tysdag, mars 01, 2011

tirsdag 1. mars 2011

Mars og vaor i loftæ

I dag har me gjort ein stor innsats i garasjen. Den må nemleg, på denne tida kvart år, gjerast klar til å hysa sauene, 7 i talet. Det nærmar seg lamming og sauene må klyppast i god tid før det. Då må det vera turt og fint i veret nokre dagar i trekk, slik at ulla er turr når den skal pakkast i sekker.
Utruleg så rotete me får det til i eit slikt rom i løpet av ein vinter. Alt som me ikkje veit heilt om me skal ha eller kor me skal ha det vert sett inn i garasjen sidan der er ledig plass no når sauene er ute. Jau, bilane står der og har sine faste plassar, men det er plass til mykje langs veggane og rundt over alt.
I dag skulle altså skippertaket realiserast og arbeidet gjerast, og skipperen sette i gang. Dette likar eg, tenkte ho. (Kva heiter det når det er kvinneleg skippar? Eg veit ikkje det som er landkrabbe.) Problemet er berre å vita kvar det er lurt å begynna. Men det gav seg liksom sjølv, eg sette i gang i fyrste kråa. Der var det veldig greitt for det meste skulle kastast. Her fekk alle dei ulike sorteringsboksane kvar sitt. Me fekk ein god del til jerninnsamling, mykje plastikk og gamalt elektrisk utstyr. Det tek eg med til Nærbø i morgon. For ikkje å snakka om restavfall, fleire sekker med det, og så ein del trevyrke som skal opp i marka og verta til jonsokbål. Kosten fekk fart på seg så gamalt lauv, rusk og rask måtte fram or krokar og krær og ut i ljoset. Der vart det samla i ein sekk. Som du sikkert ser føre deg vart garasjen eit ryddig og fint syn før ryddarane kunne setja seg til middagsbordet, glade og nøgde med arbeidet som var gjort. No skal berre grindane på plass så er alt klart for "ulldamene". Håpar å få klyppa i neste veke.
Signy er fyrst ut, ho skal lemba 1. april. Så går det slag i slag, og på to veker skal det heile vera over. Det vert spanande. Dei vordande ser rimeleg spreke og gode ut. Dei haltar på ein fot av og til fleire av dei, men det ser ut som det går rimeleg fort over. Kanskje dei berre har lege litt forkjært!
Kyrne har, akkurat i dag, starta på nytt kvoteår. Mange mjølkar skikkeleg godt. Det gjeld også Obama. Ho kalva i fyrste halvdel av januar og vart då mor til Sonja. Obama er oppe i over 30 liter i døgeret no, og det er mykje for ei kvige. Ho har vorte tunn, mista ein del av pelsen, flekkvis, og lagt seg til ein uvane med å stå å gjeivla med tunga ut i munnvikene på begge sider, vekselvis, samstundes som ho lagar ein spesiell lyd. Når eg kjem i floren og høyrer den lyden, veit eg kva som førgår. Ikkje lett å slutta med uvanar, det kjenner me til. Men eg har tru på at det vil hjelpa når beitesesongen tek til. Då får ho sikkert anna å tenkja på.
Primula er òg i gang med å mjølka. Ho skulle eigentleg kalva no i mars, men kasta for ein månad sidan, ein liten kyrkalv. Det var domt. Var litt spennande å sjå om ho kom til å mjølka sidan ho ikkje hadde laga seg skikkeleg då ho kasta. No er ho oppe i godt over 20 liter og då er bonden godt nøgd. I tillegg er ho roleg og grei.
Oddny, venninna til Primula, skal kalva fyrste kalven no om ca. to veker. Me hadde store problem med å få kalv i henne i det heile så ho er godt vaksen no når ho kalvar, kan me seia.(Nesten 3 år).
Kattane har det bra. Bøgvald er jaktmann, som kjent, og no ser det ut som Oliver viser same tendensane. Det gjer ikkje Jonas. Olivia 2 er litt skvetten av seg, altså ikkje lik mor si. Me amlar med henne så godt me kan. Og pratar med henne når me går forbi og ho sit i låvetroppa. Får tru det hjelper.
Så, altså, våren nærmar seg her på Jæren, til gleda for både menneske og dyr. Eg gjer meg til talsmann for alle!

Spørsmål:
1. Kva betyr det å "laga seg"?
2. Kva er det å "amla med"?