måndag, oktober 18, 2010

Haust igjen

Ser av tidlegare blogg at den brakkliggjinga den vert berre verre og verre.. No er det faktisk 4 månader sidan sist! Så viss nokon blogglesarar no kikkar innom då er dei verkeleg trufaste og står fram som eit lysande døme på å aldri gje opp! Men sommar er sommar, kan skulda på det.. Mykje som skjer og litt att og fram med både folk og fe...
Ser av sist blogg at oversikta over kattebestanden treng ei oppdatering. Ser òg at me hadde planar om å ta vekk nokre av siste kullet til Olivia, men det har ikkje vorte gjort. Eller kanskje tok me ein? Litt usikker no. Me har i alle fall 3 ungar som no er store og eigentleg for gamle til å gje vekk. Dei vil nok få problem med å slå seg til ro på ein ny stad. Dei har diverre heller ikkje fenge namn. Ei er hokatt, svart med skipsføter (ho skulle leva i tilfelle Olivia strauk med.), ein hankatt, svart og kvit med små puselankar og ein hankatt med, kvit og svart, òg med små pselankar. Dei er så fine og så forsiktige og koselege. Alle er no aldeles reine og velstelte etter ein heilt spesiell "skiten" barndom. No steller dei seg sjølve, og Olivia er òg rimeleg velstelt etter kvart, men den flotte, blanke pelsen er ikkje heilt på plass. Heile kattebestanden måtte gjennom ein eller to lusekurar, og då var det mykje som retta seg.
Så var det Bøgvald. Han er framleis eit stabilt innslag i katteverda her. Men han var temmeleg skranten og redusert og angripen av dei små gråe han òg. NO derimot er Bøgvald i si velmakt. Ein utruleg god sommar sett med hans augo, med massevis med myser, som han titt og ofte persenterte som fanga ved å marsjera gjennom tunet med bratt nakke og musa i munnen. Med sine minst 7 kg, stokk Kåre i dag då han lyfte han opp for å ta han med seg inn i forrommet. Der pilte det nemleg rundt ei lita grå mus i dag. Og då eg skulle henta mjøl til kalvane frå stryta i mjølrommet spratt det opp ei mus der òg. Men Bøgvald gadd rett og slett ikkje. Det var då me såg kor godt han er i stand. Kjem nok vel med no når lauvet fell, frosten bit i graset og vinteren nærmar seg....
Så var det Jonas. Der har det vorte endringar. Han måtte gjennom ein operasjon. Og det gjekk godt. Eigentleg plar hankattar som går gjennom ein slik operasjon verta rolegare og meir medgjerlege etter operasjonen, men det har vorte helst motsett med Jonas. Kosemotoren hans var i gang stort sett heile tida før. No er det meir av og på, og han har mindre tid til drøsa og verta klødd. Ja, den naturen...Ikkje godt å forstå seg på alt...
Olivia er som sagt snart attende til god, gamal form, men ho har mista ei tann, og pelsen er som nemnt ikkje så blank og fin som før.. Med 10 år på nakken, kan det vera alderen som krev sitt.. og at Olivia har sett sine beste dagar? Kanskje det, men ho er veldig godt nøgd med livet og tilveret, ser det ut til.
Skogakatten er her ikkje lenger. No er det fleire månader sidan han for, og eg er litt usikker kva argument som felte han, men eg veit han var veldig trøyttande med dei andre for han hadde ikkje vore gjennom same operasjonen som Jonas. Så Skogakatten dreiv og beit dei andre slik at dei fekk sår som det gjekk betennelse i. Det gjekk ikkje an å ha det slik. Slik er det berre.
Sist veke tok budeia ei oppskeining i det gamle brunnhuset hjå kattane. Med kost og klut. Og puter og teppe vart vaska, og den gamle farmorstolen måtte vekk. I staden kom ein gamal skinnstol. Så no er det så ryddig og fint, og plass til alle i i fruktkassa med stor puta og skinnstolen med ei lita puta. Men når Bøgvald legg seg fyrst i fruktkassa, endå han legg seg heilt på ein sida, vert det ikkje så mange andre det er plass til attmed han. Sjølv kjem ikkje på at han er så stor, for han er liten og fin inni seg....!
Ha ein findag!

4 Comments:

At 18 oktober, 2010 14:27, Blogger Islandur said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

 
At 18 oktober, 2010 14:27, Blogger Islandur said...

(eg gjev ikkje opp)

 
At 19 oktober, 2010 18:23, Anonymous budeia said...

Ver frimodig Islandur! (Kanskje kommentaren vart vel kryptisk for meg). Kva tid går ferda i vesterveg? Vonar du legg ut før vinterstormane set inn! Me var forresten til Shetland, Orknøyane og Færøyane i sommar. Eg likte meg faktisk best på Færøyane. Der passa "maole" meg best. Kjøpte ei avis og det var så artig å lesa. Forstod det mesta.

 
At 19 oktober, 2010 20:23, Blogger Islandur said...

Fredag førstkomande er dagen. Det skal jo blæsa godt dei komande dagane, men ser ut for at det roar seg til helga. Ferja går laurdag 1500 frå Hirtshals, og er framme i Seyðisfjörður omlag kl. 0900 tysdag morgon. Om det skulle verta gale, får eg nynna på "om døden sin brottsjø meg møter, vil Jesus dra båten i land". :)

Du, så spanande! Me stoppar seks timar i Tórshavn på veg opp. Færøysk er morosamt, som ei blanding av Norsk og Islandsk, med engelsk R, og vestnorsk tonefall på fleire ord.

Kan henda våren 2011 er tida for å vitja Island? Eg veit Thomas og Ingvil har forferdeleg lyst ;)

 

Legg inn en kommentar

<< Home