torsdag, september 29, 2005

Sorpa

Det haustar. Meir og meir. I natt var det dundrande torever. Då er det godt for kydne å få vera inne.
I Suldal har dei kvart år ein ungkarsfestival. Eit viktig innslag på denne tilstellinga er gjørmebad. Dette får mykje oppmersomhet i media, med bilete og diverse kommentarar. Men når kydne våre utfører liknande aktivitetar, er det ingen som bryr seg. Ettersom regnet silar ned, vert det meir og meir sorpa der kydne går. Dei likar det vel ikkje akkurat, men dei bryr seg ikkje så mykje heller. Det er verre for bonden som ser på alle skitne jura og spenane. Opprensking må til. Nå er det såpass gale at eg veit ikkje om me kan sleppa ut kyrne meir. Dei får kosa seg inne. Kanskje heilt til neste vår. Kanskje får me støypt ein større platting utforbi fjoset, slik at dkyrne kan ha ein tomleplass i vinter. Det kan sikkert vera litt interessant å prøva gliden i snøen, av og til.
For 2 dagar sidan kalva ei kvige som heiter 387 Jannicke. Far til kalven er ein kjøttokse av rasen Limosin. Det medfører store kalvar. Men Jannicke er stor og velutvikla, så
- dette var ikkje noko å grua for -, sa ho. Ho la seg langflat ute på beite, og pressa på, bånn gass. Noko hjelp fekk ho av "gubben og gamla", og vips så var "Litlebiggen" født. Ein flott, stram kar. Han fekk gå i lag med mor nokre timar. Så traktorskyss heim. Men han hadde ikkje særleg syn for å vera i ein bås for seg sjølv. "Eg må ut, eg vil ut, eg skal ut", sa han, og dermed jumpa han til. Kom berre halvveges, og vart hengjande med magen midt oppå kanten. Det måtte høgare stengsle til. Slike unge veit ikkje alltid å passa seg for farane i livet. Grenser kan vera gode og nyttige slik at ein kjem seg uskada vidare. Så kjem vitet litt etter kvart.
To av kyrne, 877 Tilde og 878 Trine skal snart gjeldast av. Då vert spørsmålet: Kva betyr dette begrept: Gjelda av?

Helsing frå bonden.

søndag, september 25, 2005

Sundag

Det haustar. Vinden ruskar i tretoppane. Men temperaturen er ennå til å gå i skjorta. Og Drusa, Emma, Frida, Gerny, Hanna, Ivonn, Juliane og dei andre har fått sleppa inn på Gosen i dag. Der er graset saftig, og smaken er god. Gosen ligg berre nokre meter frå husa. -på andre sida av bekken. Koseleg å sitja på kontoret å sjå på dyra. Utruleg kor mange gode kjenslar som kjem opp i meg når eg tenkjer på alt eg har opplevd i lag med dei. Nei, livet er ikkje pengar. Livet er opplevingar og glede over i vera til. Ha positive relasjonar. Gode relasjonar til dyr har det i seg at ein aldri vert skuffa over at dyra har ein ufin baktanke i det dei gjer og er. Dei er alltid ærlege. Det er tydelege i sine reaksjonar og ærlege i det dei føretek seg.
Dagens ku er 345 Hilde. Ho har trakka hardt på noko som har gjort henne vondt. Det har vorte blødningar under klauvhornet på eine bakfoten - såleknusning. Ville berre liggja i dag. Derfor fekk ho ekstra stell og omsorg. Ein kvit bandasje fekk ho òg. Den er snart svart, for ho går ute ilag med dei andre nå. Det hjelper med plaster. Litt blåsing og plaster har alltid gjort underverk. Så med tanke på hms: Pass på at dyra ikkje kan trakka på noko kvasst. "Ein skal fara vel med dyr, slik at dei ikkje kjem i fåre for å lida i utrengsmål", - står det i dyrevernlova.

