tysdag, oktober 04, 2005

Fred på jorda

Irene kalva i dag tidleg. Dei mest ivrige blogglesarane hugsar kanskje at ho vart nemnd i ein tidlegare blog. Med førebokstaven I skulle ho ha kalva fyrste kalven i fjor. Då kasta ho etter beiteslepp. I dag kom altså fyrste drallen. Noko eigentleg dralle var han eigentleg ikkje. Likevel heise nok å få han ut. "Gubben og Gamla" sleit og sleit utan at det "gnatt". Då føreslo Kåre at han skulle slita med begge kjettingane medan eg prøvde å opna litt i "utgangen" og pressa på skolten. Og plupp, der kom han. Men Irene vart ikkje skikkelg glad. Ho var så "yvegåvæ" på alt i hop. Men no har begge det godt. Drallen fekk ein god sup med seig flott råmjølk med litt E- vitamin oppi. Og Irene har greitt seg og ligg og kviler ut.
Den neste som skal til pers er Jelena. Ho er stor. Kryssing med Holstein/ NRF/ og Jersey. Diverre oppdaga eg i går at skinnet på spenane var begynt å flassa. Der kan verta "jet og basuka" for avløysaren! Då er det rimeleg at Gubben og Gamla reiste til NordNorge. Den stor tverrbøylen skal i allle fall på plass før me reiser. Så seier me lukka til og minner om at Agro har ei naudslaktordning! Men det er det ikkje berre kjekt å tenkja på for Jelena er ei koseleg kvige - -.
Ha ein nydeleg haustdag alle blogglesarar. Og gjer som Tilde: Ho låg og hjorta med hovudet fram og opp, øyrna hekk litt ned bakover og augo nesten attlatne. Har du det godt no? spurde eg. Ja, no er det fred på jorda, sa ho. Ikkje løye du har det godt, tenkte eg, som ikkje ser og høyrer nyhende. Men kanskje presenterer Tilde ein liten (stor)løyndom?!. Av og til kan det vera lurt å lukka verden ute for ei stund og kosa seg litt i sin eigen, når den er god.

Helsing budeia!

Spørsmål: Kva tyder det at Irene hadde greitt seg?

Spørsmål to: Kva heiter "yvegåvæ" på din dialekt?

5 Comments:

At 05 oktober, 2005 10:56, Anonymous Anonym said...

Når hu he grett sæg, he hu kvitta sæg mæ alt så he mæ kalvingå å gjera. Når det gjeld uttrykket så trur æg nesten at dæ må væra "øvejidde". Elles så må æg seia at Bonden og Veterinæren æ velkomne opp te Tromsø. Hær æ dæ et vèr te å verta øvejidde av. Men om me klare stenga værå ude, kan me ha det fint mæ åkke sjøl.

 
At 05 oktober, 2005 14:54, Blogger Drusa og dei said...

Det høyrdest godt ut! Men det er vel best å ta ullklede med? Og regnsklede. Det gjer me. Har ikkje pakka noko enno, men driv og vaskar kle. Reint skal det som kjent vera, i alle fall. Akkurat no sviv 2 regnjakker rundt inni vaskemaskina. Håpar å få av dei verste florslukta. Helsing budeia (det er den tittelen eg likar best!)

 
At 06 oktober, 2005 12:51, Blogger Drusa og dei said...

Det er godt med ungdommeleg mot! Det ser eg no.

 
At 10 oktober, 2005 10:25, Anonymous Anonym said...

*kremt* Skal det ikkje vera: Ein roter VW FÄHRT bald schnell nach süd los? Hehe, maa vera litt pirkete naar eg kan!! =) =)..Har tilfeldigvis ein som heiter KnutO fengje ein päckchen i posten??

 
At 10 oktober, 2005 17:27, Anonymous Anonym said...

Moin!
Hier will ich einen Kommentar hinterlassen. Ich finde es so toll daß man hier Kontakt erhalten kann =) Seid ihr nicht einverstanden? So, wie geht's alle euch? Ich habe es gut, aber nicht eigentlich so viel zu tun heute. Wir sollen vielleicht einen Film gücken heute abend, aber dass ist alles. Ist es möglich dass ihr etwas neues auf diesem Blogg schreiben könnt? Es ist wirklich echt Dufte zu lesen, und dann habe ich etwas zu machen. Sonstigens ist es nur eine Woche bevor ich plötzlich auftauche. Freue mich =) Sprechen uns! Knot,kommst du nach Hause wann meinen deutschen Besuch da ist? Wäre spaß c",)

 

Legg inn en kommentar

<< Home