laurdag, september 16, 2006

Sommar i september

Som de veit er Drusa borte. Det er stussleg, eg saknar henne. Dei fyrste åra hadde eg den tanken at viss dyra var tryggare når eg var der, skulle eg vera med å få dei ombord i slaktebilen. Det var eg òg mange gonger, men no er det nesten slutt. Ikkje berre fordi eg pyser meg til med åra, det òg, men fordi han Kåre som regel er med og han berre leier dei i bandet. Det går så mykje betre når dei berre slepp grima. Slik er det. Og eg trøystar meg med at dei forstår lite av det. Og i mitt stille sinn skulle eg ynskja der var ein himmel for kyr, ei avdeling, rettare sagt. Det hadde vore gildt det! Der skal i alle fall vera løva og lam, så kanskje - - ?!
Me har hatt ein ettersleng av den fine sommaren no ei vekes tid. Turt og fint på beite og dyra går ut og inn og har det godt. Det vil sei dei kunne gått meir inn. Dei vert liggjande i Moldbakken og nyt sola og livet. Hjorteklumpen går sin gang, nokså automatisk, og augneloka ligg sånn halvvegs nedpå. Endåtil øyrene sig ned i kvilestilling. Det må vera å slappa av. Berre prøv! Tanken på at roboten står og ventar på dei er langt vekke. Ikkje robotver. Men det går godt.
Me har mange kviger som har kalva no i august/ september. Dei er så koselege. Dei kom rett frå markalivet og inn i lausdrifta. Ikkje løye dei vart forskrekka, mange av dei. 401 Karina flykta opp på ein liggjebås og der vart ho ståande. Og det kjempa ho for med alle krefter då Kåre kom og ville ha henne ned og i maten. Tl slutt gjekk det med grima på. Men det skjedde mange gonger. Møkaskrapa er òg forferdeleg nifs. Men i grunnen går det utruleg fort for dei fleste å verta kjende og læra korleis det fungerer. Kluet er mjølet, trur eg. Får dei smaken på mjølet kan du lura dei inn i mjølautomaten, roboten og mjølka dei nykalva kvigene i spann. Men me må drøsa med dei, helst i eitt heile tida. Drøsa og drøsa. Spørja og svara. Og så må me klø! God kost og klø oppå halarota. Når halen går litt opp, ser du at dette hjelper godt. Då kan du klø under halen, somme likar det kjempegodt og på begge sider der bak uutan å gå meir i detalj. Det er viktig med triks og list og lempe!
Kanskje du lurer på korleis Bossi har det? Ho var litt tung i sommar, syns eg. Tung i både bokstaveleg tyding og overført. Det kan sikkert fylgjast åt. Ho har alltid hatt ein liten runde opp til ein nabo, berre ein liten tur. Det hende at ho fann litt å eta og så vidare. Eg spurde henne ein dag om ho var slutta å gå tur. Og det var ho, ho trudde det var alderen. Og det trudde eg òg. Men så skjedde det noko. Bossi svinsa seg opp og vart ivrig på å koma seg ut. Og stakk av. Ikkje berre ein tur til dagen. Nei ho vart vekke fleire timar. Det var nok hormona som sette sving på henne. Så no får me sjå. Ho hadde besøk av ein type her. Viss ho ikkje er for gamal då.
Olivia er still going strong. Ho har med seg Bøgvald og ein unge frå i vår. Men dei ungane vart ville. Ho gøymde dei vekk til dei var for store til å temjast. No er det ein att, med skipsføter. Villmannen skal han heita. Men det er liksom så vanskeleg å ha namn på ein du aldri får tak i og kan klappa. Så difor er det berre Villmannen endå, i alle fall. Kanskje han har kome seg litt? Såg at Bossi får kontakt med han. Det er menneske han er mest redd, altså. No har eg lova Olivia at viss ho kjem oppi noko slikt ein gong til, skal ho få eit rom i eit kleskap på lemmen. Det har ho hatt før, både Knut og Ingvil sitt. Og då gjekk det godt. Då vart ungane så milde og folkakjære. Det er løye kva menneskeleg omtanke og varme gjer! Ha ei god helg!

søndag, september 03, 2006

Haustleg.

Heile sommaren er forbi. Ein fantastisk sommar som ingen av oss har opplevd maken til. Det har vore travelt på Tunheim, der nydyrking av eit stykke land er det som har sett mest merke etter seg. Nå er nybrotet grønt. Men først etter at fleire tusen kubikkmeter med stein har vorte rydda bort. Slike jordstykke hadde ikkje vore dyrkande utan gode maskinar.

I fjoset er det forandringar. Ei betydeleg utskifting av kyr har funne stad, for å gje plass til dei nye som veks til. Gamlekua, 283 Drusa, er ikkje lenger i blant oss. Ho som heile bloggen er oppkalla etter. Av andre som har måtta vika plass er 856 Bromma. Men ho er still going strong. Flytta til eit nytt fjos med Lely-robot. Ho mjølka rett og slett så mykje, at me ville heller ha to reine jersykyr i staden. Mange kalver har me og fått. Meir enn 20 kosse-kalvar er fødde. Så utfordringa vert helst å få plass til alt til vinteren. Men midt i slike spekulasjonar, kom ei god løysing. Ein bonde i Romsdalen, som satsar friskt, vil gjerne ha kyr og kviger. Han satsar på mjølkeproduksjon på rein jerseybesetning og skal skifta ut alt som ikkje har dei rette genene. Kunne godt tenkt seg 40 kyr. Så vert det nokre på Tunheim så får leva noko lenger mens andre får reisa på langtur.

Sist helg var det utstilling på Jærmessa på Varhaug. Med på tur dit var 383 Juliane, 392 Kine og 398 Kossi. Alle kom heim med kvar si kvit sløyfe. Kine fekk mykje skrøyt, og fekk poengsum som ingen på Tunheim har oppnådd før.

Fredag som kjem, 8. september, er det på tur til Dyrsku´n i Seljord. På denne turen vert 379 Juni og 380 Judith med. Mykje arbeid å reisa så langt med desse fine damene. Stor innsats for at dei skal få visa seg fram og få sine poeng og sløyfer.

Sløyfene etter mange års reiseinnsats har nå kome opp på veggen på kontoret i fjoset. Så det begynnar å likna eit skrøyderom. Kjekt med hobby! Nokon reiser med høns, nokre med hundar, nokre med hestar, sauer, geiter, kaninar og kattar,
- og nokre med kyr. Kvar sitt.

Helsing bonden