søndag, september 26, 2004

Sundagsmorgon

Livet for Drusa og dei går sin vante gang om det er kvardag eller helg. På grunn av ombygginga av kufjoset, er det ikkje plass til alle inne. Dei er derfor ute dag og natt. Ikkje så godt når veret er surt.

Om morgonen klokka halv seks tuslar bonden bortover vegen for å henta heim kydne til molking. Grinda er attleten. Ikkje ei ku å sjå. "Koma kossane", ropar bonden. "Tass, tass" høyrest i sorpa. Ikkje akkurat som når "Han innante" skulle forklara lyden av eit kyss: "Som når kua dreg foten opp or eit sorpehol". Men bonden har høyrt det han skal. Kyrne er i bevegelse. Så godt at dei har føter å gå på så ein slepp å bera dei heim. Så er det berre å tusla heimatt. Idag er det grått og fuktig. Snart kjem dei inn fjosdøra. Først Gabrielle. Alltid lyst på mat. Silofôret ligg på fôrbretten, så det er berre å finna seg ein plass og fosyna seg. Så kjem den eine etter den andre. Irma er ei fin, sneddå kviga. Heilt lys i fargen, kremgul. Gerd er litt sur, men går med bestemte steg og finn ein bås. Best at sånne matroner har ein bås åleine. Ikkje alle får det nå når me har for få båsar. 24 kyr må finna seg i at 3 kyr deler 2 båsar. Ein del knuffing vert det. Dei gamle er suraste. Dei unge finn seg i det meste. Slik er livet.

I lag med mjølkekyrne går Gulla. Ho kalva i marka (på beitet) for ein månad sidan. Ein fin liten stutkalv. "Mors lille Ole". Far hans stammar frå Frankrike; Limousin. Det er ikkje plass til Gulla og Mors lille Ole. Dei ventar ute til dei andre kyrne er mjølka. Så slepp dei inn. Gulla likar å få kraftfôr og silofôr. Mors lille Ole bryr seg ikkje alltid om å vera med inn. "Mor kjem snart ut att", seier han. Og det gjer ho. Men snart er påbygget ferdig, og då skal alle kunna gå ut og inn som dei vil. Mors lille Ole skal òg det, dersom han oppfører seg fint. Men dersom han finn på å skita på forbrettet der alle skal finna maten sin, må han nok flytja til stallen. Me får sjå.

Dette var ei lita helsing frå "bonden sjøl". Mangt hender på Tunheim. Så det kjem nok meir herfrå. Mykje liv kan det verta når gjeldskreppene kjem heim frå beitet. Då skal dei på nytt finna ut kjev som er sterkast. Rangordenen er i stadig forandring. Dei nederst på rangstigen har lyst å klatra oppover. Det går ikkje utan kamp, ofte så sorpa skvett.

torsdag, september 23, 2004

Kalving

Ein stut er født. Stor og fin. Mor og eg gjekk ut på beitet etter morgonstedla med trillebåra. Etter ein skakande tur var kalven i bingen. Den fyrste driten kom. Den var seig og mørk, slik han skal vera. Bossi (hund) var begeistra over å oppdaga ein nyfødd kalv. Men vart kraftig skuffa då ho etter eit slikk i baken på kalven ikkje kunne finna noko kalvedrit. Eg hadde nemleg fjerna heile skiten. No ligg kalven i godt med halm, med varmepæra over seg. Elles skjedde det lite ekstraordinært, men 366 hadde seg ein liten blåtur inn med kalvegardane, ut i strørommet og gjennom brunnhuset tilbake til fjoset att. Det var nok kjekt, om litt skummelt; Ho måtte sleppa frå seg eitkvart halvvegs.

Dagens ku: 296 - Emma
Fordi: Fekk sin 5. kalv og leverte nydeleg oransje råmjølk.

onsdag, september 22, 2004

Kveldspost

Javel! Dagen i dag starta roleg. Trudde dagens ku kom til å verta 357. Ho klarte å snika seg under ein kjetting, men det klarer eg òg, så det var godt det tok seg opp på kveldsstedla. Alt gjekk roleg for seg - ei god stund. Morroa kom for alvor då me hadde sleppt dei ut. Eg var allereie litt stressa etter å ha skrike ei stund for å få kyrne ut. Og då eg trudde alt var over, såg far at kyrne ikkje var der dei skulle. Ei grind stod oppe og kyrne var på same beite som i går kveld. Jaja. Me hadde problem med å uttrykka oss klart nok overfor kyrne. Dei "forstod" ikkje kvar dei skulle, slik at det vart ein del hoiing, og veifting med armar. Til slutt var det nok for far. Han vart ivrig, og det vart ganske løye for meg. Me fekk ut ein del aggresjon og alle kyrne.

Dagens ku: 334 - Haldis
Fordi: Klarte å sparka meg i hovudet då eg skulle vaska juret. Hovudet fòr vidare til innreiinga. Eg grein ikkje, om nokon trudde det. Eg sa berre: "aiai, for ei dritku." Til Haldis sitt forsvar skal det seiast at eg har ein relativt låg dykkande stil. Er ikkje van med spark og slikt, og det er godt å sjå spenane ein turkar på.

tysdag, september 21, 2004

Kvelden 21. september

Fyrste blog. "Då æ me i gang". Begynner rett på: Kyrne fekk seg ein spesiell avslutning på kveldsstella i dag. Mor slapp dei ut på beitet rett utfor døra. Dei hoppa, spratt og sparka litt. Så var det ferdig.

Dagens ku: 348 - Hege
Fordi: Ho ville ikkje slutta med å hoppa rundt på litlebeitet, og vart difor sist ut. Eg og mor syntes ho var dum. Men kanskje oppførte ho seg slik fordi ho har så lite jur. Det er mykje vanskelegare å byksa rundt med stort jur, trur eg.