torsdag, april 27, 2006

Tilla og Olivia

Tilla har fenge sine små og Olivia held på, rett og slett! Bøgvald var så drøsen i dag tidleg. Han sette seg til på skrivehylla og sat der og drøste når eg gjekk forbi. Eg trudde kanskje det var kome ei ny rotta, men det var ikkje det som stod på, sa han. Olivia var så løyen! Og no hadde ho gøymt seg vekk. Det stemde. For då eg hadde hatt ned silo til ungdyra og alle var i gang med å eta, kom Olivia smygande ut or høybrotet. Og at noko var på gang, det var tydeleg. På Voss snakka me om vassblaoso, og eg trur det var den som var komen. Olivia var svolten, trudde ho i alle fall, men det var ikkje lenge ho stod ved matfatet. Ho for innatt under remane til høyturka. Så langt, at eg såg henne ikkje att. Me får ta ein leiteaksjon i
ettermiddag. Det vert spennande. Viss eg klarer halda meg så lenge, då!
Tilla fekk sine små natt til sundag. Tre stykkje. Dei låg hulter til bulter så dyrlegen var inni og fekk ting til å høyra i hop og Tulla var fyrstemann ut. Ho var så lita. Og så var det så vanskeleg for henne å finna patten for ho trudde heile tida at han var mykje lenger oppe enn han var og med den stive nakken..., men det gjekk. Ho fekk to brør, Truls og Tormod. Dei er nokså mykje større, men snilde. Dei let Tulla få suga mest. Men alle får og er blide og glade. Tilla er ei utruleg snild mor. Ho kokra og humrar og passar så godt på dei. Trur ho kan telja til tre. Tysdag slepte me dei ut i lag med dei andre. Heilt opp på Bakkaleitet humpa dei etter mor si dei tre små skrottane. Men så kom regnet og austavinden og eg ville ha dei inn. Det tok si tid, men det gjekk. Der fekk dei suga og så la dei seg i den turre, gode halmen , mette og gode og sovna så godt. Alle saman, mor og barn. Fred på jorda!
Elles er våren på stadig frammarsj. Det grønkast og gror over alt. No ventar me berre på at kyrne skal ut og lufta seg. I dag har karane støypt platting utanfor inngangen, så om nokre dagar ligg det kanskje til rette for litt tjo og hei, kven veit?




Ha ein fin dag, gjerne med litt tjo og hei!

Kva er ei vassblaosa?
Og kva kallar me den andra blaoso?

fredag, april 21, 2006

Vår

No er det vår! Endeleg kom han. Me har venta lenge og jærbuane har grua over kor seint alt vert og gjødselkummane står her proppfulle og sprekkeferdige. Men no er det altså slept laust! Det durar att og fram frå kumme til kjelva og det luktar sterkt! Der det er for blautt til å køyra på bakkane set me spruten på og køyrer på vegen. Alt vert sausa ned, bjørk og furu, tuver og steinar, tunrapp og sølvbunke, alt får sin del av vinterlageret for beitet skal verta godt, smiler bonden i skjegget. Ingen har tid til å ta skjegget i slike tider.
Lamming har kuliminert (fint ord?) for dyrlegen. Storparten av sauene har fått ut det som skal ut her i bygdene. Her heime ventar me på Tilla.. Ho har sikkert kome oppatt for no nærmar det seg to veker sidan ho skulle ha lembt. Og magen veks. Ryggsøyla ligg mellom to store "bollar".Ho og Olivia har størst mage her på garden (etter storleik på kroppen!). Olivia må ta sats for å koma inn gjennom holet i brunnhusdøra og Tilla har hatt vanskeleg for å koma seg på beina. Men ho kom seg ut i dag òg. I går måtte ho endå til springa ein stubbe. Ho og Synnøve var på veg heim frå Bakken då dei møtte traktoren med møkalass rett før dei nådde holet i gjerdet som dei skulle smetta gjennom. Men då dei møtte den kolossen, snudde dei tvert og la på sprang etter beste evne, kanskje me skulle sei dei rugga, i alle fall Tilla. Men dei kom seg heim då traktoren var faren.
Signe og Svanhild er kjempetunge, mora Synnøve, er vorte snill og døtrene er milde(spake) og kjem til meg for å verta klødde. Sist veke vart dei vegne, og var 10 og 11 kg med godt stoff. Valla og Velle til Vera veks dei òg. Snart skal dei merkjast.
Iselotte er dagalaus. Ho skulle ha kalva 18., men går enno. Ho var inseminert med kjønnsseperarert, men no når ho går over tida, vert bonden og budeia litt skepiske til om det har klaffa. I vår bransje er det gjevast med hokjønn, som kjent. Elles nærmar det seg tida då ungbeista vert slepte på beita. Det har me måtta sett langt etter så langt i vår, men i går fann me ut at kanskje om 2- 3 veker går det? Idag trur eg me seier 2!! Det grønkar på bøane og fuglane står på, like fælt som bøndene, berre at dei held seg i eit anna skikt. På den versletne jerseykua på vestmønet på løo sat ein starefar. Såg ut som han hadde stiv mustasje, men det var det ikkje. Han hadde planar, sa han og no skulle dei byggja hus. Så kjekt, sa eg og lukka til med strevet!
God vårdag til deg òg, om du er bonde, fugl eller noko anna!

onsdag, april 05, 2006

Nuskitusk og andre dyr

Nuskitusk er vekke. Sist blogg sakna eg henne og ho har ikkje vist seg sidan. Bøgvald var òg vekke halvannan dag, og då fekk bonden og budeia kalde føter. Då tenkte dei på det pulveret dei hadde lagt ut som ikkje er for kattar, men for dyr som dei likar å eta. Heldigvis kom Bøgvald att, men pulveret vart fjerna. Olivia kom stadig på døra dei dagane og skulle inn. Ei natt måtte budeia ut og sleppa henne inn til Bossi på vaskerommet. Olivia var litt lur for i tre-tida om natta stilte ho seg opp på verandaen rett under soveromsglaset vårt. Der stod ho og mjaua og jamra seg så eg tenkte at no skal du sjå det vert fødsel for det høyrdest slik ut. Men det vart ingen ting. No har det roa seg. Men Nuskitusk er borte, den koselege framtoningen og den lofsne pelsen. Ja, ja, slik er bondelivet; dei kjem og går heile tid. I går gjekk Greta og Emma. Kåre tok dei i transponderen og leidde dei ombord i bilen. Då gjekk dei fint innpå, berre dei slapp grima. Emma og eg kalla kvarandre for venninner. Kor har du da i dag, venindo mi, sa eg når me treftest. Og Emma hadde det stort sett bra, men no etter siste kalven har ho slite litt med klauver og bein. Ikkje mjølka ho så godt heller, vart berre drusteleg i hold. Men trist er det.
Frida kalva i dag. Stut. Me vilde hatt kvigekalv, men det vart det ikkje. No har han drukke 2 liter flott råmjølk med to desjar e-vitamin i. Då ligg det godt an.
Signe går det godt med. Me ser aldri at ho syg, men ho veks og teier stilt og då er ho fornøgd, tenkjer eg. Synnøve er litt sint enno, men om nokre dagar skal dei ut på bøen. Det vert kjekt. Både Signe og Svanhild kjem og skal verta klødde under haka og på halsen. Og så skal dei stanga litt på knyttneven min og når eg ristar ny halm oppi stekkjen, hoppar dei rundt og svingar bakenden høgt i veret og tykkjer livet er stort!
Ha ein god onsdag du òg med eller utan ny halm!

Spørsmål: Kor gamal vart Emma?