måndag, februar 04, 2008

Det skal ikkje vera lett

Hei igjen.
Nå er det bonden som er på nett.
Eit lite framhald omkring det med frie fettsyrer i mjølk.
Onsdag i siste veka kom ein kar frå TINE. Saman skulle me ta ut ein masse mjølkeprøvar for å prøva å finna ut kor fettkulene i mjølka vert knuste slik at fettsyrene kan verta frie i mjølka.
Eg har trudd at mjølkeroboten var syndaren. Det var feil. Det er altså ikkje alt som er så heilt enkelt å forstå. -Dei to viktigaste faktorane, så langt me har funne ut til nå, er kort mjølkingsintervall og fõret. Problemet vart akutt i haust då kraftforleverandøren forandra på innhaldet i kraftforet. På grunn av problem med å få tak i mais, vart mengden raps tredobbla. Det ga seg store utslag hjå mange. Det er ikkje berre me på Tunheim som slit. Det er mange. Aldri har dei på meieriet nokon gong hatt så mange produsentar som ligg heilt på grensen til kravet for elitemjølk. Kanskje har fjorårssommaren med mykje regn og nedsett kvalitet på siloforet også noko å bety. Forekspertar er kopla inn for å løysa problemet.

Elles går livet sin gang. 878 Trine kalva sist veke. I dag kalva ei kvige, 426 Linnros. Eg veit ikkje riktig kvifor ho heiter Linnros. Det finnst ikkje roser på henne i det heile. Men ho er den siste som har L som første bokstav i namnet. Så alle andre namn på L var vel oppbrukt. Ho var altså fødd i desember 2005. Neste kvige til kalving er 427 Marlén. Terminen hennar er i dag. Marlén var fødd på nyåret 2007, då bonden og budeia var på Filippinene. Der vart me kjent med ei dama som var gift med ein normann. Ho heiter Marlén.

428 Miss kalv i sist blogg, trur eg. I alle fall så er ho ei snill og fin ung ku. Riktig eit prakteksemplar m.h.t. oppførsel. Ho likar når me er i fjoset. Fylgjer med kor me er, og dersom me stoppar opp ein plass, er det ikkje lenge før ho står attmed oss. Det er koseleg. Ytelsen er godt over 20 liter til dagen alt nå, så tidleg etter kalving. Så det er ikkje noko å klaga på. Bestemor til Miss heitte 210 Svinta. Svinta mjølka ikkje så mykje, men ho var i særklasse når det gjeld innhald i mjølka. Svinta var ei ku i sin beste alder då me kom til Tunheim i 1995. Namnet hennar fortalde litt om korleis ho var. Liten og kvikk. 319 Frøken, mor til 428 Miss, er den einaste kua me har etter Svinta. Derfor er det spesielt gildt å få eit slikt gildt dyr (som Miss) som etterkomar etter Svinta.

Takk for praten for denne gong!

Helsing bonden.

fredag, februar 01, 2008

Rotta og kattar

Me har rotter i fjoset. At her har vore småkryp som har rusla rundt i ulike rom når me ikkje er der, det har me hatt mistanke om. Litt lort har me sett, og to av kattane har sete på "post" på skrivehylla i strørommet. Spesielt Skogakattpuso og Bøgvald har vore trufaste på vakt. Me har trudd det var mus. Eg har aldri vore redd mus, syns tvertimot at det er noko fint med dei, men kanskje eg hadde hylt no viss det kom ei pilande mellom føtene. Det er slikt som kan koma med alderen. I alle fall unner eg kattane den middagen.
I gårkveld starta eg på ein oppreinskingsprosess i fjoset. Vindaugo på nord (jærsk presisering av "kor hen") var tilnærma svarte og med så mykje nedbør som me har hatt, har gjødselkummen nok å ta seg av, om han ikkje skulle få kaskadar frå høgtrykkspylaren òg. Så eg tok på hanskar, slo grønsåpa og salmiakk i bytta og fylte på vatn, og med ei god tvåga, stålskrubb og nal skreid eg til verket.
Kyrne tykte dette var eeineståande gildt. Dei flokka seg rundt meg og nasa på alt, til og med nede bytta. Ikkje trur eg det var fordi dei likar å ha det reint, men heller fordi dei er sosiale vesen. Brått var det som det rykte i flokken og kyrne skvatt til sides. Og der langs med flyterenna kom ei ROTTA! luskande. Fy og uff, tenkte eg. Så er det altså rotter her på garden. Eg trudde helst det var eit teikn på dårleg gardsstell og slarveskap. Og i mitt stille sinn tenkte eg at hadde eg hatt ei skrapa her så hadde eg .. ja. du fårstår sikkert kva eg tenkte. Men rotta pilte ned i enden av skraperenna. Eg vaska og vaska og skifte vatn og det vart så flott. Kyrne vart vist vane med at eg var der, så dei gjekk og rusla og somme la seg. Då skrapo (den automatiske)kom, stod eg klar me mi skrapa for å få den turre lorten ned i holet. Men nedi der sat det nok ei, for plutseleg kom rotto opp! Eg vart heilt forfjamsa, og sa berre oppatt og oppatt: Eg klarer ikje drepa deg! Endå eg stod med skrapo i handa. Men eg la skrapo mi oppå henne så då rotto gjekk vidare var ho i alle fall fortumla. Eg sprang etter Olivia. Ho låg og kvilte med familien rundt seg i farmorstolen, og med ein formektaleg stor mage var ho lite interressert i rottejakt. Eg sleppte henne ned rett bak rotto, men Olivia berre sprang vekk. I farten klarde ho klora meg skikkeleg. Rotto såg sitt snitt til å berga livet og smatt ned mellom ristene. Eg for ut att for å leita etter Skogskattpuso, og møtte henne på veg inn. Ho forstod opplegget med ein gong og sette seg på vakt ved ristene, og der sat ho i dag tidleg og. Rottesteiken trur eg ikkje ho har fenge, men det hadde eg verkeleg unt henne!
No har bonden stappa rottegift ned i eit hol og me har lagt ei plate over. Så får me sjå. Det var ei skakande oppleving for budeia, som de forstår. Rotta slapp med skrekken, men glasrutene på nord er så reine og fine, og dagsljoset strøymer inn. Det ser noko ikkje rotta der ho sit, men det ser eg. Og snart vaskar eg nok fleire glas.
Ha ein god dag!

Treng gode råd om rottejakt. Kva ville du ha gjort?
Eller kanskje du vil dela liknande erfaringar?