søndag, november 21, 2004

I eksil

Dei siste 4 vekene har endra livet. Men me som befinn oss i bergen har litt lite oversikt over kva som skjer heime. Me veit det går ganske godt, med nokre startvanskar. Slik er ei vanleg novembernatt på Tunheim, antakeleg:

01.05: Far står opp, han må ut for å setja i gang systemet etter robotvasken. Mor søv. Medan far er ute oppdagar han at 322 Gunda ikkje har vore i roboten på 16 timar. Han set difor igang operasjon "melkespreng". Men han finn fort ut at Gunda er lite lysten på mjølking, og det går i stå. Slikt kan ikkje venta til morgonstellet. Han går difor inn og dreg mor ut av senga.
Mor søv.
Han får kledd henne opp, og ho vert til slutt plassert bak på Gunda slik at kua ikkje skal finna på å gå bakover. Far dreg i halsbandet. Det løsnar og kua sig inn. Porten går att. Kua er inne, men det er far òg. Mor er inne igjen, og søv. Far klatrar over den framre porten og sklir ned att på andre sida. Han vil inn, men roboten finn ikkje spenane til Gunda. Spenekoppane vert sette på manuelt, og heldigvis går alt bra. Far går inn for å leggja seg igjen. "Melkespreng" vart ein suksess.

03.38: Far står opp, ikkje lett å sova. Han går ut for å sjekka at alt står bra til med dyra og maskineriet, og tenkja litt på korleis neste påbygg vert.


Me har fått fleire rette svar på siste spørsmål. Men raskast ute var ein sørlending på Gjøvik. Om han har noko imot austlendingar veit ikkje eg, men det kan tenkast. Svaret gjekk iallefall i den retning. Det kan me lika. Og eine delen av premien kjem her: Du er ein skikkeleg kjekkas. Resten av premien kan mottas ved besøk på garden, det vonar me skjer om ikkje så lenge.

Dagens spørsmål: Kor mange gonger har far klatra ut av roboten?

Riktig svar kan sendast på sms til 91108775. Riktig svar vert premiert med rosande omtale og open melkekran ved besøk på Tunheim samdrift.

Dagens ku: 856 Bromma
Fordi: Ho er størst