fredag, januar 15, 2010

Vettùr

VETTÙR, LUFT og VIND
Rett etter at klimaforhandlingane var over og etter at dei nesten hadde stranda, slo vettùren te so han ikkje hadde gjort på lengje. Snakk om at forhandlingar kan gje resultat!! No er me liksom attende til dei gode gamle dagar!
Det var no litt tull då, men vinter har me hatt og har enno, berre færre kalde grader, men med meir vind. Vinden har eg aldri likt heilt, og det har vore mykje av han her på Jæren. Me hadde besøk av nokre vossingar då me budde på Eikeland. Dei viste omsorg for meg og spurde om ikkje eg vart trøytt tao dan vinden haila tiæ? Jau, svara eg, men da bles ikkje so fælt no so før! :-)
Det er altså mykje som kan venjast! Men no har eg lært å setja pris på vinden! Kvifor? Jau, han reinskar lufta, sjølvsagt. Det har eg aldri tenkt på før. Men det vert kaldt når det blæs så fælt. Og gostene kan vera så fæle at ein kan mista pusten berre ein skal over tunet etter ved. Og kva har ein då tent på det? Ein misser vel ikkje pusten om ein går ut i bergenslufta? I alle fall ikkje sånn momentant, men litt...etter...litt..og då er det gale. Nei, det er nok best med vind. Men kanskje me kunne ha samla opp litt vind her på Jæren og sendt til Bergen. Og så sleppt Jærvinden ut nedover Torgalmenning mot Fiskebryggen, så bydamene måtte halda på hattane sine, og var det ikkje eit snev av litt hevdalukt òg som kitla i nasane? Heilt sikkert!

Dyra
har det bra, trur eg, og har klart vinteren godt. Det er nok sauene som har merka mest til han. Dei går ute, og dei dagane det var under - 15 kom dei ikkje heim ein gong. Dei fann nokre rabbar oppi Bakkaleitet der vinden hadde herja. Der kom dei nedpå bakken og fekk tak i gamle grastustar når dei grov med klauvene. Rimelegvis hadde dei det greitt der dei var, men eg hadde "ilt tao dai", tok med meg litt mjøl i ei bytta og termodressen på og la i veg. Då var dei på det høgaste på Bakkaleitet og stod der i samla tropp og såg på meg. Kva eg skulle? De må koma heim! Eg kadla på dei og ropte: Pirro, pirro, pirro! No må de kom heim å få silo. Jau, der tok Signe ansvar og kom til møtes med meg. Dei andre fylgde på. Og jammen var det godt med litt mjøl og silo, likevel! No kjem dei heim både kveld og morgon og gjev beskjed når dei er komne! Koseleg! Så må dei kløast litt, rundt halsen og på ryggen. Det gjer så godt.
I dag fekk me ei svær melding. I årsmeldinga for Time sau og geit, står det om Sivert, verlammet til Signe som er reist til Hjelmeland. Han skal premierast for beste kjøtkåringsver. Dommaren vert sitert og skal ha sagt: Dette er suverent beste kjøtver eg har kåra nokon gong!
Og det var store ord. Likevel vil eg påstå at det er ikkje kjøtfylde eg tenkjer på når eg kjenner at eg likar så godt sauer. Det er lukta, ulla, mulen, øyrna, ja heile deira vesen og utsjånad! Men, eg må nok innrømma at det var litt stas òg, at Sivert er så fin!
God helg!