onsdag, oktober 28, 2009

Inn i varmen

Inn i varmen kan vera litt misvisande. Det gjeld altså ungdyra som til denne tid, 20 i talet, har gjenge oppi Bakken og ete haustgras. Med rimeleg fint og stilt ver har dei ikkje lide naud. Men i dag vart det surare, regn og heise med vind. Me gjekk til grinda med kvar sin stokk for å skilja ut dei som skulle få koma inn i dag. Akkurat som dei var i ei risikogruppe, men det er dei ikkje. Velfødde og blanke i pelsen og utan fåre for nokon epidemisk smitte. Det var berre det at dei båsane som desse skulle stå på var ledige og klare til innflytting. Før resten kan takast i bruk er det andre beist som må flyttast på, til stadln og grisabingen. 6 tassar i stadln og 6 kyrkalvar i grisabingen. I kveld står 462 Nanna, 470 Oli, 471 Olly og 475 Olava på bås. 481, ho heiter rett og slett Obama(var fødd under det am. valet i fjor haust), pilte forbi oss og lurte seg inn ho òg. No har dei fenge silo og mjøl, men det var berre så vidt at ikkje haustgraset var vel så godt som siloen, sa dei. Og så er dei klypte og står der så blanke og fine, klar til å leggja seg i den mjuke pelsen for siste gong. I denne frisørsalongen er det ingen som kostar vekk pels etter kvart, slik dei gjer i andre salongar.
No er det så koseleg i gamle floren, fredeleg og godt, litt varmare med fleire dyr og høg trivselsfaktor der hjorten går. .....Så fekk dei altså koma inn i varmen, men pelsen for...
I morgon er det fleire som skal inn.
Eg har trudd at eg veit det meste om eksteriøret på ei ku, framme og bak, oppe og nede. Men då det er for nokre veker sidan var snakk oom å gje ein medisin ved å setja sprøyta anten i halerota eller i dogglappen, då vart eg lika vis kvar det siste er.
Tre sp.mål i dag:
1. Kvar er dogglappen på ei ku?
2. Kvifor det namnet?
3. Kva vil dei oppnå med å setja medisin der?

fredag, oktober 23, 2009

Siste nytt

Berre ei rask melding. Olivia har fenge, ikkje tre eller fem, men fira ungar. To var komne i den gamle, skitne farmorstolen og to i ei grøn fruktkassa med eit skite flanellslaken i. Alle vart "berga" inn på vaskerommet, fekk ny kassa og reint, fint flanellslaken. Og Olivia er i form, ho sleikjer og mel og står i. "Like kjekt kvar gong", seier ho. No har ho fenge litt mjølk i ei skål. To heilt gråe og to svarte, den eine med kvit bles slik som mor si og litt kvite sokkar . Kjønn er uvisst enno, men tenk ALLE ER SKIPSKATTAR! Slå den! Måtte berre få skriva dette, før me skal på kapellbasar... Ha ein fin kveld!

fredag, oktober 16, 2009

Olivia

Eg må fortelja litt om Olivia. Ho er "still going strong", og er eit positivt innslag i tunet her heime, no på det tiande året! Lenge sidan det har vore ein så gamal katt her på garden. Bortsett frå Storepus då. Han vart vel rundt 16 år, trur eg. Endå han levde meir risikofylt sidan han hadde matfatet sitt i Tjensvollskogen. I "krigen" var han og. Olivia tek nok ikkje dei store sjansane. Ser sjeldan at ho bevegar seg mot riksvegen, og det er nok det luraste. Kattane her på garden får stort sett berre kjøpemat, og då tenkjer eg at Olivia reknar som so at ho har ingenting på andre sida av riksvegen å gjera. Men lagar det seg så ho treffer på ei mus her rundt husa så let ho ikkje sjansen gå frå seg.
Men det var det eg skulle fortelja, ho Olivia ventar små i desse dagar. Eg håpa vel for hennar del at ho var ferdig for i år, men den gong ei,nei. Me har Sofus frå sommarkullet. Han overlevde med eit naudskrik. Han var uheldig og datt or ei hand og rett i golvet då han var heilt liten. Han krølla og vrei seg, men kom i gang att. No er han ein halvstor hankatt, så glatt og fin i pelsen. Han likar å drøsa og er nøgd med livet. Det er ein viktig eigenskap. Slike skulle me hatt fleire av!
Dagens nôt: Kor mange ungar trur du Olivia har hatt til denne tid?

torsdag, oktober 15, 2009

Haust igjen

Me kan seia at eg surfa litt rundt då eg tilfeldigvis kom innom Tunheim blogspot og til min stor forskrekkelse såg at siste innlegg galdt hausten 08! Det er for gale, tenkte eg. ( Ikkje heilt sant, for me har snakka om det lenge å prøva få bloggen på beina att.) Så mange trufaste, flotte bloglesarar me hadde i si tid.
For å få til eit innlegg treng me noko å kobla tankar og ord til, som ein tråd å spinna rundt, og slik er me heldige som går så mykje i lag med dyr. Dei kjem med småe og store moment heile tida. Og viss det skjer litt lite ein dag, berre pratar (jærsk:drøse) me litt med dei så får me så mykje koseleg me vil. Sauabestanden på garden har vore gjennom ei stor omvelting, slik dei alltid må om haustane. Dei som har overlevd og er sauer på garden i vinter er fylgjande: Signe( mor til Sina, Sivert og Susan), Tone, Seri(dotter til Svanhild), Sina, Tonje og Svinta, altså 6. Sina er svart og var bitte lita då ho var fødd. Det er nok grunnen til at ho og eg har fenge slikt eit godt venskap. Me hadde to andre svarte gymbralam, Susan og Tina. Dei for til Figgen og skal vera med å føra texelrasen vidare der. Sivert er kanskje den det er mest grunn til å skriva heim om! Han skal vera avlsver hjå dei innante på Hjelmeland. Tre karar kom dei for å henta Sivert. Og det var som dei stod berre og geispa sauakarane då dei såg han, før dei sette i gang å skryta! Det var ikkje ende på kor fin han var! Det var vel nesten det finaste dei hadde sett! Det einaste: Han kunne ha hatt litt meir ull fram mot kjakabeinet og øyrene! Så for han til Hjemeland, og med sine 78 kg på strømpeleisten får me vona han får mange etter seg!
I kyrabesetningen har det og vorte ein del utskiftning. Fleir gode , gamle og trufaste har måtta fare den tunge vegen og bonden leier dei på bilen med tungt hjarte! Men så kjem her nye. Kvigene er koselege dei òg. No sende me nett to av dei innover same veg som Sivert, berre at dei tok ei ferja til. Der får dei det sikkert godt. Me har beint fram planar om å ta turen ein gong me og.
Dette vart ein liten rapport. Kanskje er me komne i gang no, slik at det kjem fleire dei neste dagane? Ikkje godt å vita, men i alle fall er det gildt når me veit at nokon les det og gjev seg til kjenne med ein liten kommentar! Ha ein fin og frisk haustkveld! Helsing frå budeiea.