måndag, mars 08, 2010

Amerikansk namn

Obama
Kvigekalven med nr. 481 vart fødd rundt det amerikanske presidentvalet førre hausten, altså i- 08. Då var det heilt naturleg å kalla opp den kandidaten som vann. Ikkje så lett heller å finna namn på O, men Obama er greitt det. Ho er dotter til Mildri som me selde til Mossige. Obama deler bås med Oddveig, også kalla "Hu innante". Ho kom frå Skiftun sist haust, og mor hennar, Jaffa, var kjøpt hjå oss. No skal dei snart inseminerast, og sommarbeite får dei i marka under Urdal..

fredag, mars 05, 2010

Bøgvald

Bøgvald

Eg gler meg til å presentera Bøgvald. Han er stor og grå med kvit nase og snipp, og i desse dagar rundar han sine 5.5 kilo! Han har med andre ord hatt ein god vinter.
Når eg kjem ut i floren i 6tida om morgonen(og godt kunne tenkt meg å ha sove lenger), og eg så møter Bøgvald der han sit på skrivehylla, og han reiser seg opp, buktar seg litt og mel mot meg, ja, då er dagen redda.
Trur ikkje det er anna enn godt å seia om han, så omgjengeleg som han er. Når eg må studera og fylgja med på kalendaren som er klistra opp på brunnhusdøra, når Bøgvald akkurat bort på aksla mi med eine labben sin. Hallo, du, seier han, og vil eg skal snu meg til han, og så gnurer han det runde, koselege kattahåve sitt mot anorakken min.
Bøgvald har ikkje skipsføter og er son til Malaria, (med trykk på fyrste stavinga) som var dotter til Olivia. Han vert berre onkel og slepp desse vekesutfluktene og er veldig godt nøgd med tingenes tilstand. Er positiv til nye individ i katteslekta, i motsetning til Skogakatten som freser og doblar pelsen når Olivia kjem i brunnhuset med nye kull. Me trudde ei stund at Bøgvald var så fredsæl at han ikkje ein gong ville ta mus, men det stemmer ikkje. Ikkje lenge sidan han sat med ei mus til frukost uti tunet, og sleikte seg godt om truten etterpå utan dårleg samvit. Det er naturen som er slik, orsaka han seg med, då eg spurde om han gjorde slikt, han som er så snill. Jau, han er nok kjapp med labben. Men Bøgvald lika heller ikkje å verta fotografert. Han klarde ikkje sitja stilt og berre sjå naturleg ut. Så fekk me vetle-Jonas med, då gjekk det..
God helg!

onsdag, mars 03, 2010

Sopus

SOPUS er vekke!!
Her er Sopus. Han er ein utruleg likandes kar, men sjølv likar han ikkje fotografering, så han måtte delvis haldast for å få eit så nokolunde bilete av korleis han ser ut. No er det ei veke sidan me sist såg han. Me er redde at noko kan ha støytt til. Sopus har ikkje skipsføter, er venleg stemt for alle, kjende eller ukjende, men altså ikkje for kamera. Han likte seg best i Stallen med ungdyra og hadde nok eit lite bol der, der han overnatta. Sopus var fødd i fjor vår og kunne slå til og vera med Dagfinn og Jonas i leiken. Vonar han snart kjem att. Dagfinn er òg reist. Han vart gjeven vekk til ein nabo då me var vekke i helga. Heilt greitt det, me kan ikkje ha alle kattane, men det er lov å syrgja litt, ikkje sant? No er det litt tomt og stilt i gamla brunnhuset, for Bøgvald og Skogakatten er mykje ute på tur, og då er det berre Jonas og Olivia att. Men Jonas hadde kosemotoren på i dag tidleg. Alt i orden, sa han. Men Olivia er ikkje heilt i form. I går var ho til dyrlækjaren og vart undersøkt. Fyrst bedøvd, så vart ho undersøkt i munnen. Der var det mange små sår, og ingen ting å gjera med. Me har god tru at ho skal stå det over. Det hadde ikkje ho sjølv i går. I dag er det betre. Så me får tru det meste ordnar seg når våren kjem....!