Sundagshelsing frå bonden.

laurdag, september 24, 2005

Helg i september

Budeia har vore vekke nokre dagar. Det er ikkje å venta at "dei heime" skal makta både å ta fjosjobben hennar og å ajourføra bloggen. Difor så stille på den fronten.
Drusa og dei har det bra. Litt spennande å koma i floren att når ein har vore vekke. Dei kyrne som stod ved forbrettet lyfta hovudet då eg sa: God morgen! Har de da bra? Ingen svara, men det hadde dei!
Me skifta bandasjen på venstre framklauv på Gerny i dag. Såret er der enno, men ho haltar mindre. Emma har godt mot. Klauvbeinsbrotet gjer ikkje så vondt lenger ser det ut til, og mjølkemengda aukar. Paserer 20 liter no. Ho får i seg både mjøl og for , ja beite og. 20 liter imponerer nok ikkje. Ho er jo ei vaksæ kyr. Me i jerseyforeninga har lært oss å rekna med energikorrigert mjølk. Med god feittprosent og høgt proteininnhald, får me høgare tal. Og det er viktig, i alle fall gjer det godt. Etter den siste kontriollen, kom Hanna høgst med vel 29 liter innvege mjølk. Utregna etter innhald utgjorde det 50 liter enegikorrigert, utfrå ein middel på 4% feitt og 3,2 % protein. Slikt er kjekt for Jerseybønder å kunna fortelja. (Me må finna noko me er gode på, det er visst viktig for dei fleste!?!
Nydeleg haustdag i dag. Sol og stilt. Kyrne kosa seg ute og tenkte dei trong ikkje gå inn så tidleg. Det vert "tiå" vinter då me ikkje kan vera ute, tenkte dei. Roboten venta, sette på alarmen og spylte og vaska. Då kom dei inn. Om mjølkingslista er lang, ruslar dei nok ut att i kveld.
Det er ein som ikkje har det bra. Tigergutt. Kjenner du ikkje han? Han er ein koseleg kar, son til Olivia. Trygg og god. Med skipsføter og branne pels. Det var noko merkeleg med han i gårkveld då eg ville helsa på han. Noko ekkelt der i mørknå. Har du dotte ned i måttingjæ? spurde eg. Det var han ikkje sikker på, men det var ikkje bra det han hadde vore borti, sa han. Han er alt i gang å reinska opp pelsen, så han er nok snart same gode karen.
Bossi har slanka seg! I dag fekk me besøk av ei dama som ikkje hadde sett Bossi på to år. Neimen Bossi, har du slanka deg? Det var kjekt å høyra, såg me. Ho var så stolt att og følte seg så flott.

Dagens spørsmål: Kva kallar du dei klauvene som sit bak og oppføre dei klauvene kyrne går på? Forstod du spørsmålet? Viss ikkje er her eit anna.

Spørmål to: Kva var det Tigergutt hadde dotte ned i?

laurdag, september 17, 2005

Opne dører

Bortsett frå at tittelen i dag òg er namnet på ein misjonsorganisasjon får eg litt sprikjande assosiasjonar med "opne dører". Ein litt kulsen trekk som snikjer seg inn gjennom dei opne dørene til ein hjarteleg invitasjon om at her er du alltid velkomen inn. Kyr i lausdrift lever med opne dører ein del av året. For dei ser det ur til å vera ein sjanse til å koma seg ut. Og av og til ein fluktveg bort frå ein pressa situasjon. Før når dei stod opplina på bås var dei treeege å få ut når det regna og bles. Så vride var det at dei ofte fekk stå ei stund til i von om at veret skulle gje seg. No i lausdrifta med dørene opne, ruslar dei ut og står ute på plattingen med regnet silande nedover øyrer og vom. Det ser ikkje ut til å gjera noko. Dei ser ikkje ut til å mislika det. Tvert imot, hjorteballane kjem og går i ein avslappa dont. Er det så stor skilnad på det å leva under tvang og det å vera fri? Litt filosofisk, kanskje, men likevel.
Me har hatt ein del plager med klauvbeinsbrot og sår mellom klauvene. I går var det Gerny sin tur i klauvboksen for å verta oppreinska. Ho lika det lite. men med litt dop, gjekk det greitt. Antibiotika på ein dott og god bandasje rundt og pencillin i skrotten. No skal det koma seg. Emma, med klauvbeinsbrot, haltar framleis. men ho pinkar seg ut, og inn. og fram til roboten kjem ho seg òg. Banar seg veg, med eit tydelg kropsspråk. No har ho bestemt seg. Ho skal mjølkast.
Har teke inn den minste av kalvane som gjekk ute, Lindy. Ho stod mykje og hutra og fraus. No er ho glad for å vera inne med Linefina. Liselotte skal inn over helga viss det no vert regn. Koseleg å få dei hus.
Etter fullmåne i natt og ein storslegen regnboge i dag tidleg, har skyene samla seg. No dryp det tett. Me har hatt ein del regn i det siste. Men ikkje så mykje som lenger nord på Vestlandet. Tidlegare, i sommar, hadde me lite nedbør så regnet no har beint fram gjort godt. Kvigebeitet og Nubbatoppen er " fornya" og held seg godt.
Kåre vaska forromet og forvogna i går. Mykje graps. men no er det ute. I dag tok han liggjebåsane ved forbrettet.
Og så er det helg. Det kjennest godt.

