torsdag, februar 10, 2011

Sauene

Sauene kom heim til husa måndag. Heilt sidan desember har dei vore nøgde med å prøva klara seg på fjorgamalt gras, i periodar under snjoen som me hadde ein del av fram til nyttår. Sidan den tid har me hatt meir vanleg jærsk vinter med regn og slaps og grader rundt null. Greitt nok, men tungt og mørkt til tider. Om sauene òg syns det skal vera usagt, men no kom dei altså heim til husa og gav beskjed på sitt vis om at dei var her. Då ville dei ha mjøl i gjøto og det får dei, lite grann. Dei får ei lita ause mjøl på deling, om morgonane, ikkje om kvelden. Då er det berre silo. Som fortalt i ein tidlegare blogg har me auka frå 6 til 7 sauer. Det er nok eit maksimum på fleire måtar. No når dei skal få mjøl er det så vidt det er plass til alle nasane oppi gjøto. Kroppane er nokså omfangsrike med full ullpels. Det vert betre plass når den kjem av. Det skal skje om ca. ein månad. Me har 5 vaksne sauer og to "lambalembó". Dei heiter Solvor og Signy, og er milde og koselege.
Kva er ei lambalemba?