måndag, februar 05, 2007

Roboten og vevkona

Roboten er eit nytt fenomen og ein nokså ny installasjon i norsk landbruk. Og kanskje vart han lenge sett på som eit framandelement her "på bjerget".Han er for det meste bygd opp av røyrar og slangar. Blanke røyr og svarte og blåe slangar. Alt dette er kobla saman slik at roboten fungerar og gjer det han skal gjera. Ein ukjend vitenskap for mange av oss. Både konstruksjonen og dei blanke røyrane gjer at han skil seg ut frå den andre innreiinga i floren. Kanskje hadde det hjelpt om røyrane vart måla grøne slik resten av innreiinga er?
Utanom spurvane som finn livd og mat i lausdrifta er der eit anna dyr som har livet sitt der, nemleg vevkona, eller veffkåno som me seier på Voss. På Jæren kallar dei henne spinnkjering. Ho spinn veven sin her og der rundt i alle krær og smette. Litt fangst får ho nok. Roboten hadde ikkje stende lenge før ho lista seg varsamt bort på dette blanke røyrvidunderet og prøvde seg med ein liten tråd frå luftslangen til næraste røyr, neste trå på skrå og slik heldt ho på att og fram. Luft-, vakum- og vasslangar, og ikkje minst det store mjølsloket, alt vart vove ihop med røyrar. Slik heldt ho fram. Det vart mange små vevar over heile roboten. Mange av dei feste ho i taket. Og budeia og bonden kunne tydeleg sjå at dette blanke vidunderet hadde vorte ein del av det andre inventaret. Takka vera vevkona. Her må me kunna snakka om inkludering? Kanskje noko for inkluderingsministeren å filosofera litt over?
Ho mor ville aldri me skulle gjera ende på vevkonene om me fann dei når me for rundt med grønsåpevatnet i stovo. Dei kunne bringa lukka, sa ho. Eg lo av det og kalla det for overtru. Det gjer eg i dag òg, men eg har ser med litt andre augo på dette vesenet med den store magen.
Her om dagen tok bonden fram, ikkje grønsåpevatnet, men høgtrykkspylaren. Roboten måtte skeinast opp, servisemannen skulle koma. Vevetrådane for med vatnet og snart stod det blanke vidunderet der som det skulle vera nyinstallert. Korleis det gjekk med vevkonene veit me ikkje, nokon rauk nok med i dragsuget, vil eg tru. Dei andre gjekk vel i ei god gøyma nokre dagar. Men no er det kome nokre små trådar att. Frå ein gul pendel og bort i eit røyr og mellom eit blått deksel og robotarmen. Det gjeld å ikkje gje seg!