Ikkje spørsmål i dag, men ei oppgåve: Me treng namn på M til kalvane neste år. Tips tre namn på M!
God helg!

torsdag, september 15, 2005

Kryss og hasar

Kvigene må inn. Dei må venjast te. For 2 år sidan fekk alle kalvane namn på J, dfor heiter kvigene i år noko på J. Jaffa skal kalva om 11 dagar. Ho har lært seg til ved forbrettet og i mjølautomaten. I roboten har ho ikkje vågt seg inn. Jelena er inne, men held på å læra seg den uvanen at ho legg seg i skraperenna. Ser me det, får ho skjenn og må opp. Men ho vil ikkje ha så mykje drøs. I dag fekk me likevel så mykje kontakt med henne at me kunne møtast ved mjølautomatyen. stilt og fredeleg. Dei må ikkje verta redde. Då har me tapt, det veit me. Gamle som me er i gamet. Men i bakhovudet veit me så vel at vil du`kje så ska du! Og jelena ville. Med Kåre i bandet gjekk dei inn begge to. Føsrt sette ho hovudet høgt til vers. Det er ikkje lurt, for då kjem det ikkje mjøl. Rett før me heldt på å gje opp ( er det ikkje ofte sånn?) der bøygde ho hovudet og det tok til å sirla mjøl ned i automaten. Me hadde klart det! No har ho fenge smaken på det.
Irene er ei kvige frå i fjor som kasta då, men me hadde lyst å ha henne. Mora, Bitten, var eineståande kjekk og god. Så Irene lever og tok kalv på nytt til slutt, med ein kjøttfe okse, så det vert vel ein dralle. Me møttest med Irene òg ved mjølautomaten. Men det gjekk ikkje. Ho fekk sikkert klaus berre med å sjå inn i det smale holet. Det måtte me gje opp. Juice kom inn i dag. Ho har berre stende i døra no i fleire dagar og ikkje vågt seg inn. Det er litt trist med Juice. Ho har ikkje teke kalv. Og no får ho visst ikkje fleire sjansar. Endå ho er dotter til Drusa. Ho åt både silo og mjøl som eg lurte til henne på forbrettet. Janicke likar silo, men mjølet som eg ville ho skulle få smaken på, det var ho skepisk til. Det likna på tjukt støv, sa ho. Så langt kom me altså i dag. Ikkje så verst. Det går seg nok til etter kvart. Og så er det så gildt! Dei er så koselege alle. Berre me drøse, kosta og let vel. Då går det mesta. Ha ein god dag. God kulukthelsing frå fjoset.( Har du kjent kor godt det luktar i pelsen på ei kyr som går ute. Mm - nydeleg!)

