søndag, oktober 16, 2005

Kryss og hasar

Vanskelege valg.

Av og til kan livet vera fullt av valg, og valga kan ha store eller små konsekvensar. Ikkje alltid er det gildt å innrømma at dei valg ein tek, kan vera årsak til situasjonar ein gjerne skulle vore utan.
Dei valga eg her skal skriva om, får sikkert ikkje nokon store uheldige konsekvensar, håpar eg.
I går selde me tre kyr til Hjelmelandskanten. Det var 335 Helga, 363 Ingrid og 386 Jutta.
Helga er så fin, men ho gjer litt lite av seg. Stikk seg aldri fram og seier: Sjå opp, for her kjem eg! Nei, ho passar på å vera usynleg, for då er det ikkje nokon som plent skal mobba. Me tenkte på å ta Helga med til Seljord på Dyrsku´n i haust. Det vart ikkje. Men nå kan dei kanskje ta ho med på utstilling, dei nye eigarane.
Ingrid er ei sopande mjølkeku. Ho er grei, mjølkar godt og har ei god mjølkekurve. Men bakspenane står litt nær kvarandre, slik at roboten har av og til vanskeleg for å skilja dei to, og set på feil spene først. Då vert det vanskeleg å finna den andre. Nå er Ingrid reist over Boknafjorden, og det var trist. Ho var så tillitsfull og lika så godt når eg heldt hovudet i armane og klødde ho. Og ein ting til,- ho har mørkeraud farge på pelsen sin. Det er nokså uvanleg på jersey, og derfor kjekt å ha.
Jutta er ei kvige som kalva for 1 mnd. sidan. Ho var litt sparkete av seg like etter kalving. Men som så ofte: Det har gått seg til. Ho er grå, og har eit sånt fint ansikt. Ho såg så tillitfull på meg når eg var i fjoset. Ei ku å verta glad i. Ja, eg er nå glad i alle, eg. Alle har sitt særpreg, og ingen vil eg mista. Det er likevel litt lettare å senda dei avgårde når ein veit at dei skal ha eit godt liv der dei kjem.
Mens bilen som skulle henta desse tre var her, og me leia dei ombord, heldt 299 Evy på å kalva. Og Eva vil helst kalva i ved ein bekk. For tre år sidan datt den nyfødde kalven hennar ned i bekken. Kalven lår og strekkte hals for å unngå å drukna då me fann han, eller skal me seia ho. For det var ein kossekalv, og den fekk navnet Ivonn sidan ho vart funnen i vann. Og nå- etter dei tre var sende av gårde, hadde Evy kalva. Ein svær oksekalv. Men eit eller anna uheldig gjorde at kalven var livlaus. Og eg såg at det var liv i han berre 15 - 20 minutt tidlegare, før han var komen ut. Valget denne gongen falt på opplessinga av kyrne i staden for å passa på den som kalva.
Men i dag kalva 366 Isabella. Det gjekk godt. Ho ordna seg sjølv ute på "kjelvå". Ein svær oksekalv dette og. Frisk som ein fisk.
388 Jelena har me skrive om før. Ho er litt slem. Vil ikkje inn i roboten. Så me har ein val: Skal me slakta henne? Skal me prøva å selja til ein med båsfjos? Eller skal me rekna med at dette også går seg til. Me får sjå.

Dagens spørsmål: Kva tyder ordet "mjølkekurve", og kva tyder ordet "kjelvå"?

4 Comments:

At 17 oktober, 2005 11:20, Blogger Drusa og dei said...

Berre ein liten kom. frå budeia. I dag hadde Jelena lurt seg inn i roboten ( med bonden i klaven) før budeia rakk å trø hjelpande til. Så Jelena skikkar seg, ser det ut til.

 
At 18 oktober, 2005 19:10, Anonymous Anonym said...

Mjølkekurve er vel kanskje ein statistikk over kor mykje kua molkar,et diagram der en skriv inn prikkar og dreg opp strekar mudlå dei?
Kjelvå e nok egrå eller jordet...Godt u jelena finn utav det med roboten..det er store endringar i et kuliv..så godt dokke e tolmodige..

 
At 18 oktober, 2005 22:45, Blogger Drusa og dei said...

Det var gildt med kommentar/svar frå Varhaug og de. Og svaret er rett.
Me ynskjer ei flat mjølkekurve. D.v.s. at kua skal mjølke rimeleg mykje heilt fram til avgjelding. Ikkje berre mykje like etter kalving, for så å minka fort av. Dæ æ jabnå så drege.
Helsing bonden

 
At 27 oktober, 2005 13:14, Anonymous Anonym said...

Hallo og takk for sist - det var rart å lesa det du skriv om kyrne! Her i sin nye heim har Helga starta på ein ny identitet, ser det ut til. Ho avgjer kven som skal liggja kor, kven som skal mjølkast først og sist, og kven som får audiens på fôrbrettet.
Idag har ho vore brunstig og gjort livet ganske "heise" for dei andre. Ridd, stonga og styra på. Dei andre kyrne har helst stått ganske forskremde på kvar sin bås!
Vonar hormonene roar seg om ikkje så lenge.

Helsing "dei innante"

 

Legg inn en kommentar

<< Home