torsdag, april 24, 2008

Tjo og hei

Det er alltid gildt å opna dørene og få ut kyrne fyrste gongen om våren, løysa, som me sa før. Med lausdrift har me ikkje behov for å løysa nokon, berre opp med dørene og la det stå til. Det gjorde me i gårkveld og det gjekk godt. Ingen snubla og skrubba seg på knea og ingen var halte då dei kom inn. Men det var veldig stilt i fjost då me kom ut halv sju i dagtidleg. Om ikkje alle sov, var det tydeleg godt å kvila. Me opna altså dørene litt utpå kvelden. Fyrst måtte dei eta litt silo.
Det er igrunnen litt merkeleg når dei går lause heile året at det då skal vera så eineståande å få springa ut gjennom ei opa dør?. Veit du kva eg trur? Det er som for deg og meg: NATUREN! Det å få vera ute i frisk luft og vandra rundt i ulendt tereng, høyra fuglane syngja og kjenna vinden ruska i pelsen. Me er skapte til det både folk og dyr!
Då kyrne skulle ut, hadde eg stengt sauene inne på kalvabeitet ved kummen. Då dette springande fylgjet kom, trekte dei seg heilt ned i vestre kråna med lamma tett rundt seg. Dette må vera Åsgårdsreia, tenkte dei, då flokken kom eksande så støvskya stod. Sauene var stille og tydeleg prega lenge, stod berre og stirde på.
Det var ikkje mange av kyrne som hadde behov for å prøva krefter, men nokre var det. Det kan jo henda dei tenkte at om eg ikkje er sterkast inne så kan eg vera sterkare ute! Det har litt med omgivelsane og spenntak og sånt å gjera, kanskje. Men det var som sagt lite behov.
Frida er tungt drektig og den eldste av kyrne no. Kanskje det vert feil å seia at ho sprang. Det likna meir på ei feminin jogging. Men var tydeleg glad for å vera ute og ein ting hadde ho lyst til: Ho strena rett opp i Moldbakken, sette kruno i torva og gauv laus så molda fauk, føtene brukte ho og. Svart og lurvete i hovudet, rette ho seg opp då fornøyelsen var over. I morgon er ho dagalaus.
Trine stod i roboten og vart mjølka då dørene gjekk opp. Tenk så fortvila! Å sjå alle dei andre fara på dør og så vera fullstendig innesperra. Men skal sei ho kom! Ho sprang som ein travhest, strak og flott i ryggen og strekte godt ut, stoppa litt for å sjå om dette verkeleg var sant og så full fart på neste etappe!
I dag var alle klar for ut når berre dei kom seg opp. Siloen freista lite, me måtte på med to bytter byggrøyp. Nei, gras er best!
Så var det sauene. Litlesven får flaska no i tillegg til spenen til mora. Eg tømde og vaska ei flaska med hostesaft, ei koseleg brun ei. Den tek 1 dl og er nok i meste laget. Han fekk vel 2 slike i går og i dag var magen framleis stor. Kanskje han hadde soge mora i natt, det veit eg ikkje. Han ser ynkjeleg ut, men mora er utruleg snill. Når ho ser at han ikke klarer fylgja, går ho tilbake til han, og ho drøser heile tida. Då tenkjer eg at det er sikkert koseleg og trygt å høyra at mor er der.
Bolleguten Baltasar er ein flott kar. Mora er i grunnen ikkje det og ikkje særleg grei heller, men no har ho beint fram kome seg. Bolleguten kjem til meg for eg skal hjelpa han med å få tak i dei store spenane. Når eg held han, kjem Bolla og. Ho må mjølkast, ein halv liter i ny og ne er ikkje problem så viss det er nokon som har tru på sauamjølk, (det kan jo vera at det kan hjelpa for nok!), må de ta kontakt så skal me setja litt i frysen!
Som de forstår er våren i full gang, og det som plar henda om våren, det hender. Olivia går stor og svær og har problem med å koma seg inn holet til gamla brunnhuset. I staden for at ho smett inn, går heile døra opp med Olivia i holet. Ho er oftare på utedøra vår no og skrapar med dei store labbane. Og ofte får ko koma inn. Det er greiaste for oss at ho kjetlar inne, då har me kontrollen og ungane vert vane med folk.
Ha ein fin dag! Helsing budeia!

