onsdag, mai 31, 2006

Kalvar

Hustre ennå. Men kyrne kalvar. I dag var det Heidi. Ho har opplevd mykje i livet. Kanskje det ho hugsar best er Seljord 2003. Foreviga for alltid med eit bilete som heng på veggen. Ho fekk første premie. Men i dag altså; kalving. Ein fin kossekalv. Og då må han ha eit fint namn. Etter blogging i mange månadar, og bloggar forfatta i Bergen, og med namn på M, måtte det altså verta Mayso. Tenk det. Nå er det ikkje berre Klims som har Mayso. Også på Tunheim. Hurra.
Helsing bonden.

laurdag, mai 27, 2006

Kald mai

Det er kaldt og hustre. Me lurer oss til å fyra i omnen av og til, sjølv om kalendaren nærmar seg juni. Og sommar!
Men, me klarer oss og dagane går. Det vert nok snart varmt, skal du sjå, seier me og er nokså trygge i den trua. Det har alltid laga seg før, og det er ei god erfaring. Sommaren var innom fyrste dagane i mai og sette alt i gang. Då spratt det og livna, alt og alle stader. Etterpå for han og no veks det nok litt lite, så beita er berre så vidt gode nok. Og silo og ballar minkar det på. Men det lagar seg, var det ikkje det me var samde om?
Kyrne ruslar ut og inn fleire gonger til dagen og det er slik me vil ha det. Me og roboten. Vil du læra eit nytt begrep? Her skal du få det: Robotvêr! Det er det me har hatt siste vekene. Sol og regn om einannan og litt hustre. Då får kyrne lyst å gå inn å eta og sova. Og så stikk dei ein tur innom roboten i "sama rennsle". Er det berre sol og varmt, trur dei det er ferie og ligg og kosar seg ute medan juret veks og veks og dei gløymer roboten. Så endå ein gong stemmer ordtaket: Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko! Men me vil ha varmare vêr snart, det er me bestemte på.
Olivia har gøymt ungane sine. Bonden og budeia fann fram lommelykta og gjekk på leiting under høyturka og over gamlesiloane, og alle stader mellom der. Men, nei! Sjølv sit Olivia på troppekanten på låven og seier ingenting om kvar ho har gøymt dei. Men ho seier tydeleg med heile seg at ho er fornøgd med plassen ho har funne! Og erfaringa seier også når det gjeld kattungar at dei kjem nok for ein dag ein gong. Det er berre det at då piler dei som velys rundt omkring og er livredde folk. Men me har klart og temt kattungar før og me skal klara det no! Berre kom fram de!
I floren går det godt, trur eg me kan sei. Kyrne trivst med å kunna gå ut og inn. Mindre knofling og mobbing. Alle får meir nok med seg sjølve, dei får meir plass å områ seg på og dei er trøytte når dei kjem inn og har ete. Då er det godt å kvila. Drusa er utruleg godt i form. Men mager. Det viser lite av ormabitet no. No gjeld det berre å passa seg for nye bit!
Kanskje ormen ligg og solar seg oppmed røysa når det er fint vêr!?
Så noko trist. Vera dauda i går. Ho var mor til Velle og Valla. Eg har sett at ho har skranta dei siste to vekene og vart som ein skugge av seg sjølv. Ho som var så stor og svær. Behandla henne på onsdag med forskjellige stoff, men det nytta altså ikkje. Igår fann Kåre henne. Lamma låg tett inntil mor si. Ein kan mest grina berre ein tenkjer på det. Dei skværde ein del i går. Men tagna utruleg fort. Dei har nok fenge lite av mor si i det siste. Kåre køyrde henne til Høyland for obduksjon.
Elles er fuglelivet i desse tider verdt ein studie. Skulle ynskja eg kunne ha hatt med ein fuglekjenner på tur i Tjensvollskogen. Ein som veit korleis dei ulike fuglane syng. Litt av eit blandakor der! Bossi var med på tur på torsdag. Ho skremde opp ein liten svart fugl. Eg fann reiret med 4 ljose egg i, ytterst på ei ufs. Ein annan dag fann me eit stokkand reier borte på beitet. På Tubbene. 8 egg og eitt som ho sikkert hadde skuva ut. Det låg attmed reiret. Må prøva og halda Bossi vekke. For sjølv om ho er snill, har ho jaktinstinkt. Er redd det var ho som hadde teke ein liten vipeunge. Då fekk ho skjenn og skjemdest.
Ha ein fin kveld der du er, robotvêr eller ikkje! Fyr, og tru på fuglane!