torsdag, oktober 21, 2010

Snjoen kom so fort!

Me skriv 21. oktober og ute er det kvitt! Eg likar det ikkje. Og det gjer nok ikkje kvigene heller. Dei grev med føtene så dei finn litt å bita i. Sauene kom heim og klaga på for lite mat. Men då sa eg at når kvigene må klara seg, då må i alle fall de som plar vera ute heile vinteren klara dekan! Trur dei var einige med meg for dei sa i alle fall ikkje meir! Men det var nok kalde bét, og kanskje det isa i sauatennene?!
Apropos sauene. Me skal faktisk auka bestanden frå 6 til 7 vinterfora sauer, og det er ein rimeleg høg prosentauke. No har me Signe, det er gamlemor, og dotter hennar Signy. Så har me Seri og dottera Solvor og systera Serina. Tone er nest eldst og dottera Tonje hadde Tønnes. Han og Torvald er i avl innover i Ryfylke slik Sivert er. Han reiste dit i fjor og får berre lovord for store lam i haust.
I går då bonden og budeia åt føremiddagsmat kom spørsmålet frå den sistnemnde om kor godt bonden likar sauer og kyr (og andre dyr for den del) gradert på ein skala frå 1 til 10!? Me tykte det var eit interssant spørsmål og kosa oss litt med å finna ut av det. Begge kom me ganske høgt opp mot 10 med begge dyreslaga. Kåre ligg rett under 10 på kyr (les: jerseykyr, sjølvsagt!) med sauene hakk i hel. Eg bytte om, slik at sauene kjem høgast. Sjelsorgbiten tel nok endå litt høgare for meg. Sauene er gode på det! Tenk så heldige me er som kvar dag får arbeida med nokon som me likar så godt! Då kan me seia at bøndene har det godt.
Me tok inn 3 småkviger i går. Det var nr. 500 Rosalinn, 499 Ronja og 497 Priskilla. Dei vart bundne på bås og godtok det. Så vart dei klypte og fekk mjøl og silo. Trur både dei og me tykte det var gildt!
Straks det turkar opp ute, skal dei 3 neste av dei yngste inn. Dei store må gå litt til viss berre veret kjem seg. Kan tru Kjøtdrallo er stor og fin! Trur det er bilete av henne på ein tidlegare blogg. No minner ho om kvitebjørnen Kong Valemon når me ser henne ooppi Bakken. Difor har ho fenge nytt namn og heiter Valdemor! Var ikkje det fint?
Ha ein fin dag, kvit ute, men varm inne!

Oppgåve: Kor stor er auken i sauebestanden vår, i prosent?

3 Comments:

At 21 oktober, 2010 20:24, Blogger ingvil said...

(Dette var då vel ikkje barnsleg?) Ja, dann snjoen, dann snjoen!! Eg lika da heldå ikkje! Kanskje dæ æ arvele? Men trur du an verte liggande?

Æg merka at dæ æ lenge si æg he hatt matte å trur kje æg orke å finna ud kor mange prosent saoene he aokt mæ. Sløvt? Ja.

 
At 21 oktober, 2010 22:12, Blogger Drusa og dei said...

Eg tenkte der må då vera nokre realista der ute, eller oppe i nord som kan hjelpa oss med prosentrekning!

 
At 24 oktober, 2010 00:09, Blogger Islandur said...

Eg er ingen realist, og framleis er eg nok vel sør for dykk (ved Lista, nett no, for å vera nøyaktig).

Men eg trur likevel auken kan rundast av til rundtomkring 16,67%

 

Legg inn en kommentar

<< Home