onsdag, desember 22, 2004

Ruff!

Nå er heile familien heime, bortsett frå Knut som er på politistasjonen i Oslo. Slik kan òg livet vera. Me håpar Knut kjem heim før julaftan.
Ellers så har me 3 hundekvelpar. Dei er veldig forskjellege. Ein høg og mørk som er full av energi, og bankar dei andre to. Ho andre er òg mørk, bit ein del og har "midt på treet" med energi. Den tredje er ei blondine, ho likar best å sova på teppet sitt. Men ho er kanskje den finaste og ho bit heller ikkje så mykje, det dreg opp. Men totalt sett så produserer dei for mykje avføring, og dei er heller ikkje flinke nok til å samla det.
I fjoset går det meste godt, men roboten har litt problem med 5-6 kyr. Enten står dei ikkje stille nok, eller så er spenane vanskeleg plasserte. Eit anna problem me har er kopla opp til kraftfortildelinga. Ein del av dei eldre kyrne vegrar seg for besøk i kraftforautomatane. Dei yngre beista har organsiert seg slik at området rundt automatane konstant vert overvåka. Høyrer ei av dei lyden av fallande kraftfor er ho fort på plass. Kroppen vert plassert normalt på utgangen av kraftforautomaten. Hovudet er i jurhøgde og vert slengt att og fram. Sjølv ungdomen veit det er ubehageleg å verta stanga i juret. Og når offeret har flykta, et tjuven opp kraftforrestar. Kanskje bør bonden ta hintet og auka kraftforrasjonane.

Siste dagens spørsmål gjekk på far sitt aktivitetsnivå. Og me har fått nokre svar. Dei fleste har overvurdert dagens 57-åringar. Det er fint at me har tru på dei gamle, men for å ha godteke svara måtte dei ha lege på 5-25 klatringar. Premien går difor til Harald Kryvi som er snill og grei og har forøvrig skrive ei flott bok om fiskeanatomi.

Dagens spørsmål: Kor mange spener har kua?

Riktig svar kan sendast på sms til 91108775. Riktig svar vert premiert med rosande omtale og open melkekran ved besøk på Tunheim samdrift. I tillegg vil Olav Sirevåg få ein overraskelse tilsendt om han svarar riktig, dette spørsmålet er tross alt retta med tanke på han.

Dagens ku: 856 Bromma
Fordi: Ho mjølkar meir enn dobbelt så mykje som den nest høgst ytande. Har eit snitt på over 46 liter døgnet. Mykje vatn.