måndag, oktober 31, 2005

Drusa får leva

No er det bestemt. Me kan ikkje slakta Drusa no når det berre er 4 mnd att til ho skal kalva. Nei, no får ho berre leva. Ho produserer rundt 9 liter mjølk til dagen. Legg på seg litt og held pelsen ganske bustete. Hovudet til Drusa er ikkje særleg fint. Slikt er ikkje fint å seia om andre, men sidan Drusa ikkje kan lesa og aldri får vita dette, har ho ikkje vondt av det. Haka (håko) til Drusa er framleis stor. Kåre trur at det er ein svodlabolle der, men meiner at alle har det best med at me ikkje rører han. Og Drusa har det godt. Ho tenkjer ikkje på svodl eller herråda. Ho ligg mykje og kviler og hjortar. Og når dei fleste andre går til forbrettet og et silo, ligg ho litt til før ho ris opp og ruslar i forautomaten og deretter i roboten. Viss ho er heldig så er der ledig då. Etterpå går ho til forbrettet.
Veren er eit kapittel for seg. No er han komen til gards. Eg hadde sagt det til sauene før i dag, men dei vart veldig forskrekka likevel då han kom. Bakpå traktortilhengaren i fanget til Torstein. Jau, dei vart forstyrra. Han var åleiden, det tykte alle unntatt Synnøve. No går dei oppi Bakken og leskar seg på gras. 6 kvite dottar.
Elles er det vårlege tilstandar i hagen. Eg renska fleire bed (for ugras) i dag etter eg hadde teke opp skaugumknollane. Kaprifolane måtte berre klyppast ned og dragast vekk, på bålet. Dei hadde stormen rive ned og knekt. Bossi og Nuskitusk var med. Nuskitusk ville sitja oppi buskene når eg drog dei vekk, men det vart for skræmande. Ho flykta.
Ingvil kom heim med ein del gode, norrøne ordtak frå Tryggheim. Me hadde dei som programpost sist måndag då me feira onkel Yngve sin 70 årsdag. Og så gamle (og norrøne) som me er, klarde me omsetja alle til brukande norsk. Dagens ordtak: Ilt er at fljuga fjadarlauss.

Spørsmålet vert då: Kva tyder dagens ordtak?
Viss du har svar på det får du eitt til.
Sárt bitr soltin lús. (à vert lese ao)

3 Comments:

At 03 november, 2005 22:20, Blogger Drusa og dei said...

EIT Ordtak kan visa til ein spesiell situasjon, men dei har òg ei allmenngyldig tyding, slik er det berre. Her er to til( har 32 stk): "Ofnær nefi", kvad karl, var skotinn i auga. og "Dat eru eigi alt klerkar sem hafa sida kàpu. "

 
At 04 november, 2005 09:04, Blogger Drusa og dei said...

Me har fått så god tid hjå Drusa og dei. Dette takka vera roboten. Utenkjeleg å vera utan han nå. Han kostar, både for å få han, og for at han skal gå. Men det gir eit anna liv.
Av denne grunn får me og tid til å filosofera litt. Har lyst å kommentera "luseordtøket" og svaret til KnutO. Det er då ikkje godt når lusa bit, trur eg. Det må nå vera vondt. Då kan du vel ikkje bruka ordet best. Anten må det vera verst, eller mest. Om du då ikkje skal skriva om heile setninga.
Ventar eit syrleg svar på "this comment".
Helsing bonden.

 
At 04 november, 2005 14:40, Anonymous Anonym said...

Om eg kan få koma med ein komentar på siste komentar?

OK.

Trur det kjennest godt ut for ei svolte lus å bita. Eg veit iallefall at eg kan tykkja det er grysla grett. Eg såg forresten NORDLYS i gårkveld. Grett det òg.

 

Legg inn en kommentar

<< Home