laurdag, oktober 29, 2005

Turre tal

Skaparen av tunheimsbloggen spør etter turre tal. Dei kan nok verta knuskturre for mange, og av liten interesse. Her kjem nokre:

Kolossøsa, alias 856 Bromma, kalva for 11 mnd. sidan. Sidan det har ho mjølka 13.018 liter med EKM ca. 14.300. Tala for 2005 vert noko annleis. Men ut frå ytelsen i dag og kva tid ho skal sinast, ser det ut til å verta 12.300 med EKM 13.600.

Boggskaparen vil og ha andre tal. Dei kan verta vel skrøytande og lite interessante. Men her kjem nokre; antal liter og EKM siste 7 dagars gjennomsnitt:

340 Hanna 26,7 - 46,3
299 Evy 30,0 - 38,1
364 Idun 24,7 - 34,3
315 Frøydis 22,7 - 34,2
383 Juliane 22,0 - 34,2
374 Janna 22,1 - 33,3
388 Jelena 28,9 - 33,2
--- og så vidare. Dei tre siste er kviger. Jelena er så nykalva at me ikkje har tørrstoffmålingar på den, og dermed vert og EKM berre stipulering, og sikkert ikkje rett. Men dei to siste kvigene som kalv: 387 Jannicke og 388 Jelena mjølkar mykje. Helst litt for mykje etter størrelsen på kroppen deira. Mange kilo fett er allrede brent av for å produsera dråpane. Dei er snart tynne nok. 13 kyr har over 30 kg EKM, og alle utanon 283 Drusa har over 20 kg EKM.

Drusa skal snart få ferie, og ho slit jo med ettervirkningane av huggormangrepet i sommar. Men det går vel mot at ho får leva og får kalva ein kalv til. Det er jo ikkje så gildt å kvitta seg med den som bloggen er oppkalla etter.

18 kviger og gjeldkyr går framleis oppi bakkane på beite. Det er mykje friskt gras ennå. Men det er så fuktig på marka nå, at ein må vurdera dag for dag kor lenge dei skal få vera ute. I stormen natt til tysdag hadde grinda til naboen blese opp. Dette fann sjølvagt ungbølingen ut. Her var nytt land å innta. Det er gildt. Bonden visste ikkje noko om det før det kom telefon frå naboen: "Hagen er full av kviger", var meldinga. Då kan de tru dei hypsa seg. Kjekt å få slike spor i plenen!!!! I slike situasjonar gjeld det om å sjå det komiske. Tenkjer på "han innante" som beskriv lyden av kyss som "når ei ku dreg foten or eit sorpehål".

Elles sviv det godt. Alle kyrne passar på at jura vert tømde. Siloen er opna, og dei får ei blanding av siloballar og silo frå kummen. Me tek ein ny offensiv med tanke på å få kalv i kyrne att. Inseminerte to i går, og ei i dag. Tre av dei seks kvigene som står inne er nå inseminerte. Dei har roa seg, og finn seg vel til rette.

Spørsmåla i dag er:

Kva tydet ordet LAKTASJON?
- og ein repitisjon: Kva tydet EKM?

Ei god helg til alle, helsing frå bonden på Tunei.

9 Comments:

At 29 oktober, 2005 08:56, Anonymous Anonym said...

I enjoy reading the stories on your site - keep up the great articles!

cheating housewife.

 
At 29 oktober, 2005 09:05, Blogger Drusa og dei said...

You anonymous: From which country are you?

 
At 29 oktober, 2005 09:49, Blogger Drusa og dei said...

Apropos ein kommentar til ein tidlegare blog. Det gjeld spesialped. Det har eg tenkt på mange gonger. I lausdrifta kan de koma og studera mobbekultur og prøva finna løysingar. I sommar har liksom alt ordna seg på det feltet. Ingen av kyrne treng hjelp i mjølautomaten. Alt verkar fredelegare. Kva eg trur? Det hjelper å få vera ute, då er dei litt trøytte når dei kjem inn så ein del tykkjer det er godt å kvila då. Og det er godt å ha meir plass å områ seg på. Eit tips når det gjeld uro i båsfjos. (klasserom!). Stutaposane plasserer eg i mellom kvigene. Då vert det ikkje så mykje bolting!

 
At 29 oktober, 2005 17:08, Anonymous Anonym said...

D va vise ord om spes.ped :) sko sko mesten vore i pensumbøgan.

Laktasjon må ha någe m melk å gjer. Laktose og sånn....

EKM: "Evys KuMelk". Nytt ein-ku-foretag som akkorat e starta inne på høgjæren ein plass. Prøve seg som sjølstendig næringsdrivande m EKM som firmanavn.

 
At 30 oktober, 2005 10:22, Blogger Drusa og dei said...

Set stor pris på gode kommentarar. Nå vil eg ikkje seia at svara som har kome inn på spørsmåla som vart stilte i denne bloggen, var heilt rette. Men det er eit grunnlag til å spinna vidare på.

 
At 31 oktober, 2005 08:39, Blogger Drusa og dei said...

EKM: kg mjølk x(0,25 + 0,122 x fett% +0,077 x protein%). Dersom me st inn tala 6% fett og 4% protein, vert det:
Kg mjølk x(0,25 + 0,732 + 0,308), som er lik kg mjølk x 1,29. Dette er noko mindre enn det me rekna med før, då me korrigerte berre for fett%; faktor på 0,15 for kvar % fett.

Helsing bonden

 
At 06 februar, 2010 13:20, Anonymous Anonym said...

[B]NZBsRus.com[/B]
Lose Slow Downloads Using NZB Downloads You Can Swiftly Search Movies, Games, MP3 Albums, Applications and Download Them at Dashing Rates

[URL=http://www.nzbsrus.com][B]NZB[/B][/URL]

 
At 21 mars, 2010 20:10, Anonymous Anonym said...

It isn't hard at all to start making money online in the hush-hush world of [URL=http://www.www.blackhatmoneymaker.com]blackhat seo tools[/URL], It's not a big surprise if you don't know what blackhat is. Blackhat marketing uses little-known or misunderstood methods to generate an income online.

 
At 26 februar, 2013 13:26, Anonymous Anonym said...

[url=http://www.23planet.com]casino[/url], also known as agreed casinos or Internet casinos, are online versions of illustrious ("buddy and mortar") casinos. Online casinos approve gamblers to dissemble and wager on casino games because of the Internet.
Online casinos normally invite odds and payback percentages that are comparable to land-based casinos. Some online casinos ignore higher payback percentages with a scene unawareness automobile games, and some figure community payout participation audits on their websites. Assuming that the online casino is using an aptly programmed unsystematic swallow up generator, note games like blackjack clothed an established repress edge. The payout sculpt up on the side of these games are established at expected the rules of the game.
Varying online casinos certify out or snatch come around c regard to grips with their software from companies like Microgaming, Realtime Gaming, Playtech, Worldwide Design Technology and CryptoLogic Inc.

 

Legg inn en kommentar

<< Home