onsdag, mars 03, 2010

Sopus

SOPUS er vekke!!
Her er Sopus. Han er ein utruleg likandes kar, men sjølv likar han ikkje fotografering, så han måtte delvis haldast for å få eit så nokolunde bilete av korleis han ser ut. No er det ei veke sidan me sist såg han. Me er redde at noko kan ha støytt til. Sopus har ikkje skipsføter, er venleg stemt for alle, kjende eller ukjende, men altså ikkje for kamera. Han likte seg best i Stallen med ungdyra og hadde nok eit lite bol der, der han overnatta. Sopus var fødd i fjor vår og kunne slå til og vera med Dagfinn og Jonas i leiken. Vonar han snart kjem att. Dagfinn er òg reist. Han vart gjeven vekk til ein nabo då me var vekke i helga. Heilt greitt det, me kan ikkje ha alle kattane, men det er lov å syrgja litt, ikkje sant? No er det litt tomt og stilt i gamla brunnhuset, for Bøgvald og Skogakatten er mykje ute på tur, og då er det berre Jonas og Olivia att. Men Jonas hadde kosemotoren på i dag tidleg. Alt i orden, sa han. Men Olivia er ikkje heilt i form. I går var ho til dyrlækjaren og vart undersøkt. Fyrst bedøvd, så vart ho undersøkt i munnen. Der var det mange små sår, og ingen ting å gjera med. Me har god tru at ho skal stå det over. Det hadde ikkje ho sjølv i går. I dag er det betre. Så me får tru det meste ordnar seg når våren kjem....!

3 Comments:

At 03 mars, 2010 13:03, Blogger Islandur said...

Men har ikkje kattane til (u)vane å forsvinna for kortare periodar? Slik er det i alle fall med kattane på Solbakk.. dei har somme tider vore vekke i fleire veker, for så å koma heim att... Men dette er jo skogskattar som stort sett lever sitt eige liv, og er berre kjærlege og kjelne når dei er svoltne..

 
At 04 mars, 2010 20:32, Blogger Gagn said...

E an vekke ennå? He hørt d e sauetjuva i Time for tiå. Håbe kje dei he slått seg på katta....

 
At 05 mars, 2010 16:35, Blogger Drusa og dei said...

Sopus er vekke enno. Er redd me ikkje får han att.

 

Legg inn en kommentar

<< Home