleis me har det her på andre sida av jorda. Dei har forresten eit utruleg klima der sør. Ikkje løye at Edens hage sikkert var i dei traktene!
Men no er me heime. Til grovskiva og brunosten. Kanskje det var det magen min sakna, han slo seg litt vrang dei siste dagane.
To kyr har kalva medan me var vekke, Hege og Jasmine. Dei fekk kyrkalv begge og no har dei fenge namn. Den som var fødd i 2005 skal heita Linros og den til Jasmine skal heita Marlen, eit namn frå Filipinane! Tenk me fekk med oss 9 namn på M frå den klassen me besøkte. Det var svært. Også male- namn, trudde dei eg måtte ha! Eitt ord lærde me på Bisaya, som språket heiter der i Cebu, og det var ordet: Bakka, med likt trykk på begge stavingar. Som tyder? Sjølvsagt : Ku!
Drallane til Bossi har vakse kollosalt og er flytta ut i sluserommet. No klarer dei lyfta seg opp på føtene og balansera rundt med den drallne kroppen sin. Gode å ta i og dodlige, men det ser nok ikkje Bossi, ho er trøytt. Ho vil vera med inn og kvila når ho ser oss i fjoset. Av og til ligg ho og knurrar når drallane set i gang på juret hennar. Ikkje spøk.
Snart skal me til å gje dei mat på fat og då vert alt lettare for henne.
Ha ein fin dag!

Dagens spørsmål: Kor mange spenar har Bossi?

søndag, januar 01, 2006

GODT NYTT AAR!

GODT NYTT AAR! Helsar me fraa Filipinane! Ei form for tjuvstarting, for me har alt brukt 13 1/2 time av det nye aaret! Og det har begynt godt. Me har litt vanskelg for aa faa sova ei heil natt i strekk, saa i jerkvelde bestemte me oss for aa halda oss vakne til ut i det nye aaret. Og saa satsa paa at me klarde aa sova 4-5 timar i strekk. Ikkje problem aa halda seg vaken. Det gneistra, spraka, small og kvein av rakettar, kinaputtar og eg veit ikkje kva (saa ut torde me i alle fall ikkje gaa). Men sova var ikkje heilt lett sjolv om det stilna utover natta. Ikkje heilt sant at me ikkje var ute, for det var me. Sjur kom ned til oss og fylgde oss bort i kyrkja som ligg i same kvartalet. The redemption church!Daa var klokka knapt sju(19) . Han skulle heim att til familien, men me bestemte oss for aa vera paa messa som skulle starta kl 8 og fann plass paa ein benk. Dette var forvitneleg. Folk kom og sette seg ein time foer gudstenesta skulle begynna. Somme berre sat, andre knelte paa boneskammelen som var framfor kvar benk og andre gjekk og kveikte boneljos. Ja, ein del gjekk og bort til Jesusbarnet som laag i krubba framfor eit kjempestort Betlehemsbilete. Kva var mest ukjent og annleis? Folk var ikkje redde for aa liggja der og bed sjolv om andre gjekk rundt dei. Eit svaert opptok opna messa og ei lang rekkje med ungdomar bar skaaler med roykjelse. Roykjen veiva dei rundt altaret osv. saa presten var til tider meir eller mindre innhylla i royk. Og saa var dei opptekne av Maria. Dei bad om at ho maatte gaa i forbon for dei. Det verka tungvint. Elles var songarane gode og mange kjende songar paa overhead! Med bassgitar og forsterkar! Begge sideveggane var 4 sett med doble dorer. Desse opna dei for messa, men songen og musikken var saa flott at den overdoyvde lyden av fyrverkeriet utanfor! Det var bra! Etterpaa fylgde me stimen ut og rusla heim, sveitte og klamme i varmen, men med mange tankar i hovudet!
I dag sa me til Sjur at me ville ha noko anna, ikkje katolsk! Og det fekk me! Ei lita forsamling som kallar seg: Life of bread! Dei held vanlegvis til i overste etasjen paa eit supermarked. Me norske er opptekne av kva konfessjon dei ulike tilhoyrer. Eg spurde ei av dei aktive om det, men det visste ho ikkje! Saa herleg! Det hadde lite aa seia for det var heilt bra aa vera der. Lovsong og lang undervisning. Den vesle dama snakka i 1 1/2 time med drama og videosnuttar inni mellom! Bra!
Me har det altsaa godt. Flott aa moeta kristne broer og systre paa andre sida av kloden og kjenna fellesskapet i trua.
No skal me ta drosje til Casa Rosario og saa vidare heim til Sjur! Ha ein fin dag!
Det einaste Kaare saknar er Nyttaarshopprennet i Garmisch partenkirchen!