torsdag, mars 30, 2006

Hallo igjen

Lenge sidan sist! Kanskje bloggen gjekk i hi medan gradene var på minus-sida? I alle fall er det lenge sidan jærbuen hadde vinter ein månad i strekk, og han lika det lite, det kan me trygt sei! Men no, no er bloggen på beina att! Bonden skriv: Mykje snø og mykje kulde har forandra seg til litt vår i lufta! Bonden har hatt eit storprosjekt på gang. Me har hatt gravemaskin sidan begynnelsen av desember. I går var han ferdig med dyrkinga av ein del tusen kvadratmeter. Så nå kan det seiast om meg det som vart sagt om far min for 52 år sidan. Han hadde bygt ny løa: Han må vera pengesleden nå, Månheimen.
Budeia fortel:
Synnøve lemde førrekvelden, to saulam, Signe og Svanhild. Spenninga var stor, om Synnøve enda i det same som før at det er berre eitt lam ho vil ha. Me rigga oss til med balje der lamma skulle vera ti til tolv timar. Der sleikte ho dei og alt var berre fryd og gaman. Eg tok fram eitt om gongen og let dei få suga. Og Synnøve totte det stod til. Dette såg lovande ut. Eg var oppe to gonger om natta og såg at alt var greitt og det var det. Men på morgonkvisten såg eg at det endra seg. Eg trur det har med teljinga å gjera, altså matematikk. For når Synnøve lukta på dei, var alt i orden, men når ho stod og såg på dei, eitt lam her og eitt der, då vart det siste eitt for mykje og ikkje hennar og ho stanga etter det. Då fann me klave og tog og no står Synnøve i band, utan å vera så forferdeleg sint som ho har vore før om åra. Det er Signe ho jagar vekk, men ho klarer seg nokolunde. Ho og Svanhild har det gildt i lag, dei hoppar og sprett rundt i stekkjen. Og når dei søv ligg dei som regel attmed kvarandre og inntil kvarandre. Utav dette kjem dagens filosofi: Slik er det med livet vårt òg, om ein har motgang på eit felt kan det vera andre felt der ein stiller sterkt!
Sidan sist har òg Drusa kalva. Ho fekk kosse der faren er kjøttfe, Limosine. Drusa ser ljost på livet no. Hevelsen etter ormabitet under haka vaks no når ho nærma seg kalving, men ser ikkje ut til å hemma henne på noko vis. Ho klarer seg godt i lausdrifta, men ho og eg har ein uskriven avtale om at viss ho skal i roboten eller i mjølautomaten når eg fer der og skrapar og strør, så skal eg gje eit vink når det er klar bane, eller at me går i lag og brøyter oss veg mellom alle dei andre. Me er så mykje meir modige når me er to, har me funne ut. Saman med dei andre lengtar ho etter å få koma ut på beite. Ein månad til, så er det sikkert ikkje langt vekke.
I dag har det beint fram vore 8 plussgrader og sol. Ja, så vårleg var det at Bossi og eg måtte ut med rivo bak løo attmed vegen. Der har det dotte ned minst tusen kvistar, i tillegg til at der låg ein masse små "ruer" der. Eg spurde Bossi kva dette var? Men ho kjende ikkje til det, var det likt. ( Men eg veit at det er Bossi som har hatt toalettet sitt der når ho har vore ute på tur og sett etter daude grisungar og kjent at ho måtte så voldsomt når ho runda nova på løo.)
Kattane har det bra. Såg ikkje Nuskitusk i kveld, men Bøgvald og Olivia var på plass. Trur Olivia ventar små. Har bestilling på to skipskattar. Så kanskje det lagar seg. Elles har kattane hatt eit storprosjekt på gang i vinter. Dei sit kvar sin gong på skrivehylla og held utkikk. Eg trudde dei var intresserte i papir og informasjon frå Tine, heilt til eg under ein oppryddingsrassia i februar, oppdaga ein masse musalort under ein flekje på golvet i strørommet. Og me trudde det var mus. Det trudde visst Bøgvald òg, heilt til Terje avløysar oppdaga ei blank, flott rotta oppi mjølbåra! Å fy, å fy! Eg såg henne beint fram eg òg ein dag. No har me vore og handla pulver og lagt det på ein plass der ikkje kattane kjem til. Kanskje er rotta vekke for det er tydeleg mindre trafikk på skrivehydlo?!
Ha ein fin gryande vårkveld!