tysdag, oktober 11, 2005

Borte kan vera bra

Det er fint i Nord Norge! Aller finast når det er fint ver, sjølvsagt. Men eg trur det kan vera fint å vera ein stad sjølv om det er mykje ruskje ver! Det som betyr mest er at det er "fine" folk å vera i lag med. Med "fine", meiner eg då at dei viser interesse for deg og vil ha deg med i laget, og bryr seg. Og slike folk er det i NN og. Me hadde fine dagar i lag med Lars og fekk helsa på gode vener og kjensfolk og mange fine ( nye for oss)ungdommar.
Då flyet sette snuten sørover etter tre/ fire dagar heimefrå, kjende bonden ( spesielt) og budeia at dei lengta litt heim, dei lengta etter kyene! For kyr var det lite av i NN.
Heime her hadde livet gått si vanlege gang. Jelena hadde kalva og Gina var inseminert. Jau, det gjekk visst greitt med Jelena. Med litt bedøving. No kjem ho i roboten og vert mjølka og Veslejelena, dottera (har ikkje fått namn, skal ikkje ha namn på L for ho har kjøttfefar) er stor og svart med kvit haletipp. Ho treng namn, altså!
Tilde og Trine er komne inn i gamle floren på avgjelding. Ikkje begeistra over høy og halm. Men det går over!
I dag skal kvigene heim frå kjelva ved plantene. Dei minste som skal ins. seinare skal opp i Bakken og beita vidare. Dei største må inn og "kjennast i". Viss dei er tome, vert dei ståande inne. Slik er det.
Det bles godt på Jæren i dag, sikkert minst 10 høner på sjøen. Men sola skin og varmegradene fer til værs, så kva er naudå då?! (Einast synd for hønene, viss ikkje dei vert fanga opp!)Ha ein "fin" dag!

Oppgåve: Finn eige namn til Veslejelena. Nok med eit forslag.

1 Comments:

At 15 oktober, 2005 11:52, Anonymous Anonym said...

Eg er for fyrste gong einig med anonymous. Eg tente òg over $800 sist månad utan å gjera noko særleg. Eg gav zip koden og resten av adresssa til lånekassen, så kom det pengar på kontoen.

Elles så vil eg foreslå "Oktobra" som namn på kalv.

 

Legg inn en kommentar

<< Home