tysdag, september 13, 2005

Berre Drusa, ikkje dei

For dykk som ikkje har sett Drusa og ikkje kjenner henne, trur eg me kan seia det slik at ho er mellom dei som ikkje har så mykje til overs for lausdriftsfjos. Ho hadde i alle fall ikkje det. Mellom hennar meiningsfellar finn me nok fleire firføtingar som seier mø, men og ein del tobeinte, til dømes litt gråsprengde, trauste bønder med lang røynsle frå mjølkeproduksjon og ein og annan dyrlege som har sett seg lei på skit og lort over alt.
Men no var det Drusa. I fjor haust fall ho ofte i tankar om kor mykje greiare alt var i den tida då kvar kyr hadde sin eigen eteplass der dei òg hadde liggjeplass. No fór det ungkyr og kviger i vegen for henne overalt. Ikkje kom ho seg til å få tak i mjøl for der fekk ho ikkje stå i fred og framfor roboten kom alltid dei frekke og freidige og skubba seg plass. Til slutt tok Drusa ei avgjerd: Ho gjekk ikkje i kraftforautomat eller mjølkerobot utan at folket fylgde henne! Og den praksisen heldt ho på, lenge.
Ei svært traumatisk oppleving i sommar, eit ormebit under haka, heldt på å senda heila Druså til dei evige jaktmarker. Men ho overlevde, og er no i gang i gjen. Mjølkar ein liten skvett, er drektig(?), pelsen har vort meir grå og bustet og ho har endra haldning til lausdrift. Drusa ventar ikkje på tur, lenger! Ho går på! No er det min tur! seier ho. Som regel går det greitt, men ho tek ikkje opp nokon kamp. Då får det heller vera til seinare, seier ho. Drusa har det betre. Slik kan motgang føra noko godt med seg når berre ein ikkje vert bitter!
Emma slit famleis med høgre bakfoten. men ho får kraftforet i båsen medan ho ligg. I dag tidleg var det over 10 liter i henne. Det er bra. På veg opp. Ho pinkar seg bort i roboten når dei fleste kyrne har gått ut. Då tek ho den tida ho treng. I dag vaska eg juret og sette på manuelt. Tenk det var ei som hadde måtta på do akkurat når ho gjekk forbi der Emma låg. Blautt var det og. Over heile juret, spenane låg og sprikte. Typisk lausdrift!
Me har ein pasient til. Ein liten. Det er vesle Lava. Ho begynte med hjrnebarksår sist veke. Står med hovudet på skrå opp og ser rett og slett ikkje heilt "god" ut. No har ho fenge sprøyter,og i gårkveld var ho så glad etter at ho hadde drukke mjølka si at ho "hypste" seg rundt i bingen sin. -Kva er det som føregår?, spurde Kåre.

Dagens spørsmål: Kva var det som føregjekk når Lava "hypste" seg?

Dagens kyr in spe: 419 Lava. Fordi det er viktig med tydeleg kroppsspråk!

Ha ein fin dag! Helsing budeia!

laurdag, september 10, 2005

Fager brud treng lite skrud

Mange har nok venta ei stund på nytt frå fjoset på Tunheim, og ventetider er alltid lange. Det er òg kuhalane etter kvart (truleg ikkje klypte sidan sist blogg), og desse sveipar over og innom det meste for tida. Få ting er vel som eit venleg dask i andletet. La varmen frå ei som er glad i deg tenna stjerner i mørkaste natt..

Elles har sommaren gjenge sin gang med ivrig beiting og jamt over god avdrått. Kalvar kjem, og kalvar går. Særleg dei med feil kjønn gjer seg fort ferdige, og det er ikkje få stutkalvkroppar som legg ut på siste reis med altfor mykje ulevd liv liggande att i ein tom kalvagarde. Ein annan kar som har reist er Lars, som brått hamna langt nord i landet vårt - frykteleg fjernt frå flyterennene på Tunheim. 283 Drusa og dei saknar guten, men vonar at jula kan feirast i samla flokk.

For flokken er viktig for vennindene våre. Når ei vil ut og beita, vil alle ut og beita. Og når ei vil inn og mjølkast, vil alle tømma seg. Eit slikt feminint samhald er sjølvsagt fyrst og fremst ein styrke, men ulempen er at roboten vert ståande einsam i lange bolkar midt på dagen. Roboten stussar på dette fenomenet, og til slutt går alarmen: "Ingen besøk i stasjon 1 i det siste". Men kyrne kjem alltid attende og leverer varene..

Og så endeleg; dagens spørsmål. Og sidan me har venta så lenge på denne bloggen ligg det an til 2 denne gongen. Me veit at denne sida apellerar til eit relativt breidt segment, og det vil difor vera noko ulik vanskegrad på spørsmåla. Nr. 1 kan truleg svarast på av folk med fjosfagleg bakgrunn, medan nr. 2 er ei utfordring til dei meir urbane av lesarane våre.

1. Kva er normal kroppstemperatur for ei ku? (slingringsmonn: +/- 0,3'C)
2. Kva kan omgrepet "drektig" omsetjast med?

Tek imot alle gode svar. Innsendarar av rette svar vert inviterte til fjoset for ein varm dask i andletet.

Dagens ku: 296 Emma - har knekt klauvbeinet, men ikkje livsmotet. Drog foten med seg ut i sola.