måndag, april 21, 2008

LitleSven

Heile sist veke gjekk eg og venta på at dei to siste sauene skulle lemba. Men det varde og rakk, og dei vart berre drygare og drygare. Spesielt Bolla. Såvidt ho kom seg ut døra. Så, i går bar det til for både henne og Svanhild. Før eg fortel meir om dei, må det forteljast at Tulla lembde sist laurdag. Ho hadde ordna alt sjølv om natta då me kom ut. Ho fekk Tone og Truls, har godt med mjølk og er glad i begge, altså er ho det me kan kalla ein god sau med ei "stright" lembing. Men ho er vel og den einaste av sauene våre me kan seia det om.
Eg tykte at både Bolla og Svanhild var litt løygne om laurdagskvelden. Dei ville ikkje inn. Det er ofte dei vil gøyma seg vekk når dei skal lemba. Då det ikkje hadde vorte noko om natta og Svanhild ikkje ville ha mjøl sundagsmorgon, fekk eg Knut til å kjenna i dei. Hjå Bolla var det ikkje opning, men med ein gong han kjende på Svanhild, sette ho i med rier, og rett innføre låg LitleSven, på tvers. Så vidt dei fekk liv i han. Med sine 1.6 kg er han noko av det minste me har sett av lam, men så ferdig skapt og fin. Etter han var det å få tak i StoreSven, og ut med han, med heile 3 kg, og så til slutt, fekk Knut tak i Seri og ut med henne og, ho er 2.5 kg. Svanhild kom seg på føtene med ein gong og var så glad (trur eg!) og fornøgd og sleikte og humra heile tida.
LitleSven var skral og kald. Me fann varmepæra, men eg ser at dei ligg heller attmed mor enn under ei varmepæra, var ikkje den fin?! Eg har drive på med han, gjeve mjølk med skei når han ikkje ville suga. I tillegg har me mjølka Bolla og gjeve LitleSven med sprøyta. Den saug han av, det gjekk utruleg. No er han på banen saman med dei andre, finn spenen og får i seg litt. Kjekt viss det går. Minste føre når mora er så snill, no får me vona det varer. Det var mor til Svanhild, Synnøve som aldri vile ha meir enn eitt. Godt at ikkje det arvast.
Så var det Bolla. Me hadde kontroll med henne med kikkart, og då eg var oppe og såg om henne etter at eg hadde sjodna i gårkveld, såg eg at vassblåsa var komen. Eg gjekk heim og fekk Kåre med meg. Me fekk ta henne, ho er eigentleg helst litt skyr. Eg heldt sauen og Kåre begynte å dra i fosteret, men det var stort og opningen trong. Me fekk lagt Bollo ned, men nei. Kåre heim etter kjetting og då kom storegubben ut. Baltasar heiter han, men sidan han er son til Bolla, kan han heita Bolleguten Baltasar. Der var eit lam til. Eit saulam, men det var vanskapt, med veldig underbet og pukkel på ryggen. Hjarta slo, men det kom aldri i gang med å pusta. Hadde mykje slim i seg og var kanskje ikkje levedykig. Bolleguten, stor og flott, ( han skal på vekta, han og)kom seg på beina, men mora vil ikkje sleppa han til på spenane, endå ho har spenar som ei kvige. No fer han opp når han høyrer eg kjem og han veit han får hjelp. Trur nok det vil gå seg til etter kvart.
Jau, det er interessant å vera bonde, og det skal ikkje mange sauene til før ein har det interessant!

Spørsmål: På Voss seier me at ein sau kan vera skyr (det er negativt). Kva heiter det motsette?

tysdag, april 08, 2008

Våren er her

Ein treng ikkje meir enn å stikka nasen utom døra for å oppdaga at det luktar umisskjennelg vår. Jæren vert i desse dagar bokstaveleg tala sausa inn. Eigentleg luktar det ikkje godt, men når me forbind det med sol og ljosare dagar så har me lært oss til å seia at det luktar godt. "Sausen" er restane etter det foret me køyrde inn i fjor og det vert no køyrt ut igjen for å gje mykje for til å køyra inn denne sommaren. Slik går det sin gang, rundt og rundt.
Lam høyrer og våren til. Her hjå oss er det eg som har det previlegiet å sjodna sauene. I år begynte det veldig trist. Då me endeleg fekk klypt sauene, fredag før palmehelga, (me venta på opphaldsver for ulla må vera turr når ho skal i sekkjer, )viste det seg at Tilla var forferdeleg vid og ho lukta aceton. Det var ikkje bra. Ho fekk alt godt ho berre ville ha, men ho ville ha mindre og mindre. Det einaste ho likte var grønt gras og helst løvetann, så eg for og grov i snøen for å finna litt til henne. Kåre kom med druesukker og energibalanse. Men det gjekk ikkje likevel. Ein kveld låg ho daud. 4 lam hadde ho inni seg, 3 kvite og 1 svart, men alt for. Trist.
Nokre dagar etter lembde Signe. Ho fekk 3, eitt av dei var daudt, no går ho med eitt svart gymbralamb og eitt kvitt veralamb. Dei heiter Svartapetra og Kviteper og har det veldig godt. No hoppar dei rundt på stive bein og leikestangast.
Tulla står for tur til å lebma, no til helga. Svanhild og Bolla kjem nokre dagar etter. Bolla er enorm, sterk og sprek, men sukkar og styn når ho ligg.
Kyrne ventar på å få koma ut. I alle fall ventar budeia på det og tida nærmar seg. No er møka ute og veret turt og fint og graset veks. Då er det helst velstand.
Ha ein fin vårkveld der du er!

tysdag, april 01, 2008

Så var det heile over!

På grunn av at TINE nyleg har bestemt å avslutta betaling for feitt og protein ser me oss nødde til å gå over på ein annan rase. Me kan ikkje fortsetja å bruka så mykje ressursar på feitt og proteinproduksjon. Kva slag rase me skal gå over til er enno ikkje bestemt, men antakeleg vert det holstein. Me kunne ikkje halda ut å måtte bruke NRF sidan det er geno som har pressa igjennom denne endringa hjå TINE.